Dudu Pukwana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dudu Pukwana
Fil:Dudu Pukwana.jpg
Fødd18. juli 1938
FødestadWalmer Township i Port Elizabeth i Sør-Afrika
Død30. juni 1990 (51 år)
FødenamnMtutuzel Dudu Pukwana
OpphavSør-Afrika
Aktiv1970-åra – 1990
SjangerJazz, kwela
InstrumentAltsaksofon, tenorsaksofon, sopransaksofon, piano
Tilknytte artistarMongezi Feza, Johnny Dyani, Louis Moholo, Chris McGregor
Plateselskap77 Records, Vertigo, Virgin, Caroline, Affinity, ICP
Verka somMusikar, komponist

Mtutuzel Dudu Pukwana (18. juli 193830. juni 1990) var ein sørafrikansk saksofonist og komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1962 vann Pukwana førsteprisen i Johannesburg Jazz Festival med Moyake's Jazz Giants. Tidleg i karrieren spelte han òg med Kippie Moeketsi. Chris McGregor inviterte han så til å bli med i Blue Notes der han spelte i lag med Mongezi Feza, Nikele Moyake, Johnny Dyani og Louis Moholo. Sidan grupper med blanda rase var ulovleg under apartheid,[1] vart The Blue Notes stadig plaga av styresmaktene, og dei flytta til Eurorpa i 1964, og spelte i Frankrike og Zürich, før dei til slutt slo seg ned i London. Etter The Blue Notes vart oppløyst seint i 1960-åra, vart Pukwana med i storbandet til McGregor, Brotherhood of Breath. Som komponist skreiv Pukwana «Mra, for The Brotherhood.

Han spelte så med Bob Stuckey Trio, og skipa så to grupper på eiga hand med Feza og Moholo. Det første var Assagai, eit afrorockband, og det andre var Spear, som spelte afrojazz.

Pukwana var òg studiomusikar og spelte på varierte innspelingar med artistar som Mike Heron, Centipede, Toots and the Maytals. I 1978 skipa Pukwana Jika Records og sitt eige band, Zila.

16. april 1990 deltok Pukwana på Nelson Mandela-hyllestenWembley stadion.[2] Han døydde i London av leversvikt[3] i juni 1990, ikkje lenger etter venen og kollegaen McGregor døydde.

Discography[endre | endre wikiteksten]

  • 1967 Kwela (77 Records – 77 AFRO / 101, 1967)
  • 1969 Dudu Pukwana and Spear (Quality LTJ-S 232, May 1969)
  • 1971 Assagai Assagai (Vertigo 6360 030)
  • 1972 Assagai Zimbabwe (Vertigo)
  • 1973 Simba and Assagai Afro Rock Festival (Contour 2870 311)
  • 1973 In the Townships (Virgin C1504)
  • 1975 Diamond Express (Freedom Records)
  • 1975 Flute Music (Caroline)
  • 1979 Yi Yole (ICP)
  • 1981 Zila Sounds Live At The 100 Club (Jika JIKAZLC1)
  • 1983 Live in Bracknell and Willisau (Jika JIKAZL2)
  • 1986 Zila Zila 86 (Jika JIKAZL3)
  • 1987 Mbizo Radebe (They Shoot to Kill) (med John Stevens) (Affinity)
  • 1990 Cosmics Chapter 90 (Ah Um)
  • 2006 Mbaqanga Songs (Honest Jon's Records HJRLP103) (re-issue of Kwela)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Apartheid - Facts & Summary». HISTORY.com. Henta 27. november 2015. 
  2. Peter Elman, «Nelson Mandela: An International Tribute for a Free South Africa», Tony Hollingworth website.
  3. "Mtutuzeli Dudu Pukwana", South African History online.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]