Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roy Orbison
1965 Roy Orbison.jpg
Orbison i 1965
Verkeleg namn Roy Kelton Orbison
Alias The Big O
Fødd 23. april 1936(1936-04-23)
Vernon i Texas i USA
Død

6. desember 1988 (52 år)
Hendersonville i Tennessee i USA

Instrument

vokal, gitar, munnspel

Sjanger Rock and roll, rock, rockabilly, country, pop
Aktive år 1953–1988
Yrke Songar-låtskrivar
Tilknytte artistar Traveling Wilburys, Teen Kings, The Wink Westerners, Class of '55
Plateselskap Sun, RCA, Monument, MGM, London, Mercury/PolyGram, Asylum, Virgin
Nettstad http://www.royorbison.com
Kjende instrument

Roy Kelton Orbison (23. april 19366. desember 1988), òg kjend under kallenamnet The Big O, var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, mest kjend for solbrillene, den særeigne, mektige røysta, komplekse songar og mørke, kjenslerike balladar. Orbison voks opp i Texas og byrja å syngje i rockabilly/country and western-band på skulen, før han fekk kontrakt med Sun Records i Memphis. Den største suksessen hans fekk han med Monument Records mellom 1960 og 1964, då 22 av songane hans gjekk inn på topp 40 i Billboard, inkludert «Only the Lonely», «Crying» og «Oh, Pretty Woman». Karrieren hans stagnerte i 1970-åra, men vart vekt til live att då fleire av songane hans vart spelte inn på ny av andre artistar, i tillegg at songen «In Dreams» vart nytta av David Lynch i filmen Blue Velvet (1986).

I 1988 vart han med i supergruppa Traveling Wilburys med George Harrison, Bob Dylan, Tom Petty og Jeff Lynne og han gav ut eit nytt soloalbum. Han døydde av hjarteinfarkt i desember det året, på topp i den nye popularitetsbølgja han fekk oppleve på tampen av livet. Livet hans var prega av tragediar, inkludert dødsfalla til den første kona hans og dei to eldste sønene i forskjellige ulukker.

Røysta til Orbison låg i området mellom baryton og tenor, og musikkforskarar meiner han hadde ei rekkjevidd på tre eller fire oktavar.[1] Kombinasjonen av den mektige, lidenskaplege stemma til Orbison, dei komplekse musikalske arrangementa gjorde at mange musikkjournalistar kalla musikken hans opera-aktig og gav han tilnamnet «the Caruso of Rock».[2][a 1] Både Elvis Presley, Tom Petty og Bob Dylan har sagt at stemma hans var den flottaste og mest særeigne dei hadde høyrt.[3] Dei fleste mannlege rock and roll-artistane i 1950- og 1960-åra hadde ein utfordrande maskulinitet, medan mange songane til Orbison synte ein roleg og desperat sårbarheit. Han var kjend for å stå heilt i ro og aleine når han heldt konsertar og for å gå med svarte klede og mørke solbriller, noko som gav han ein aura av mystikk.

Orbison vart med i den andre gruppa som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1987, og talen hans vart halde av Bruce Springsteen. Same året vart han innlemma i Nashville Songwriters Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame to år seinare. Rolling Stone plasserte Orbison på 37. plassen på lista si over dei største artistane gjennom tiden, og 13. plassen på lista deira over dei 100 beste songarane.[4] I 2002 plasserte magasinet Billboard Orbison på 74. plassen på lista si over dei 600 beste plateartistane.[5] I 2014 vart Orbison innlemma i America's Pop Music Hall of Fame.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Wilbarger County Courthouse i Vernon i Texas.
Frå Wink i Texas.

Roy Kelton Orbison vart fødd i Vernon i Texas, som den mellomste sonen til Orbie Lee Orbison (1913–1984), ein oljearbeidar og bilmekanikar, og sjukepleiaren Nadine Shultz (1914–1992). Begge foreldra til Orbison var arbeidslause under den store depresjonen. I leitinga etter arbeid flytta familien til Fort Worth i barndommen hans. Han gjekk på Denver Avenue Elementary School fram til frykten for polio fekk dei til å reise attende til Vernon. Seinare flytta familien til Wink i Texas. Orbison skildra seinare viktige delar av livet hans i Wink som «fotball, oljefelt, olje, smurning og sand»[6] og i seinare år fortalte han at han var letta over å kunne dra frå staden.[a 2][7]

Alle borna til Orbison-familien hadde dårleg syn, og Roy fekk briller i tidleg alder. Orbison var ikkje særleg sjølvsikker med utsjånaden sin og byrja å farge det neste kvite håret sitt svart då han var ung.[8] Han var stille og sjølvutslettande, særs høfleg og imøtekomande og var i følgje biografen Alan Clayson eit produkt av oppveksten i Sørstatane.[9] Orbison nølte likevel ikkje med å syngje når han fekk sjansen til det, og ofte fekk han mykje merksemd når han song. Han rekna sjølv stemma si som minneverdig.[6]

På seksårsdagen hans gav faren til Orbison han ein gitar. Orbison sa seinare at då han var sju «var eg ferdig med alt anna»; musikk skulle bli livet hans.[10] Den store inspirasjonskjelda til Orbison i barndommen var country. Han likte særleg godt måten Lefty Frizzell song på, med slurvete stavingar.[11] Han likte òg Hank Williams og Jimmie Rodgers. Ein av dei første musikarane han høyrte live var Ernest Tubb som spelte frå lasteplanet på ei planvogn i Fort Worth. I vestlege Texas vart han eksponert for mange typar musikk: «sepia»—ein eufemisme for det som vart kjend som rhythm and blues (R&B); tex-mex; orkestral mantovani og zydeco. Zydeco-favoritten «Jole Blon» var ein av dei første songane Orbison song offentleg. Åtte år gammal byrja Orbison å spele for eit lokalt radioprogram. Frå seint i 1940-åra var han programleiar på programmet.[12]

På vidaregåande skule danna Orbison og somme av venene hans The Wink Westerners, eit uformelt band som spelte kjende countrysongar og Glenn Miller-songar på lokale honky-tonk-barar, og hadde eit radioprogram på KERB i Kermit ein gong i veka.[13] Då dei fekk tilbod om $400 for å spele på ein dans, forstod Orbison at han kunne leve av musikken. Etter han var ferdig med Wink High School, kom han inn på North Texas State College i Denton, og planla å studere geologi, slik at han vart sikra arbeid på oljefelta om han ikkje slo gjennom som musikar.[14] Han danna eit nytt band kalla The Teen Kings og song kvar kveld, medan han arbeidde på oljefelta eller studerte på dagtid. Orbison såg at klassekameraten Pat Boone fekk platekontrakt, og dette gjorde han meir bestemt på å bli profesjonell musikar sjølv. Karakterane hans i geologistudiet vart stadig dårlegare og han byta til Odessa Junior College for å bli lærar.

Medan han budde i Odessa, køyrde Orbison til Dallas der han vart sjokkert over å sjå sceneframferda til Elvis Presley, som berre var eitt år eldre han sjølv og ei stigande stjerne i musikkmiljøet.[15] Johnny Cash turnerte i området i 1955 og spelte på det samle lokale radioprogrammet som the Teen Kings og foreslo for Orbison at han skulle ta ein prat med Sam Phillips ved Sun Records, som rockabillystjernene Elvis Presley, Carl Perkins, Jerry Lee Lewis og Cash spelte for. Orbison møtte Phillips og under praten sa han kort og konsist «Johnny Cash driv ikkje plateselskapet mitt!»[a 3] men han vart overtydd om å lytte til ein song skriven av Dick Penner og Wade Moore i eit studenthus i North Texas State kalla «Ooby Dooby», som the Teen Kings hadde spelt inn for plateselskapet Je–Wel i Odessa.[6] Phillips vart imponert og tilbaud the Teen Kings ein kontrakt i 1956.

