Flaco Jiménez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flaco Jiménez
Flaco always Rocko! (7992652467).jpg
Fødd11. mars 1939 (81 år)
FødestadSan Antonio i Texas i USA
FødenamnLeonardo Jiménez
OpphavUSA
AktivSidan 1946
SjangerConjunto, norteño, tejano, country, rock
InstrumentTrekkspel, bajo sexto, vokal
Tilknytte artistarTexas Tornadoes, The Mavericks, The Rolling Stones, Los Super Seven, Sir Douglas Quintet, Dwight Yoakam, Ry Cooder, Bob Dylan, Willie Nelson, Carlos Santana, Los Texmaniacs
PlateselskapRounder
Verka somMusikar
PrisarBillboard Latin Music Lifetime Achievement Award, Americana Lifetime Achievement Award for Instrumentalist

Leonardo «Flaco» Jiménez (fødd 11. mars 1939)[1] er ein USA-amerikansk trekkspelspelar og songar frå San Antonio i Texas, innan musikkstilane norteño, Tex Mex og tejano-musikk.[2][3]

Jiménez byrja å spele sju år saman saman med faren Santiago Jiménez sr., som var ein pioner innan conjunto-musikk, og byrja å spele inn musikk femten år gammal som medlem av Los Caminantes. I 1960-åra byrja han å arbeide med Doug Sahm. Flaco reiste så til New York City og arbeidde med Dr. John, David Lindley, Peter Rowan, Ry Cooder og Bob Dylan. Han spelte med Cooder på albumet Chicken Skin Music og med Rolling StonesVoodoo Lounge.

Jiménez vann Grammyprisen i 1986 for Ay Te Dejo en San Antonio, ein av faren sin songar. Han var òg medlem av Tejano-fusion-gruppa Texas Tornados,[4] med Augie Meyers, Doug Sahm og Freddy Fender. The Texas Tornados vann ein Grammypris i 1990, og Jiménez vann sin eigen i 1996 for albumet Flaco Jiménez i kategorien beste meksikansk-amerikanske innspeling. I 199 fekk han enno ein Grammypris for beste tejano-innspeling for Said and Done (gjeve ut av Barbed Wire Records) og ein for beste meksikansk-amerikanske innspeling som ein del av supergruppa Los Super Seven.

Broren Santiago Jiménez jr., er òg ein dugande trekkspelspelar og har spelt inn mykje musikk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Flaco Jiménez og Max Baca i 2013.

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering Album
US Latin
1992 «Me Está Matando» 38 Partners

Gjestesinglar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Artist Plassering Album
US Country CAN Country
1996 «All You Ever Do Is Bring Me Down» The Mavericks 13 15 Music for All Occasions

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flaco Jiménez