Duck MacDonald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duck MacDonald

Fødd17. september 1953 (70 år)
FødestadAuburn N.Y.United States
FødenamnAndrew MacDonald
OpphavUSA
AktivSidan 1970-åra
Sjangerhardrock
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarThe Rods, Bible Black, Blue Cheer, Shakin' Street, Apollo Ra
Verka somgitarist

Andrew «Duck» MacDonald (fødd 5. desember 1963) er ein USA-amerikansk heavy metal/hardrock-gitarist, som har spelt med fleire band, det mest kjende Blue Cheer.

Han byrja å spela i ulike band rundt omkring i New York City. I 1980 vart han spurt om å bli med i Shakin' Street, der han erstatta gitaristen Ross the Boss. Shakin' Street turnerte i USA som oppvarmingsband for Black Sabbath og Blue Öyster Cult på Black and Blue-turneen. Etter dette og ein turné i Frankrike vart Shakin Street oppløyst.

MacDonald møtte eks-Elf/Rainbow-medlemmene Gary Driscoll og Craig Gruber, og starta bandet Bible Black. Dei spelte inn albumet Ground Zero med vokalisten Jeff Fenholt. Etter dette samarbeidde MacDonald og Driscoll med Anthrax-produsenten Carl Canedy for å setja saman albumet Thrasher, med ulike andre musikarar. Det vart gitt ut i 1985.

Dei neste tre åra jobba han med ulike artistar, som David Feinstein i bandet The Rods og Kim Simmonds i Kim Simmonds Band. I 1988 vart han kontakta av Blue Cheer-bassisten Dickie Peterson, og han vart med på konsertalbumet Blitzkrieg over Nüremberg frå 1989 og Highlights and Lowlives frå 1990, etterfølgd av ein turné i USA. I 1992 forlét han Blue Cheer og vart erstatta av Dieter Saller, der han bygde eit innspelingsstudio og starta bandet Playground. Playground gav ut fleire mislykka album før han vart med i Blue Cheer igjen i 1999. Han spelte med dei fram til Dickie Peterson døydde og Blue Cheer offisielt vart oppløyst 12. oktober 2009

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Bible Black
  • Bible Black (1981)
  • Ground Zero (1983)
Med Thrasher
  • Burning at the Speed of Light (1985)
Med Lone Rager
  • «Metal Rap» Single, (1985)
Med Blue Cheer

Konsertalbum

  • Blitzkrieg Over Nüremberg (1989; Thunderbolt/Nibelung Records)
  • Hello Tokyo, Bye Bye Osaka – Live in Japan 1999 (1999)
  • Rocks Europe CD/DVD, 2009; Rainman/Captain Trip Records)
  • Live at Anti WAA Festival 1989 CD/DVD, (2014; Nibelung Records)
  • Live Bootleg: London – Hamburg (offisiell bootleg, 2005; Rockview Records)