1957–59: Sun Records og Acuff-Rose[endre | endre wikiteksten]

The Teen Kings drog til Memphis og sjølv om Orbison no var lei «Ooby Dooby», ønskte Phillips at dei spelte inn plata igjen i eit betre studio. Det gnagde i det stille på Orbison att Phillips dikterte kva bandet skulle spele og korleis Orbison skulle syngje han.[16] Men med produksjonen til Phillips nådde plata Billboard Hot 100 med ein 59. plass og selde 200 000 eksemplar.[6] The Teen Kings turnerte med Sonny James, Johnny Horton og Cash. Inspirert av Elvis Presley framførte Orbison songane på frenetisk vis og «me gjorde alt me kunne for å få applaus, fordi me berre hadde ein hitsong».[17] The Teen Kings byrja òg å skrive eigne songar, som «Go! Go! Go!» og «Rockhouse», som generelt var i standard rockabillystil. Bandet vart etter kvart oppløyst på grunn av krangling om kven som hadde skrive kva og honorara, men Orbison vart verande i Memphis og bad den då 16 år gamle kjærasten Claudette Frady, å bli med han.[a 4] Dei budde heime hos Phillips, der dei sov på separate soverom. I studio konsentrerte Orbison seg om innspelingsmekanikkane. Sam Phillips hugsar at han var meir imponert over gitarspelinga til Orbison enn stemma hans.[18] Ein ballade Orbison skreiv kalla «The Clown» fekk ei heller lunken mottaking. Sun Records-produsenten Jack Clement sa til Orbison etter å ha høyrt songen, at han aldri kom til å bli ein balladesongar.[19]

Han opplevde ein smule suksess ved Sun Records og hamna i den indre venekrinsen til Elvis Presley, og henta ein gong ein date for Presley i den rosa Cadillac-en hans. Orbison selde «Claudette», ein song han skreiv om Frady, som han gifta seg med i 1957, til The Everly Brothers og denne kom ut på B-sida til den store hitten deira, «All I Have to Do Is Dream». Det første, og kanskje einaste honoraret Orbison fekk frå Sun Records gjorde at han kunne betale ned lånet på sin eigen Cadillac. Han var likevel frustrert hos Sun, og Orbison slutta gradvis å spele inn musikk, og turnerte rundt i Texas for å tene pengar. I ein sju månader lang periode i 1958 spelte han ikkje noko i det heile tatt.[20] Bilen hans vart teken tilbake og i stor pengenaud var han avhengig av familien og vener for å overleve.[21]

I ein kort periode seint i 1950-åra arbeidde Orbison ved Acuff-Rose, eit låtskrivarfirma som hovudsakleg konsentrerte seg om countrymusikk. Etter å ha arbeidd ein heil dag med å skrive ein song, lagde han fleire demolydband, som han så sendte til Wesley Rose. Rose prøvde å finne artistar som kunne spele dei inn. Orbison prøvde òg å selje songar han hadde spelt inn, men som var skrivne av andre, til RCA Victor og han fekk særs stor respekt for Chet Atkins, som hadde spelt gitar med Presley. Orbison prøvde seg på ein song skriven av Boudleaux Bryant kalla «Seems to Me». Inntrykket til Bryant av Orbison var «ein forknytt, sjenert gut som verka forvirra av heile musikkindustrien. Eg hugsar måten han song på då - forsiktig, fint, men nesten blygt, som om han plaga nokon med synginga si og at dei kom til å kjefte på han.»[22]

Orbison spelte konsertar til seint på natt og budde med kona si og eit ungt barn i ein liten leilegheit, og han tok ofte med seg gitaren i bilen sin og skreiv songar der. Låtskrivaren Joe Melson, som kjende Orbison, banka på bilvindauget hans ein dag i Texas i 1958 og dei to fann ut at dei skulle skrive nokre songar i lag.[23] Under tre innspelingsøkter i 1958 og 1959, spelte Orbison og Melson inn sju songar hos RCA Nashville, med Atkins som produsent, men berre to av songane vart rekna som god nok til at RCA gav dei ut.[24] Wesley Rose sette Orbison i kontakt med produsenten Fred Foster ved Monument Records.

1960–64: Gjennombrot og Monument Records[endre | endre wikiteksten]

Orbison vart ein av dei første plateartistane som populariserte «Nashville sound», ein musikktrend som blanda country og pop spelt inn med studiomusikarane som fekk namnet the A-Team: gitaristane Grady Martin, Harold Bradley, Ray Edenton og Bob Moore; pianistane Floyd Cramer or Hargus «Pig» Robbins; trommeslagaren Buddy Harman; og korvokal av The Jordanaires eller Anita Kerr Singers. The Nashville Sound vart utvikla av produsentane Atkins, Owen Bradley—som arbeidde tett med Patsy Cline—Sam Phillips og Fred Foster.[25][26] I den første innspelinga for Monument i Nashville, tok Orbison ein song som RCA hadde avvist, «Paper Boy», med B-sida «With The Bug», men ingen av desse selde særleg bra.[27]

I følgje musikaren og forfattaren Albin Zak gav kombinasjonen av lydteknikaren Bill Porter, som eksperimenterte med tett plasserte mikrofonar for doo-wop-koristane, produsenten Foster og dei akkompagnerande musikarane, musikken til Orbison ein «polert, profesjonell lyd ... som omsider let dei stilfulle ideane til Orbison få fritt spelerom».[24] I tillegg til kjerneelementa i Nashville Sound, bad Orbison om å få strykarar i studio. Med denne kombinasjonen spelte Orbison inn tre nye songar, og den mest kjende av desse var «Uptown», skriven av han og Melson.[28] Melson vart imponert over resultat og sa seinare: «Me stod i studio, lytta til opptaket og tenkte at det var den vakraste lyden i verda».[6][29] The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll skriv at musikken Orbison laga i Nashville «gav rocken ein ny glans», og samanlikna dei melodramatiske effektane orkesterakkompagnementet gav med produksjonen til Phil Spector.[30]

«Uptown» nådde 72. plassen på Billboard Top 100 og Orbison tok mål av seg om å forhandle ein kontrakt med ein finare nattklubb ein eller annan stad. Den første suksessen hans kom medan karrierane til mange i den første generasjonen rock and roll-artistar hadde stagnert eller spora av. Elvis Presley var i hæren. Eddie Cochran og Buddy Holly — som Orbison begge hadde turnert med - var døde, noko som gjekk hardt inn på Orbison.Little Richard hadde gått inn i religionen og Chuck Berry sat i fengsel. Den tidlegare kollegaen til Orbison på Sun Records, Jerry Lee Lewis, var i unåde då han gifta seg med den 13 år gamle kusina si. Etter desse var det popmusikk som fylte radiobølgjene, dominert av tenåringsidol som song polerte songar om the twist-dansen og «tragediesongar» som «Teen Angel» og «Endless Sleep».[31]

Songar for stemma[endre | endre wikiteksten]

Orbison og Melson var inspirert av hittar som «Come Back to Me (My Love)» og «Come Softly to Me» og skreiv ein song tidleg i 1960-åra som nytta element frå «Uptown» ved hjelp av stykarar og doo-wop-koristane Anita Kerr Singers.[32] Orbison song òg ein tone i falsett, som synte den mektige røysta hans, og som i følgje biografen Clayson, «ikkje kom frå halsen, men frå djupare inn.»[33] Songen var «Only the Lonely». Orbison og Melson hadde tidlegare prøvd å få Elvis Presley og the Everly Brothers til å spele denne songen, men vart avvist.[34] I staden for spelte dei inn songen i studioet til RCA i Nashville med Porter og prøvde ein heilt ny strategi. Dei bygde miksen frå toppen og ned, i staden for frå botnen og opp, og byrja med korvokal i nære mikrofonar i framgrunnen og enda med rytmeseksjonen forsiktig i bakgrunnen.[28][35] Denne kombinasjonen vart varemerket til Orbison.[32] Singelen skaut opp til andreplassen på Billboard Hot 100 og heilt til topps i Storbritannia og Australia. I følgje Orbison vart dei neste songane han skreiv med Melson i denne perioden laga med tanke på stemma hans, særleg for å syne rekkjevidda og krafta. Han sa i Rolling Stone i 1988: «Eg likte lyden av røysta mi. Eg likte å få ho til å syngje, å få stemma til å ringe, og eg berre fortsette med det. Og eg trur at ein stad mellom «Ooby Dooby» og «Only the Lonely», vart ho til ei god røyst.»[36]

