La golondrina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Du sollst nicht weinen)
Gå til: navigering, søk
She Wears My Ring
Song av Jimmy Sweeney
Innspelt 1960
Selskap REO Records
Låtskrivar(ar) Felice Bryant, Boudleaux Bryant, Narciso Serradel Sevilla

La golondrina (spansk for 'Svala') er ein song skriven i 1862 av den meksikanske legen Narciso Serradell Sevilla (1843-1910), som på den tida var i eksil i Frankrike. Den spanske teksten bruket biletet om ei svale i fugletrekk på lengselen til heimlandet. Det vart signaturlåten for meksikanarar i eksil. Songen vart spelt inn første gongen i 1906[1] av Señor Francisco.[2][3] Ein gitarinstrumental vart spelt inn av Chet Atkins i 1955. Songen er òg blitt spelt inn av Caterina Valente (1959), Nat King Cole (1962), Plácido Domingo (1984), Flaco Jiménez (1992, instrumental) og Caetano Veloso (1994).[4]

Felice & Boudleaux Bryant skreiv ein engelsk tekst dei kalla, «She Wears My Ring», som først vart spelt inn av Jimmy Sweeney (òg kjend som Jimmy Bell) i 1960 og andre kjende versjonar vart gjort av Roy Orbison (1962), Ray Price og Solomon King (begge 1968) og Elvis Presley (1973).[5]

Songen vert mykje nytta i filmen The Wild Bunch frå 1969, regissert av Sam Peckinpah med musikk av Jerry Fielding.

Songen vart spelt in av den då 13 år gamle Heintje og gjekk til topps på den tyske singellista i august 1968 med tittelen «Du sollst nicht weinen». I juni 1970 spelte den då ni år gamle Anita Hegerland inn songen[6] på svensk som «Mitt sommarlov» og denne toppa Svensktoppen i sju veker[7] og VG-lista i tre veker.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]