Hopp til innhald

Drygalskibreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drygalskibreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 64°43′S 60°44′W / 64.717°S 60.733°W / -64.717; -60.733
Lengd 113 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Drygalskibreen
64°43′00″S 60°44′00″W / 64.7166667°S 60.7333333°W / -64.7166667; -60.7333333
Drygalskibreen is located in Antarktis
Drygalskibreen (Antarktis)

Drygalskibreen er ein brei isbre i Antarktis som er 113 km lang. Breen flyt søraust frå Herbert Plateau til eit punkt like nord for Sentinel NunatakNordenskjöld Coast, austkysten av Graham Land i Antarktis. Han vart oppdaga i 1902 av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld og namngjeven «Drygalski Bay» etter professor Erich von Drygalski. Det vart seinare slått fast at det var ein isbre av Falkland Islands Dependencies Survey i 1947.[1]

  1. «Drygalski Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Drygalskibreen» (innhald frå Geographic Names Information System).