Orbison vart brått særs etterspurt. Han spelte på American Bandstand og turnerte tre månadar utan stopp i USA med Patsy Cline. Då Presley høyrde «Only the Lonely» første gongen kjøpte han ein heil kasse med plater for å gje til venene sine.[37] Melson og Orbison følgde opp med den meir komplekse «Blue Angel» som nådde niandeplassen i USA og 11. plassen i Storbritannia. «I'm Hurtin'» med «I Can't Stop Loving You» som B-side, nådde 27. plassen i USA, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[38]

Orbison kunne no flytte med kona si og sonen til Nashville på fulltid. Attende i studio prøvde Orbison noko anna enn doo-wop-stilen frå «Only the Lonely» og «I'm Hurtin'», og arbeidde på ein ny song, «Running Scared», laust basert på rytmen i Ravel sin Boléro. Songen handla om ein mann på utkikk etter ekskjærasten til kjærasten sin, som han frykta ville ta ho frå han. Orbison hadde vanskar med å treffe den høgaste tonen i songen utan at stemma hans brast. Han var akkompagnert av eit orkester i studio og Porter bad han syngje kraftigare enn akkompagnementet, fordi orkesteret ikkje kunne spele svakare enn stemma hans.[39] Fred Foster plasserte Orbison i eit hjørne av studio og sette opp fleire klesknaggar kring han som eit improvisert isolasjonskammer, for å legge vekt på røysta hans. Orbison mislikte dei to første opptaka, men på det tredje gjekk han bort frå ideen om å syngje tonen i falsett, og song i staden den siste høge A-tonen naturleg, noko som forbløffa alle som var til stades så mykje at musikarane stoppa å spele.[30] På det tredje opptaket var «Running Scared» ferdig. Fred Foster sa seinare «Han klarte det, og alle såg forbausa på kvarandre. Ingen hadde høyrt noko liknande før.»[6]

Utvikling av imaget[endre | endre wikiteksten]

Berre veker etter nådde «Running Scared» toppen av Billboard Hot 100-lista og niandeplassen i Storbritannia. Komposisjonen til dei neste songane til Orbison reflekterte «Running Scared»: ei soge om ein kjenslemessig, sårbar mann som møter tap eller sorg, før det heile endar overraskande i eit crescendo som utnytta den dynamiske røysta til Orbison. «Crying» følgde i juli 1961 og nådde andreplassen. Han vart gjeven ut i lag med ein livleg R&B-song kalla «Candy Man», skriven av Fred Neil og Beverley Ross, som nådde Billboard topp 30, og låg inne på lista i to månader.[38] På ein turné i Australia i 1962, kalla ein australsk radio-DJ han for «The Big O», delvis på grunn av dei store avslutningane på dei dramatiske balladane hans og kallenamnet vart hengande ved han sidan den gongen. Den andre sonen til Orbison vart fødd i 1962, og Orbison nådde så fjerdeplassen i USA og andreplassen i Storbritannia med «Dream Baby (How Long Must I Dream?)», ein livleg song skriven av country-låtskrivaren Cindy Walker. Produsenten til Orbison danna seinare The Candymen, ein kvintett som fungerte som akkompagnement for Orbison 1965-1970, i tillegg til at dei gav ut nokre singlar og to album på eiga hand. Resten av året gjekk han inn på listene med «The Crowd», «Leah» og «Workin' For the Man», som han skreiv om sommarjobben han hadde hatt på oljefelta nær Wink.[5][40] Forholdet hans til Joe Melson vart derimot verre, då Melson var uroa over at hans eigen solokarriere ikkje såg ut til å gå nokon stad.[41]

Orbison i 1965.

Sidan han mangla den fotogene utsjånaden som mange av rock and roll-kollegaene hans på denne tida hadde, utvikla Orbison etter kvart ein person som ikkje reflekterte personlegdomen hans. Han hadde ikkje noko publisist tidleg i 1960-åra, var ikkje i musikkmagasin, og på singlane hans var det ikkje bilete av han på omslaget. Life kalla han ein «anonym kjendis».[42] Etter at han hadde gløymd dei tjukke brillene sine på eit fly i 1962 eller 1963, vart Orbison tvinga til å ha på seg Wayfarer-solbrillene sine med styrke på scenen, og fann ut at han føretrekte desse. Biografane hans fortel at han hadde god sans for humor og at han aldri var sur, men Orbison var særs sjenert og leid av alvorleg sceneskrekk. Når han hadde solbriller på seg tok det vekk noko av merksemda. Heilt fram til i dag har solbrillene ført til at somme har trudd han var blind.[43][44] Dei svarte kleda og desperasjonen i tekstane hans førte til ein aura av mystikk og introversjon.[6][45][46] Mange år seinare sa Orbison: «Eg prøvde ikkje å vere rar, veit du. Eg hadde ikkje ein manager som fortalte meg korleis eg skulle kle meg eller presentere meg sjølv eller noko slikt. Men imaget eg utvikla av ein mystisk og roleg mann i svart som var litt som ein einebuar, var noko eg aldri i røynda var.»[47]

Den mørke og grublande personen, kombinert med den dirrande stemma i elskovssjuke balladar retta mot tenåringar, var med på å styre popmarknaden tidleg i 1960-åra. Han hadde ei rekkje hittar i 1963 med «In Dreams» (7. plass i USA/6. plass i Storbritannia), «Falling» (22. plass i USA/9. plass i Storbritannia), «Mean Woman Blues» (5. plass i USA/3. plass i Storbritannia) i lag med «Blue Bayou» (29. plass i USA/3. plass i Storbritannia).[5][48] Han avslutta året med ein julesong skriven av Willie Nelson kalla «Pretty Paper» (15. plass i USA i 1963/6. plass i Storbritannia i 1964).

Då «In Dreams» kom ut i april 1963, vart Orbison beden om å erstatte gitaristen Duane Eddy på ein turné i Storbritannia, i lag med the Beatles, som då var i ferd med å verte populære. Då han kom til Storbritannia fekk han sjå at nesten all marknadsføringa var for Beatles, og at han ikkje lenger var hovudattraksjonen. Han hadde då aldri høyrt om dei og spurte hypotetisk og fornærma «Kva er no eigentleg ein Beatle?». John Lennon skal då ha tappa han på skuldra og svart «eg er».[49] Den første kvelden valte Orbison å gå på scenen først, sjølv om han då var ein meir kjend artist. Han var kjend for å ha imponerande show med særs mykje energi, og Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr stod forbløffa bak scenen då Orbison stod heilt i ro og enkelt song seg gjennom fjorten ekstranummer.[50] Til slutt, då publikum byrja å rope «We want Roy!» nok ein gong, måtte Lennon og McCartney fysisk halde Orbison attende for at han ikkje skulle gå ut på scenen igjen.[51] Starr sa seinare «I Glasgow var me alle bak scenen og lytta til den enorme applausen han fekk. Han berre stod der, rørte seg ikkje eller noko som helst.»[50] Utover i turneen vart artistane vener, noko som gjekk ganske lett då Beatles var stor fan av musikken hans.[52] Orbison følte eit band til Lennon, men det var med Harrison han seinare skulle få eit sterkt venskap.

Suksessen held fram[endre | endre wikiteksten]

Orbison på motorsykkel i 1965.

