Outsideinside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Outsideinside
Studioalbum av Blue Cheer
Språk engelsk
Utgjeve August 1968
Innspelt California & New York, 1968
Sjanger
Lengd 32:44
Selskap Philips
Produsent Abe «Voco» Kesh
Blue Cheer-kronologi 
Vincebus Eruptum
(1968)
Outsideinside New! Improved!
(1969)


Singlar frå Outsideinside
  1. «Just a Little Bit»
    Utgjeve: August 1968

Outsideinside er det andre studioalbumet til den USA-amerikanske powertrioen Blue Cheer. Philips Records gav ut albumet i august 1968, berre sju månader etter debutplata deira, Vincebus Eruptum.[1]

Albumet vart spelt inn både utandørs og innandørs - derav tittelen på albumet.[1] Låtane inneheld bidrag frå alle medlemmene, og dessutan to coverlåtar: «Satisfaction» av The Rolling Stones og «The Hunter» av Albert King.[2] Albumet vart gitt ut på CD i 1999 av det italienske selskapet Akarma Records. Denne inneheld ein ekstra låt frå dei opphavlege innspelingane, med tittelen «Fortunes», som eit bonusspor.

Outsideinside nådde 90. plassen på albumlista Billboard 200. «Just a Little Bit» var den første singelen frå albumet; han nådde 92. plassen på singellista Billboard Hot 100.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Outsideinside vart produsert av Abe «Voco» Kesh og delvis lydsett av Eddie Kramer, som hadde jobba med The Jimi Hendrix Experience og The Rolling Stones (og seinare lydsett utgivingar av mellom anna Led Zeppelin og Kiss). Nokre av låtane vart spelt inn både utandørs og i studio.

Omslagsmåleriet til albumet er måla av «Arab», og vart designa av Gut Turk, ein tidlegare Hells Angel. Fotografia til albumet vart tekne av den kjende rockefotografen Jim Marshall. Outsideinside var den siste plata med den opphavlege Blue Cheer-besetninga; gitaristen Leigh Stephens forlét bandet etter at albumet vart gitt ut.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Collector's Guide to Heavy Metal8/10[3]
Pitchfork9.6/10[2]

I ei retrospektiv melding for AllMusic kommenterte Mark Deming:

« Outsideinside fangar den psykedeliske sida av den musikalske personlegdomen deira med større klårheit enn den sløve tilnærminga til debuten. Outsideinside let ikkje så mykje trippy som rettskaffent surrete, og det fartsfylte brølet i denne musikken er stort nok til at segna om at deler av denne plata var så høglytt at dei måtte spelte det inn utandørs, ikkje berre verkar plausibel, men heilt rimeleg.[1] »

I ei melding av to-for-éin nyutgivinga av albumet (saman med Vincebus Eruptum) skreiv Pitchfork-skribenten Alexander Lloyd Linhardt: «Outsideinside konverterer den stilistiske entusiasmen og lêraktige haldninga deira til strukturert song. Viss plata ikkje høyrest like innverknadsrik ut som den kataklysmiske galskapen på Vincebus, er det fordi ho definerer 'klassisk' rock.»[2] Den kanadiske journalisten Martin Popoff lovprisa albumet der bandet «pre-disponerer Purple, dunkar Hendrix i trynet, og generelt hamrar psykedelia ned i jorda» og konkluderte med at «Etter dei fleste definisjonar er ikkje dette heavy metal, men etter dei fleste målestokkar trampar Blue Cheer over Zep I og II.». [3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivarLengd
1.«Feathers from Your Tree»Dickie Peterson, Leigh Stephens, Peter Wagner3:29
2.«Sun Cycle»Peterson, Stephens, Wagner4:12
3.«Just a Little Bit»Peterson3:24
4.«Gypsy Ball»Peterson, Stephens2:57
5.«Come and Get It»Peterson, Stephens, Wagner3:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivarLengd
1.«Satisfaction»Jagger/Richards5:07
2.«The Hunter»Booker T. Jones, Carl Wells, Al Jackson jr., Donald Dunn, Steve Cropper4:22
3.«Magnolia Caboose Babyfinger»Peterson, Stephens1:38
4.«Babylon»Peterson4:22
Total lengd:32:44
Bonusspor på Akarma-utgåva frå 2003
Nr.TittelLåtskrivarLengd
1.«Fortunes»Peterson2:20

Innspelingsstader[endre | endre wikiteksten]

«Outside-innspelingane»

  • Gate Five, Sausalito, California
  • Muir Beach, California
  • Pier 57, New York City

«Inside-innspelingane»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Blue Cheer
Gjestemusikar
Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Deming, Mark. «Blue Cheer: Outsideinside – Review». AllMusic. Henta 17. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Linhardt, Alexander Lloyd (7. oktober 2003). «Blue Cheer: Vincebus Eruptum / Outsideinside». pitchfork.com. Henta 17. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 52. ISBN 978-1894959025.