Nat King Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nat King Cole
The Nat King Cole Show premiere 1956.JPG
Verkeleg namn Nathaniel Adams Coles
Fødd 17. mars 1919
Montgomery i Alabama i USA
Død

15. februar 1965 (45 år)
Santa Monica i California i USA

Instrument Piano, gitar
Stemmetype Bariton[1]
Sjanger Vokal jazz, swing, traditional pop, jump blues, vokal
Yrke Songar-låtskrivar, pianist

Nat «King» Cole (fødd Nathaniel Adams Coles17. mars 191915. februar 1965) var ein amerikansk songar, pianist og skodespelar. Han byrja karrieren sin som jazzpianist, men var mest kjent som songar. Nat King Cole høyrer til dei mestseljande artistane i populærmusikken, og vert rekna i same klasse som Frank Sinatra og Bing Crosby.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Cole voks opp i Chicago i staten Illinois. Foreldra var aktive baptistar. Faren var predikant. Mora var organist, og var den som gav Cole sine første musikalske inntrykk. Ho lærte han å spela piano og gjorde sonen fortruleg med alt frå jazz og gospel til europeisk klassisk musikk. Cole var berre fire år då han første gong opptredde for ei forsamling.

Familien budde i ein del av Chicago som på 1920-talet var kjent for det livlege nattelivet sitt med mange jazzklubbar. Cole sneik seg ut om kveldane og fekk oppleva store jazzartistar, mellom dei Louis Armstrong. Inspirert av pianisten Fatha Hines byrja Cole å opptre i jazzklubbar i tenåra. Saman med broren Eddie danna han eit band og spelte inn den første plata si i 1936. Det var på denne tida han tok kunstnarnamnet «Nat King Cole».

Etter å ha gifta seg med ein dansar, flytta Cole i slutten av 1930-åra til Los Angeles og danna jazzbandet «Nat King Cole Trio», som opptredde ein del i radio. Det endelege gjennombrotet kom i 1940 med plata Sweet Lorraine. I 1943 fekk trioen kontrakt med plateselskapet Capitol Records. Cole kom til å vera knytt til selskapet resten av livet. Kombinasjonen av godt låtmateriale frå dei leiande slagerkomponistane i samtid, framståande musikalske arrangement og den distinkte songstilen til Cole førte til ei lang rekkje slagersongar som selde i milliontal. Det blir sagt at fortenesta på Cole sine platesal meir enn finansierte bygginga av den enorme Capitol Records Building i Hollywood. I underhaldningsbransjen sa ein at denne bygningen var «The House that Nat Built».

I takt med den stigande suksessen blei Cole stadig oftare marknadsført som soloartist, medan den opphavlege rolla hans som jazzbandpianist kom meir i bakgrunnen. Cole var den første afro-amerikanaren som fekk sitt eige radioprogram. På slutten av 1950-talet fekk han òg eit eige TV-show. Cole opptredde også i ei rekkje kortfilmar og hadde roller i spelefilmar som Saint Louis Blues og Cat Ballou. I 1948 flytta han inn i eit storslått hus i det fasjonable Los Angeles-strøket Hancock Park. Han gifta seg på nytt og fekk 5 born. Cole var storrøykar og døydde av lungekreft berre 45 år gammal.

Songaren Natalie Cole er dotter hans. Ho hadde stor suksess med ei innspeling frå 1991 der ho song duett med faren sin, som då var død for lenge sidan, på storslageren hans «Unforgettable».

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Nat King Cole og Oscar Moore i New York i 1946

Både på scena og på plater viste Cole seg alltid som ein høgst profesjonell songar og musikar. Den musikalske timinga og fraseringa hans var perfekt og tolkingane var alltid prega av innleving. På scena framstod han med betydeleg karisma. Nat King Cole var innom fleire musikalske stilarter i karrieren sin. Han skreiv lite musikk sjølv, men opparbeidde seg i staden eit ry som jazzvirtuos og vokalfortolker av andre sitt materiale. Eit teikn på at rangen hans stadig er ubestridt er det faktum at svært få av songane ein knytter han til seinare er sunge inn av andre artistar. Den rådande oppfatninga er at dei ikkje kan gjerast betre.

Nat King Cole var i utgangspunktet jazzpianist. Han sjenerte seg lenge for å synga. Med Nat King Cole Trio, som han var musikalsk leiar for, skapte han ein tradisjon med å setja saman piano, gitar og bass i ein periode då jazzen helst vart framført av storband. Instrumentasjonen til Cole og det særmerkte pianospelet hans fekk seinare stor stilistisk innverknad på andre musikarar. Han spelte saman med storleikar som Art Tatum, Oscar Peterson og Ray Charles, seinare òg Lester Young og George Shearing.

Det var likevel Cole sine vokale prestasjonar som gjorde han til superstjerne. Han begeistra publikum med sin sjelfulle stemme, perfekte frasering og rytmiske timing. Mot slutten av 1940-åra gjekk han i retning meir pop-influert materiale som var berekna på ein breiare marknad. I nært samarbeid med den dugelege arrangøren og dirigenten Nelson Riddle blei framføringane hans stadig oftare akkompagnert av strykeorkester, medan hans eige pianospel hamna meir i bakgrunnen. Med songar som «The Christmas Song» (1946), «Mona Lisa» (1950) og «Unforgettable» (1951) var grunnen lagt for Cole som crooner. Kritiske røstar meinte at han med dette forlét dei musikalske røtene sine. Men Cole vende med jamne mellomrom alltid tilbake til det musikalske utgangspunktet sitt. På konsertane hans var som oftast eit og anna jazznummer med der Cole spelte piano. Høyrer ein nøye etter vil ein på mange av dei mest mainstream-prega sviskesongane finna spor av jazz og blues i Cole sine måte å synga på.

I 1953 kom den første LPen til Cole; Nat King Cole Sings For Two In Love. I åra som følgde var Cole innom fleire stilar, mellom anna med eit par latino-inspirerte album og det rocke-influerte Send for me. I 1962 kom den country/pop-prega «Ramblin’ Rose». Det var likevel som balladesongar i klasse med Bing Crosby og Frank Sinatra at han heldt fram med å briljera og selja mest plater. Det siste albumet hans L.O.V.E nådde fjerdeplassen på Billboard våren 1965.

På midten av 1980-talet utvikla det seg ei fornya interesse for musikken til Cole. I 1986 fekk «Mona Lisa» ein renessanse då han vart brukt som tittelmelodi i ein film med same namn og med Bob Hoskins i hovudrolla. I 1987 nådde Cole si 30 år gamle innspeling av «When I Fall In Love» førsteplass på salslistene i Storbritannia. Sommaren 1991 kom ein digitalmiksa versjon av «Unforgettable» der Cole song duett med dottera Natalie Cole. Singelen gjekk til topps i ei rekkje land og selde i nesten 15 millionar eksemplar.

Nat King Cole har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame.

Kjende songar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • «Mona Lisa»
  • «Unforgettable»
  • «When I Fall In Love»
  • «Stardust»
  • «The Christmas Song (Chestnuts Roasting On An Open Fire)»
  • «Sweet Lorraine»
  • «Ramblin’ Rose»
  • «Too Young»
  • «Let There Be Love»
  • «It's Only A Paper Moon»
  • «Let's Fall In Love«
  • «Those Lazy, Hazy, Crazy Days Of Summar»
  • «Around the World»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bear Family Records: Nat King Cole». Bear-family.de. 2009-03-17. http://www.bear-family.de/index.php?shp=1&cl=tcnews&item=fpd49b669e89a3a89.93339017&changelang=1. Henta 2010-03-04. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]