Turneringa i 1963 gjekk utover det personlege livet til Orbison. Kona Cluadette hadde eit sidesprang med byggherren som bygde heimen deira i Hendersonville i Tennessee. Venene og slektningane deira meinte det var fordi ho var så ung og ikkje klarte å vere aleine og keie seg. Då Orbison turnerte Storbritannia igjen hausten 1963 vart ho derfor med han.[53] Han var enormt populær uansett kvar han drog, og enda turneen i Irland og Canada. Kort tid etter turnerte han Australia og New Zealand med the Beach Boys og drog så attende til Storbritannia og Irland, der han vart så omringa av tenåringsjenter at det irske politiet måtte stoppe konserten hans for å dra jentene bort frå han.[54] Hen heldt fram turneen, og vitja Australia igjen, denne gongen med the Rolling Stones.[55]

Orbison byrja òg å samarbeide med Bill Dees, som han hadde kjend i Texas. Med Dees skreiv han «It's Over», som nådde toppen av singellista i Storbritannia. Songen vart ein av signaturlåtane hans for resten av karrieren. Då Claudette kom inn på rommet der Dees og Orbison skreiv songar for å sei at ho skulle ein tur til Nashville, spurte Orbison om ho hadde pengar. Dees svarte «Pretty woman never needs any money» (Vakre kvinner treng ikkje pengar).[56] Førti minuttar seinare var «Oh, Pretty Woman» ferdig. Det var eit riffbasert meisterstykke med eit leikent knurr han hadde frå ein Bob Hope-film. Dette var noko Orbison pleidde å sei når han bomma på ein tone («Mercy!»), og dei sårbare og maskuline sidene tredde fram. Songen nådde toppen av singellista i USA hausten 1964 og låg på lista i 14 veker. Han nådde òg toppen av den britiske singellista og låg 18 veker inne på lista. Singelen selde over sju millionar eksemplar.[6] Orbison hadde størst suksess i Storbritannia og som magasinet Billboard skreiv «I løpet av 68 veker, frå 8. august 1963, var Roy Orbison den einaste amerikanske artisten som fekk ein singel på toppen av den britiske singellista. Han gjorde det to gonger, med 'It's Over' den 25. juni 1964 og 'Oh, Pretty Woman' den 8. oktober 1964. Sistnemnde gjekk òg til topps i Amerika, og gjorde Orbison ugjennomtrengeleg til dominansen dei britiske artistane hadde på begge sider av Atlanteren.»[57]

1965–69: Karrieren går nedover og personlege tragediar[endre | endre wikiteksten]

Orbison i 1967.

«Oh, Pretty Woman» viste seg å bli høgdepunktet i karrieren til Orbison i 1960-åra. Etter denne kom ut skjedde det mykje uro i livet hans. Han og Claudette skilde seg i november 1964 då ho stadig var utru, men dei gifta seg att i august 1965. Wesley Rose, som fungerte som agenten til Orbison, flytta han frå Monument Records til Metro-Goldwyn-Mayer (MGM; men i Storbritannia vart han verande på Decca sitt London Records[58]) for ein million dollar og tanken om at han skulle inn i film og fjernsyn, slik Elvis Presley hadde gjort. Orbison var ein filmentusiast og når han ikkje turnerte, skreiv eller spelte inn musikk, såg han opp til tre filmar om dagen.[59] Rose vart òg produsenten til Orbison. Fred Foster har seinare hevda at det var då Rose tok over ansvaret for karrieren til Orbison at det byrja å gå nedover karrieremessig. Lydteknikaren Bill Porter meinte at Orbison berre kunne yte sitt beste med the A Team i Nashville.[27] Den første samlinga til Orbison på MGM, eit album kalla There Is Only One Roy Orbison, selde færre enn 200 000 eksemplar.[6] Den britiske bølgja skjedde òg samstudes, og endra rocken for alltid.[60]

Då han var på turné att i Storbritannia i 1965, braut Orbison foten sin då han fall av ein motorsykkel føre tusenvis av hylande fans på ein racerbane og spelte konserten den kvelden i gips. Han kom saman att med Claudette då ho kom for å vitje han medan han venta på å bli frisk att etter ulukka.[61] Orbison var fascinert av maskinar. Han var kjend for å kunne følgje etter bilar han likte og tilby sjåføren å kjøpe bilen der og då.[62] Han kunne gjort museum ut av samlinga si seint i 1960-åra. Han og Claudette likte begge motorsyklar. Ho hadde vakse opp rundt dei, men Orbison hevda det var Elvis Presley som hadde introdusert han for motorsyklar.[63] Ein av dei største tragediane i livet hans skjdde 6. juni 1966 då Orbison og Claudette køyrde heim frå Bristol i Tennessee. Ho vart råka av ein semi-trailer og døydde momentant.[64]

I stor sorg kasta Orbison seg attende i arbeid og samarbeidde med Bill Dees om å skrive musikk for The Fastest Guitar Alive, ein film som MGM hadde planlagt at han skulle vere stjerna i. Han vart først planlagt som ein dramatisk Western-film, men omskriven som ein komedie.[65] Rollefiguren til Orbison var ein spion som stal og måtte verna og levere eit depot med gull til Konføderasjonsarmeen under den amerikanske borgarkrigen og vart utrusta med ein gitar som kunne gjerast om til eit gevær. Dette gjorde at han kunne sei «I could kill you with this and play your funeral march at the same time» (Eg kunne drepe deg med denne og spelt sørgemarsjen din samstundes).[6] Orbison var nøgd med filmen, men filmen fekk dårleg kritikk og selde dårleg. MGM hadde fem filmar til i kontrakten hans, men det vart ikkje laga fleire.[66][67]

Han spelte inn eit album med songar av Don Gibson og eit anna med Hank Williams-songar, men begge selde dårleg. Etter kvart som psykedelisk rock tok over seint i 1960-åra følte Orbison seg bortkomen, og sa seinare «Eg høyrte ikkje mykje eg kunne forholde meg til, så eg stod der som eit tre der vinden bles og årstidene endrar seg, og du står framleis der og du blømer på ny.»[68] Han heldt fram å turnere og hadde tidlegare gjort nokre smarte eigedomsinvesteringar, så han hamna aldri i pengetrøbbel igjen. Under ein turné i Midlands i England den 16. september 1968, fekk han melding heime frå om at heimen hans i Hendersonville i Tennessee hadde brend ned og at dei to eldste sønene hans hadde omkomme i branne.[69] Eigedomen vart seld til Johnny Cash, som planta ein hage der. Den 25. mars 1969 gifta Orbison seg med den tyske tenåringen Barbara Jakobs, som han hadde møtt fleire dagar før sønene døydde.[70] Den yngste sonen hans med Claudette (Wesley, f. 1965) voks opp hos foreldra til Orbison. Orbison og Barbara fekk ein son (Roy Kelton) i 1970 og ein annan (Alexander) i 1974.[71]

1970- og 1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Orbison spelte inn musikk i 1970-åra, men albuma hans selde så dårleg han byrja å tvile på seg sjølv som musikar.[72] Forfattaren Peter Lehman skreiv seinare at fråværet hans i denne tida var ein del av mystikken kring personen hans: «Sidan det aldri var klårt kvar han hadde kome frå, verka det som ingen brydde seg mykje om kvar han hadde blitt av. Han var berre borte.»[73] Påverknaden hans var likevel tydeleg. Fleire artistar gav ut versjonar av songane hans, som vart populære. Orbison sin versjon av «Love Hurts», ein song skriven av Felice og Boudleaux Bryant og først spelt inn av the Everly Brothers, vart spelt inn på ny av Gram Parsons og Emmylou Harris, og igjen av heavy metal-bandet Nazareth. Sonny James sende «Only the Lonely» til topps på countrylista i USA.[74] Bruce Springsteen enda konsertane sine med Orbison-songar og Glen Campbell fekk ein mindre hit med ein ny versjon av «Dream Baby». Eit samlealbum med dei største hittane til Orbison nådde førsteplassen av albumlista i Storbritannia i 1977. Same året byrja han som oppvarmingsartist for Eagles, som hadde starta som bandet til Linda Ronstadt. Ronstadt hadde sjølv spelt «Blue Bayou» i 1977, og versjonen hennar nådde tredjeplassen på Billboard-lista og låg inne på lista i 24 veker. Orbison har hevda at det var denne versjonen som gjorde at folk hugsa på han att.[75]

Seint i 1977 følte Orbison seg uvel og valte å ta ferie på Hawaii for å kvile seg. Medan han var der vart han lagt inn på sjukehus og testar synte at han hadde tre tette blodårer. Den 18. januar 1978 gjekk Orbison gjennom ein trippel aortokoronar bypass-operasjon. Han hadde hatt magesår så tidleg som i 1960, og hadde røykt heile livet.[76] Sjølv om han kjende seg frisk att etter operasjonen, heldt han fram å røyke, og vekta hans gjekk opp og ned resten av livet hans. Då Orbison kjende seg sterk nok til å spele igjen, tok Scott Mathews han med seg i platestudio og produserte ein versjon av «Oh, Pretty Woman» for ein reklamekampanje for Tone Soap, ei kvinnesåpe. Dette vart ein kjærkomen inntekt for Orbison, sidan Mathews sørgde for at selskapet betalte mykje for å få lov til å bruke songen.[77]

I 1980 spelte Don McLean inn «Crying» og nådde femteplassen med songen i USA. Singelen låg inne på lista i 15 veker. Songen låg tre veker på toppen av den britiske singellista.[78] Sjølv om han var nesten heilt gløymd i USA, tok Orbison ein sjanse og la ut på turné i Bulgaria. Han var særs overraska over at han framleis var populær der han sist hadde vore i 1964. Han vart nøydd til å halde seg på hotellrommet sitt fordi han ikkje fekk gå i fred på gata i Sofia.[79] Seinare det året fekk han og Emmylou Harris ein Grammy-pris for duetten deira «That Lovin' You Feelin' Again» (frå komedien Roadie, der Orbison hadde ei lita rolle som seg sjølv). Det var den første musikkrprisen han vann, og han følte meir enn nokon gong at det var på tide å kome attende for fullt til musikken.[80] Det skulle likevel ta nokre år før dette skjedde.

