Birgitte Grimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgitte Grimstad
Fødd15. desember 1935
FødestadKøbenhavn
OpphavNoreg
Aktiv1966–
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist
FarAksel Schiøtz
Gift medPer Øystein Grimstad
PrisarSpellemannprisen i visesang

Birgitte Grimstad' (fødd 15. desember 1935) er ein dansk-norsk visesongar fødd i København.

Grimstad er dotter av den danske songaren Aksel Schiøtz. Ho hat teaterutdanning frå USA, og har budd i Oslo sidan 1959. Ho jobba mange år i NRK, blant anna med barne-TV. Ho har ei omfattande konsertkarriere i Noreg og Danmark, men òg elles i Europa og USA. Saman med Åse Kleveland, Lars Klevstrand og Lillebjørn Nilsen var ho med i visegruppa Ballade!, som hadde eit repertoar som omfatta både mellomalderballadar, folkeviser, protestviser og kyrjemusikk.

I dei siste åra har ho arbeidd med teater og musikk både på Den Norske Opera, Det Norske Teatret, Seniorteateret, og med eigne soloførestillingar i friteateret Lille Vindharpe og med eventyra til H.C. Andersen.

Birgitte Grimstad har òg arbeidd som stemmepedagog.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1968 Viser er så meget
  • 1969 Barne-LP
  • 1969 Ballads etcetera
  • 1972 Viser i vinden
  • 1973 Ej blot til børn
  • 1977 Ord over grind
  • 1978 En Dobbel Deylighet. Songar av Petter Dass, saman med Erik Bye
  • 1978 Ballade! På turne. Live opptak fra Sandvika kino
  • 1978 Ballade!
  • 1980 Ballade! Ekstranummer.
  • 1982 Pas på de vilde fugle
  • 1991 After a Visit in the Greenhouse of Dreams
  • 1996 51 Beste 1966–1994
  • Love is a Flow
  • Wondering and calling

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 Fra Birgitte Grimstads repertoar. Norsk Musikforlag. 24 sider
  • 1972 Menneskeviser. Gyldendal. 112 sider