Van Halen gav ut ein hardrockversjon av «Oh, Pretty Woman» (kalla «(Oh) Pretty Woman») i 1982 på albumet Diver Down, og eksponerte igjen Orbison for eit yngre publikum.

Nytt karriereoppsving[endre | endre wikiteksten]

Orbison opptrer i New York i 1987

Orbison kom attende for fullt i 1987. Han gav ut eit album med nyinnspelingar av hittane sine kalla In Dreams: The Greatest Hits. Ein song han spelte inn heitte «Life Fades Away», skriven av Glenn Danzig, og var med i filmen Less Than Zero.[81] Han og k.d. lang framførte ein duett av «Crying» og gav denne ut på filmmusikkalbumet til Hiding Out. For denne vann dei ein Grammy for beste countrysamarbeid med vokal.[82]

Men Orbison nekta å la musikken sin bli brukt i filmen Blue Velvet. Regissøren David Lynch spurte om å få bruke «In Dreams» og Orbison avslo.[83] Lynch brukte songen likevel. Songen tener som ein av fleire tvangstankar den psykopatiske rollekarakteren Frank Booth (spelt av Dennis Hopper) har. Han vart mima til av ein kvinneaktig dopdealer spelt av Dean Stockwell, før Booth krev at songen skal spelast om att og om att, og bankar ein gang opp hovudpersonen i filmen medan songen speler. Under filminga spelte Lynch songen om att og om att for å gje settet ein surrealistisk atmosfære.[84] Orbison var først sjokkert over at songen hadde blitt brukt. Han såg filmen i Malibu og sa seinare «Eg kjende meg krenka fordi dei snakka om 'candy colored clown' i forhold til ein dophandel ... eg tenkte 'kva i all verda ...?' Men seinare, då eg var på turné, fekk me videoen ut og eg forstod verkeleg kva David gav songen, og kva songen gav filmen-korleis han fekk denne utanomjordlege kvaliteten som tilførte eit heilt ny dimensjon til 'In Dreams'.»[6]

Same året vart Orbison innlemma i Nashville Songwriters Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame av Bruce Springsteen, som avslutta talen sin med ein referanse til sin eigen song, «Thunder Road»: «Eg ønskte ein song med tekst som Bob Dylan som høyrtes ut som Phil Spector—men, mest av alt, ønskte eg å syngje som Roy Orbison. No veit alle at det er ingen som syng som Roy Orbison.»[85] Eit par månader seinare møttes Orbison og Springsteen igjen for ein konsert som vart filma i Cocoanut Grove Ballroom i Los Angeles. Med seg hadde dei Jackson Browne, T Bone Burnett, Elvis Costello, Tom Waits, Bonnie Raitt, Jennifer Warnes, James Burton, J.D. Souther[86] og k.d. lang. Lang fortalte seinare kor audmjuk Orbison hadde vore for at så mange flinke og travle musikarar hadde møtt opp for han: «Roy såg på oss alle og sa, 'Om det er noko eg nokon gong kan gjere for dykk, så ver snill og ring meg.' Han var heilt seriøs. Det var hans måte å takke oss på. Det var særs emosjonelt.»[87] Konserten vart filma i eit opptak og sendt på Cinemax som Roy Orbison and Friends: A Black and White Night. Han vart gjeven ut på video av Virgin Records, og selde 50 000 eksemplar.[88]

Traveling Wilburys og Mystery Girl[endre | endre wikiteksten]

I 1987 hadde Orbison byrja å samarbeide med frontmannen i Electric Light Orchestra, Jeff Lynne, på eit nytt album. Samstundes var Lynne i ferd med å produsere ferdig George Harrison-albumet Cloud Nine, og alle tre hadde lunsj ein dag då Orbison gjekk med på å syngje på ein song av Harrison. Dei kontakta Bob Dylan, som let dei få bruke platestudioet heime hos han. På veg dit måtte Harrison stoppe heime hos Tom Petty for å hente ein gitar. Petty og bandet hans hadde spelt for Dylan på den siste turneen hans.[89] I løpet av kvelden hadde gruppa alt skrive «Handle with Care», som førte til ideen om å spele inn eit heilt album i lag. Dei kalla seg sjølv Traveling Wilburys, og representerte seg sjølv som halvbrør med same far. Dei gav seg sjølv scenenamn og Orbison valte eit frå ein av heltane sine, «Lefty Wilbury» etter Lefty Frizzell.[90]

Lynne snakka seinare om desse innspelingane: «Alle berre sat der og sa 'Wow, det er Roy Orbison!'... Sjølv om han vart ein kompis og me var i lag, lo og åt middag i lag, så snart han kom bak mikrofonen og byrja å syngje, reiste håret i nakken seg.»[91] Orbison fekk eit solospor på albumet, «Not Alone Anymore». Bidrag hans vart hylla i musikkpressa. Traveling Wilburys Vol. 1 låg 53 veker på den amerikanske albumlista og nådde tredjeplassen. Han nådde toppen av albumlista i Australia og 16. plass i Storbritannia. Plata fekk Grammy-prisen for beste rockeplate av ein duo eller ei gruppe. [82] Rolling Stone hadde albumet med på lista si over dei 100 beste albuma det tiåret.[92]

Orbison vart igjen særs etterspurt for konsertar og intervju, og var særs begeistra over dette. Han byrja å skrive songar og samarbeidde med mange musikarar frå fortida og nye fans for å lage eit soloalbum kalla Mystery Girl.

Mystery Girl var produsert av Jeff Lynne, som Orbison rekna som den beste produsenten han nokon gong hadde arbeidd med,[93] medan Elvis Costello, sonen Wesley og andre gav songar til han. Den største hitten frå albumet var «You Got It», skriven av Lynne og Tom Petty. Posthumt nådde singelen niandeplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia.[5][48]

Sjølv om videoen til Wilburys sin «Handle With Care» vart filma med Orbison, vart videoen for «End of the Line» filma og gjeve ut posthumt. Under songdelen til Orbison på «End of the Line», syner videoen ein gitar i ein gyngestol ved sidan av eit innrama fotografi av Orbison.

Død[endre | endre wikiteksten]

Solbrillene til Orbison ved Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i Ohio.

Orbison var heile tida overraska over at han no brått var ei stor stjerne igjen og gledde seg stort over dette. Han sa «Det er særs kjekt å vere ønska igjen, men eg kan framleis ikkje heilt tru det.»[94] Han gjekk ned i vekt og turnerte konstant, i tillegg til å lage musikkvideoar. I november 1988 var Mystery Girl ferdig og Traveling Wilburys Vol. 1 klatra på albumlistene. På denne tida innrømde Orbison for Johnny Cash at han hadde brystsmerter og sa at han ville gjere noko med det, men det gjorde han aldri. Orbison reiste til Europa der han fekk ein pris og spelte ein konsert i Antwerpen, der bileta for videoen «You Got It» vart filma. Han gav fleire intervju ein dag med hektisk timeplan. Eit par dagar seinare var styraren av ein klubb i Boston uroa over at han såg sjuk ut, men Orbison spelte ein konsert der til nok ein ståande ovasjon.[95]

Orbison spelte på Front Row Theater i Highland Heights i Ohio den 4. desember. Det vart den siste konserten hans. Utsliten drog han heim til Hendersonville for å kvile seg, før han igjen skulle til London for å filme to videoar til med Traveling Wilburys. Den 6. desember 1988 brukte han dagen til å fly modellfly med sønene sine og etter å ha ete middag i heimen til mora i Hendersonville i Tennessee, døydde han av eit hjarteinfarkt, berre 52 år gammal.[96]

Avisa National Enquirer foreslo at han hadde arbeidd seg i hel. Det vart heldt ei minnestund i Nashville, og ei anna i Los Angeles. Han vart gravlagd i Westwood Village Memorial Park Cemetery.[97][98][99] I januar 1989 vart Orbison den første musikaren sidan Elvis Presley som hadde to album inne på topp 5 i USA samstundes.[100]

Stil og påverknad[endre | endre wikiteksten]

«[Roy Orbison] var ein sann meister i den romantiske apokalypsen du frykta, og visste ville kome etter den første natta når du kviskrar 'Eg elskar deg' til den første kjærasten din. Du er på veg under. Roy var den kulaste ukule taparen du nokon gong har sett. Med sine svarte colabotn-briller, vokalrekkjevidd over tre oktavar, verka han å nyte det å stikke kniven djupt inn i den varme magen av tenåringsuroa di.»

Bruce Springsteen, 2012 SXSW-tale [101]

Sjølv om Orbison vert rekna som ein rock and roll-pioner, og av mange musikkjournalistar har blitt omtalt som ein av dei viktigaste musikarane innan denne sjangeren, var stilen hans kjend for korleis gjekk utanom denne norma. Rock and roll i 1950-åra var definert av ein drivande rytme, tunge gitarar, og tekstar som glorifiserte ungdomsopprør.[102] Men det er få av platene til Orbison som passar denne karakteristikken. Strukturen og tema i songane hans utfordra dei vedtekne formene, og den store røysta hans og måten han spelte på var ulikt alt anna i rock and roll. Mange av hans samtidige samanlikna musikken hans med musikken til klassisk øvde musikarar, sjølv om Orbison aldri nemnde klassisk musikk som ei inspirasjonskjelde. Forfattaren Peter Lehman oppsummerte det slik: «Han oppnådde ikkje det han gjorde med å kopiere klassisk musikk, men ved å skape ein unik form for popmusikk som baserte seg på mange musikkformer som var populær då han var ung.».[103]

Bassisten Jerry Scheff, som spelte med Orbison på A Black and White Night-konserten skreiv om han: «Roy Orbison var som ein operasongar. Røysta hans smelta ut av munnen og opp i stratosfæren og attende. Det verkar aldri som om han prøvde å synge, han berre gjorde det.»[104]

Songstrukturar[endre | endre wikiteksten]

Musikkjournalisten Dave Marsh skreiv at komposisjonane til Orbison «definerer ei eiga verd som er meir komplett enn nokre andre musikkverk i popverda».[105] Musikken til Orbison, har som mannen sjølv, blitt skildra som tidlaus, eit avvik frå samtidig rock and roll og på grensa til det eksentriske, og ei hårsbreidd frå å vere rar.[106] New York Times-journalisten Peter Watrous erklærte i ei konsertmelding: «Han har perfeksjonert eit merkeleg syn på popmusikken, eit der eksentristet og fantasi slår attende alt mas om konformitet».[107]

I 1960-åra nekta Orbison å lime saman redigerte opptak av songar, og insisterte på å spele dei inn i eit enkelt opptak med alle instrumenta og songarane i lag.[108] Den einaste standarden Orbison følgde i dei mest populære songane hans, var tidsgrensa for å få spelt songane på radio. Elles verkar kvar song å ha sin eigen struktur. Med ein vanleg 32-taktsform for vers og refreng, følgjer normale popsongar strukturen vers-refreng-vers-refreng-mellomspel-vers-refreng. Der A representerer det første verset, og B representerer refrenget, kan dei fleste popsongane representerast som A-B-A-B-C-A-B, slik som «Ooby Dooby» og «Claudette». Orbison-songen «In Dreams» var ein song i sju satsar, som kan representerast som Intro-A-B-C-D-E-F; ingen av seksjonane vart repetert. På «Running Scared», vart heile songen repetert for å byggje opp spaninga til det siste klimakset, representert som A-A-A-A-B. «Crying» er meir kompleks, og endrar partar mot slutten, og kan representerast som A-B-C-D-E-F-A-B'-C'-D'-E'-F'.[109] Sjølv om Orbison skreiv og spelte inn songar med standard struktur før «Only the Lonely», hevda han at han aldri hadde lært seg korleis han skulle skrive dei:

«Eg er sikker på at om me måtte studere komposisjon eller noko slikt på skulen, og dei hadde sagt 'Dette er måten du skal gjere det på', så er det måten eg hadde gjort det på. Så eg var heldig som ikkje visste kva som var rett eller kva som var feil. Eg berre gjorde det på min eigen måte. Så strukturen har stundom refrenget på slutten av songen, stundom er det ikkje noko refreng og songen berre går...Men det høyres alltid naturleg ut og i rett rekkefølgje for meg.»[110]

Låtskrivarpartnaren til Elton John, Bernie Taupin, skreiv at songane til Orbison alltid tok «radikale venstresvingar» og k.d. lang sa at god låtskriving kjem frå å konstant overraske, slik som måten heile «Running Scared» til slutt er avhengig av den siste tonen, eitt ord.[111] Somme av musikarane som arbeidde med Orbison vart mållause over det han bad dei gjere. Nashville-gitaristen Jerry Kennedy sa, «Roy gjekk i mot straumen. Første gongen du høyrte noko, så høyrtes det ikkje riktig ut. Men etter å ha høyrt det noko gonger, byrja det å vekse på deg."[57]

Tema i songane[endre | endre wikiteksten]

Musikkjournalisten Dave Marsh kategoriserer balladane til Orbison i tema som syner til smerte og tap, og draumar. Ein tredje kategori er dei livlege rockabillysongane som «Go! Go! Go!» og «Mean Woman Blues», som tematisk sett er meir enkle, og syner til kjenslene og intensjonane hans i ein maskulin veremåte. På konsertane sine plasserte Orbison dei livlege songane mellom balladane for å ikkje gjere konsertane for mørke og triste.[112]

I 1990 skreiv Colin Escott ein introduksjon til ein biografi om Orbison publisert i ein plateboks: «Orbison var ein meister i samanpressing. Han arbeidde i singeltida, han kunne fortelje ei kort soge, eller opprette ei stemning på under tre minuttar. Om du trur det er enkelt kan du prøve sjølv. Dei beste innspelingane hans var rett og slett perfekte. Ikkje eit ord eller ein note var overflødig for intensjonen.»[6] Etter ein konsert i 1988 skreiv Peter Watrous i The New York Times at songane til Orbison er «draumeaktige, klaustrofobiske og intime settstykke».[107] Musikkjournalisten Ken Emerson skreiv at den «apokalyptiske romantikken» i musikken til Orbison høvde godt for filmane songane hans vart nytta i på 80-talet, fordi musikken var «så 'over-the-top' at draumar vert illusjonar og sjølvmedlidenheit paranoia», og traff «ei postmoderne nerve».[113] Led Zeppelin-songaren Robert Plant likte amerikansk R&B-musikk som ung, men utanom svarte musikarar, var Elvis og Orbison dei som klarte å syne fram til kjenslene han sjølv skulle oppleve: «Brodden i kombinasjonen av tekst og røyst var slåande. [Orbison] brukte drama til stor effekt og han skreiv dramatisk.»[114]

Einsemda i songane til Orbison vart det han vart mest kjend for, og han både forklarte og bagatelliserte dette: «Eg trur ikkje eg har vore meir einsam enn andre ... Men om du voks opp i Vest-Texas, så var det mange måtar å vere einsam på.»[114] Musikken hans var eit alternativ til den oppstilte maskuliniteten som var rådande i musikken og kulturen på den tida. Robin Gibb frå Bee Gees sa «Han gjorde kjensler moteriktig, at det var greit å snakke om og synge om særs kjenslemessige ting. For menn å synge om kjensler... før han var det ingen som gjorde det.»[114] Orbison anerkjendte dette då han såg attende på tida då han vart populær: «Då ["Crying"] kom ut trur eg ikkje nokon hadde akseptert det at ein mann burde gråte når han ønskte å gråte.»[114] Peter Lehman reknar derimot Orbison sitt stadige tema om sårbarheit som eit element i seksuell masochisme.[105]

Stemmekvalitet[endre | endre wikiteksten]

«Det som skil Orbison frå så mange andre kraftsongarar som kan rekkje over mange oktavar, er han kan treffe dei høgaste tonane ein kan tenkje seg og likevel høyrast utruleg trist ut samstundes. All vokalgymnastikken hans vart berre nytta til å gje ein kraftfull slutt, og var ikkje eit poeng i seg sjølv. Roy Orbison song ikkje berre vakkert, han song hjarteknusande.»

Orbison innrømde at han ikkje tenkte at stemma vart nytta på skikkeleg vis før «Only the Lonely» i 1960, då han klarte, i følgje han sjølv, å la røysta «bløme».[116] Carl Perkins turnerte med Orbison då dei begge var på Sun Records og hugsa ein spesifikk konsert då Orbison song Nelson Eddy- og Jeanette MacDonald-songen «Indian Love Call», og heile publikum sat heilt musestille i ærefrykt.[117] Samanlikna med Everly Brothers, som ofte nytta dei same studiomusikarane, er Orbison sagt å ha «ein lidenskapleg intensitet» som i følgje The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, fekk «kjærleiken hans, livet hans og rett og slett heile verda til å sjå ut til å nærme seg slutten - ikkje i eit klynk, men med eit smertefullt, vakkert smell».[30]

Bruce Springsteen og Billy Joel har begge snakka om dei utanomjordiske kvalitetane i røysta til Orbison. Dwight Yoakam omtalte røysta til Orbison som «ropet til ein engel som fell baklengs ut eit ope vindauge».[118] Barry Gibb frå Bee Gees gjekk enno lenger og sa at han då han høyrte «Crying» første gongen, «så var det det. For meg var det røysta til Gud».[114] Elvis Presley sa at røysta hans var den flottaste og mest særeigne han nokon gong hadde høyrt.[3]

Bob Dylan omtalte Orbison som ein spesifikk inspirasjon, og sa det ikkje var noko som likna Orbison på radio tidleg i 1960-åra:

Med Roy, visste du ikkje om du høyrte på mariachi eller opera. Han heldt deg på tå hev. Med han handla alt om feitt og blod. Det høyrtes ut som han stod på toppen av eit olympisk fjell og song. [Etter «Ooby Dooby»] song han no songane sine i tre eller fire oktavar, som fekk deg lyst til å køyre bilen din utfor eit stup ... Røysta hans kunne skake eit lik, og alltid la mumle noko slikt som 'herregud, er det mogeleg?'.[119]

Tim Goodwin, som dirigerte orkesteret som akkompagnerte Orbison i Bulgaria, hadde blitt fortalt at røysta til Orbison var ei eineståande oppleving å høyre. Då Orbison starta med «Crying» og traff dei høgaste tonane, sa Goodwin: «Strykarane spelte og bandet hadde bygd seg opp, og ganske riktig, håra i nakken min reiste seg. Det var ei utruleg fysisk kjensle.»[120]

Sceneskrekken til Orbison var særleg merkbar i 1970- og 1980-åra. Under dei første songane på ein konsert var vibratoen i stemma hans nesten ukontrollerbar, men etter kvart vart han sterkare og meir sjølvsikker.[121] Dette skjedde òg då han vart eldre. Orbison oppdaga at han ikkje klarte å kontrollere skjelvinga seint på ettermiddagen og kvelden, og valte å spele inn musikk om morgonen når det var mogeleg.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

Orbison, i midten (i kvitt) på ein konsert i 1976.

Orbison unnskylde ofte den urørlege framferda si på scenen med at songane hans ikkje hadde instrumentale parti som gjorde at han kunne danse eller flytte seg rundt på scenen, sjølv som songar som «Mean Woman Blues» nettopp var slik.[122] Han var klar over den unike stilen hans alt tidleg i 1960-åra då han sa «Eg har ikkje ein stor personlegdom, verken på eller av scenen. Eg meiner, du kan la songarar som Chubby Checker eller Bobby Rydell i middelmåtige show og dei vil framleis skine, men ikkje meg. Eg må vere førebudd. Folk kom for å høyre musikken min, songane mine. Det er det eg må gje dei.»[123]

Lang samanlikna Orbison med eit tre, med ein passiv, men solid venleik.[124] Dette bilete av Orbison som urørleg var så kjend at han vart parodiert av John BelushiSaturday Night Live, der Belushi kledd som Orbison dett ned medan han syng «Oh, Pretty Woman», og held fram å spele medan bandkollegaene hans løftar han opp att.[121] Lang kvantifiserte denne stilen: «Det er så vanskeleg å forklare kva energien til Roy var, fordi han fylte eit rom med energien sin og nærværet sitt, men sa ikkje eit ord. Han var jordnær, så sterk, så mild og roleg. Han var berre der.»[114]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Roy Orbison.

Æresprisar[endre | endre wikiteksten]

  • Best Country Performance Duo Or Group (1980) med Emmylou Harris
  • Best Spoken Word Or Non-Musical Recording (1986) med Johnny Cash, Carl Perkins, Jerry Lee Lewis, Sam Phillips, Rick Nelson og Chips Moman
  • Best Country Vocal Collaboration (1988) med k.d. lang
  • Best Rock Performance by a Duo Or Group With Vocal (1989) som ein del av The Traveling Wilburys
  • Best Pop Vocal Performance, Male (1990)
  • Lifetime Achievement Award (1998)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Samanlikningar av musikken og stemma til Orbison med opera, er gjort av Bob Dylan, Tom Waits og låtskrivaren Will Jennings, blant fleire. (Lehman, p. 21.)
  2. Ellis Amburn hevdar Orbison vart mobba i Wink og at han etter han vart kjent sa forskjellige ting om heimebyen, der han til ei lokalavis i Texas sa at byen framleis var som ein heim for han, medan han snakka dårleg om byen i Rolling Stone. (Amburn, s. 11–20.)
  3. Sjølv om både Orbison og Cash har nemnde denne anekdoten fleire år seinare, nekta Phillips for at han var så brysk på telefonen med Orbison eller at han la på. Ein annan i the Teen Kings sa seinare at bandet ikkje møtte Cash før ei veke seinare då dei var på turné med andre artistar frå Sun Records. (Amburn, s. 42–43).
  4. Biografien av Alan Clayson kallar kjærasten Orbison for Claudette Hestand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Roy Orbison» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2015.
  • Amburn, Ellis (1990). Dark Star: The Roy Orbison Story, Carol Publishing Group. ISBN 0-8184-0518-X
  • Brown, Tony; Kutner, Jon; Warwick, Neil (2000). Complete Book of the British Charts: Singlar & Album, Omnibus. ISBN 0-7119-7670-8
  • Clayson, Alan (1989). Only the Lonely: Roy Orbison's Life and Legacy, St. Martin's Press. ISBN 0-312-03961-1
  • Clayton, Lawrence and Sprecht, Joe, (eds.) (2003). The Roots of Texas Music, Texas A&M University Press. ISBN 1-58544-997-0
  • Creswell, Toby (2006). 1001 Songs: The Greatest Songs of All Time and the Artists, Stories, and Secrets Behind Them, Thunder's Mouth Press. ISBN 1-56025-915-9
  • DeCurtis, Anthony; Henke, James (eds.) (1992). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, Random House. ISBN 0-679-73728-6
  • Hoffman, Frank W., Ferstler, Howard (2005). Encyclopedia of Recorded Sound, Volume 1, CRC Press. ISBN 0-415-93835-X
  • Lehman, Peter (2003). Roy Orbison: The Invention of An Alternative Rock Masculinity, Temple University Press. ISBN 1-59213-037-2
  • Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, Billboard Books. ISBN 0-8230-7499-4
  • Wolfe, Charles K., Akenson, James (eds.) (2000). Country Music Annual, Issue 1, University Press of Kentucky. ISBN 0-8131-0989-2
  • Zak, Albin (2010). «'Only The Lonely' — Roy Orbison's Sweet West Texas Style", pages 18–41 in John Covach and Mark Spicer Sounding Out Pop: Analytical Essays in Popular Music, University of Michigan Press. ISBN 0-472-03400-6
  1. O'Grady, Terence J. (February 2000). «Orbison, Roy", American National Biography Online. Henta 18. februar 2015
  2. Amburn, p. 97.
  3. 3,0 3,1 Amburn, s. 175, 193.
  4. 100 Greatest Singers of All Time: Roy Orbison, Rolling Stone website (2009). Henta 19. februar 2015.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Whitburn (2002), p. 524.
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 Escott, Colin (1990). Biography insert to The Legendary Roy Orbison CD box set, Sony. ASIN: B0000027E2
  7. Pond, Steve (26. januar 1989). «Roy Orbison's Triumphs and Tragedies». Rolling Stone. Henta 18. februar 2015. 
  8. Clayson, Alan, p. 3.
  9. Clayson, Alan, s. 3, 9.
  10. Clayson, Alan, p. 7.
  11. Clayson, Alan, p. 21.
  12. Amburn, s. 8, 9.
  13. History Maker, Roy Orbison website (2012). Henta 18. februar 2015.
  14. Amburn, s. 29–30.
  15. Orbison vart seinare sitert på å ha sagt han «ikkje kunne legge nok vekt på kor sjokkerande [Presley] såg ut og verka for [han] den kvelden». Clayson, Alan, s. 26–27.
  16. DeCurtis and Henke, s. 153.
  17. Clayson, Alan s. 44.
  18. Amburn, s. 60–61.
  19. Clayson, Alan, s. 45.
  20. Clayson, Alan, s. 56.
  21. Amburn, s. 78–79.
  22. Clayson, Alan, s. 62.
  23. Clayson, s. 68–69.
  24. 24,0 24,1 Zak, s. 32.
  25. Wolfe and Akenson, s. 24.
  26. Hoffmann and Ferstler, s. 779.
  27. 27,0 27,1 Zak, s. 33.
  28. 28,0 28,1 Lehman, s. 48.
  29. Clayson, Alan, s. 70–71.
  30. 30,0 30,1 30,2 DeCurtis and Henke, s. 155.
  31. Lehman, s. 19.
  32. 32,0 32,1 Zak, s. 35.
  33. Clayson, s. 77.
  34. Amburn s. 91.
  35. Fremer, Michael (1. januar 2006). Recording Elvis and Roy With Legendary Studio Wiz Bill Porter — Part II, MusicAngle.com. Henta 19. februar 2015.
  36. 36,0 36,1 Roy Orbison, Rock and Roll Hall of Fame (2007). Henta 21. mai 2009.
  37. Amburn, s. 98.
  38. 38,0 38,1 Whitburn (2004), s. 470.
  39. Clayson, Alan, s. 81–82.
  40. Amburn, s. 32.
  41. Clayson, Alan, s. 91.
  42. Lehman, s. 18.
  43. Biography for Roy Orbison
  44. «Top 10 Oldies Myths - Urban legends and other misperceptions about early rock and roll: Myth#2: Roy Orbison was blind». Oldies.about.com. Henta 19. februar 2015. 
  45. Clayson, Alan, s. 102–103.
  46. Amburn, s. 108.
  47. Creswell, s. 600.
  48. 48,0 48,1 Brown, Kutner, & Warwick, s. 645.
  49. Amburn, s. 115.
  50. 50,0 50,1 Clayson, Alan, s. 109–113.
  51. Amburn, s. 117.
  52. John Lennon, Paul McCartney, George Harrison and Ringo Starr. The Beatles Anthology. Chronicle, 2002. s. 94
  53. Amburn, s. 122–123.
  54. Amburn, s. 125.
  55. Amburn, s. 134.
  56. Amburn, s. 127.
  57. 57,0 57,1 Amburn, s. 128.
  58. http://www.45cat.com/record/hlu9986
  59. Clayson, Alan, s. 130–131.
  60. Lehman, s. 14
  61. Clayson, Alan, s. 135–136.
  62. Amburn, s. 126.
  63. Amburn, s. 54.
  64. Clayson, Alan, s. 139.
  65. Lehman, s. 108–109.
  66. Clayson, Alan, s. 146–147.
  67. Amburn, s. 151–153.
  68. Clayson, Alan, s. 152.
  69. Clayson, Alan, s. 161–63.
  70. Amburn, s. 163.
  71. Clayson, Alan, s. 178.
  72. Amburn, s. 170.
  73. Lehman, s. 2.
  74. Amburn, s. 167–168.
  75. Amburn, s. 178.
  76. Clayson, Alan, s. 3, 183–184.
  77. Émanuel Champagne. «Roy Orbison Songs Catalog». Goplanete.com. Henta 19. februar 2015. 
  78. Amburn, s. 182.
  79. Amburn, s. 183.
  80. Clayson, Alan, s. 192.
  81. «Glenn Danzig and Roy Orbison». RoyOrbison.com. Henta 19. februar 2015. 
  82. 82,0 82,1 82,2 Grammy Award Winners (Past winner search=Roy Orbison), Grammy.com. Henta 19. februar 2015.
  83. Amburn, s. 191.
  84. Amburn, s. 193.
  85. Clayson, Alan, s. 202–203.
  86. «Biography | The Official James Burton Website». James-burton.net. 21. august 1939. Henta 19. februar 2015. 
  87. Amburn, s. 207.
  88. Amburn, s. 205.
  89. Amburn, s. 218.
  90. Clayson, Alan, s. 206–207.
  91. Clayson, Alan, s. 208.
  92. Amburn, s. 222.
  93. Amburn, s. 213.
  94. Amburn, s. 223.
  95. Amburn, s. 227–228.
  96. Clayson, Alan, s. 213.
  97. Clayson, Alan, s. 215.
  98. Amburn, s. 233–235.
  99. Roy OrbisonFind a Grave
  100. Amburn, s. 235.
  101. Tuttle, Mike (19. mars 2012). Bruce Springsteen Schools ‘Em At SXSW 2012, WebProNews. Henta 19. februar 2015.
  102. Lehman, s. 8.
  103. Lehman, s. 58.
  104. Scheff, Jerry (2012) Way Down: Playing Bass with Elvis, Dylan, the Doors & More. Backbeat Books. Page 33.
  105. 105,0 105,1 Lehman, s. 20.
  106. Lehman, s. 9.
  107. 107,0 107,1 Watrous, Peter (31. juli 1988). «Roy Orbison Mines Some Old Gold», The New York Times, s. 48.
  108. Lehman, s. 46.
  109. Lehman, s. 53.
  110. 110,0 110,1 Roy Orbison, Nashville Songwriters Hall of Fame (2008). Henta 19. februar 2015.
  111. Lehman, s. 52.
  112. Lehman, s. 70–71.
  113. DeCurtis and Henke, s. 157.
  114. 114,0 114,1 114,2 114,3 114,4 114,5 Hall, Mark. (director) In Dreams: The Roy Orbison Story, Nashmount Productions Inc., 1999.
  115. Roy Orbison: Songs We Love, NPR (27. april 2011). Henta 19. februar 2015.
  116. Lehman, s. 50.
  117. Lehman, s. 49.
  118. Lehman, s. 22.
  119. Dylan, s. 33.
  120. Amburn, s. 184.
  121. 121,0 121,1 Lehman, s. 24.
  122. Lehman, s. 62.
  123. Clayson, Alan, s. 78.
  124. Lang, k. d. (15. april 2004). The Immortals — The Greatest Artists of All Time: 37) Roy Orbison, Rolling Stone. Henta 2. juni 2009.
  125. Roy Orbison, Songwriters Hall of Fame website (2009). Henta 19. februar 2015.
  126. Roy Orbison given Hollywood Walk of Fame star BBC News (30. januar 2010). Henta 31. januar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]