Dvergfotingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergfotingar
Scutigerella immaculata
Scutigerella immaculata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Mangefotingar Myriapoda
Klasse: Dvergfotingar Symphyla
Ryder, 1880

Dvergfotingar (Symphyla) er ei gruppe små leddyr som lever i jord- og strølag over heile verda. Dei utgjer med sine berre om lag 200 artar den mest artsfattige klassa innanfor mangefotingane, men kan likevel vera særs hyppige lokalt. I Norden finst det 8 artar.

I likskap med dei aller fleste andre mangefotingar har ikkje dvergfotingane noko særleg økonomisk verdi, bortsett frå somme artar som kan gjera skade på froskefarmar. Dei er òg interessante fordi somme har meint dei kan ha vore stamgruppa til insekta.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Skisse av hann av Scutigerella immaculata.

Ein fullvaksen dvergfoting har tolv par bein og liknar ikkje i særleg grad på andre kryp. Dei kan ved første augnekast sjå ut som små skolopenderar, men dei har færre bein og manglar giftklør. Som regel er dei 2-8 mm lange og kvite, stundom iblanda nyansar av gult eller brunt. Huda er mjuk og berre i særs liten grad sklerotisert.

Hovudet er rundt til hjarteforma og dekt av små, korte børstar. Dei manglar augo, men har til gjengjeld eit unikt postantennalt organ - eit lukteorgan som sit bak antennefesta. Hovudet ber i tillegg tre par kjevar - eit par mandiblar og to par maxillar - og opningane til eit primitivt trakèsystem.

Bak hovudet sit den fjortensegmenterte kroppen. Dei tolv første segmenta er ganske like og ber kvart sitt beinpar, det heilt første noko redusert. Kvart av dei normalt utvikla beina er femsegmentert og dekt av ein tett påvekst med børstar. Jo lenger bak på dyret dei sit, jo lenger er dei. Primitivt hadde kvart av desse segmenta òg eit heilt eller delt ryggskjold, men dette varierer noko. Dagens artar har totalt mellom femten og tjuefire av dei, og talet er viktig innanfor systematikken.

Bakst på kroppen til dvergfotingane sit det to særeigne endesegment. Preanalsegmentet, det nest siste, ber eit par bakoverretta haletrådar (cerci) med eigne spinnkjertlar. På det heilt bakste segmentet finn ein anus og eit par lange kjenslebørstar.

Dvergfotingar er særkjønna og har kjønnsopningane sine ganske langt framme på kroppen, ved fjerde beinpar. Somme artar har dessutan andre kjønnsskiljande kjenneteikn, til dømes børstesamlingar på første og siste beinpar.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dvergfotingar er jordlevande dyr som trivst både i naturleg og menneskepåverka jord. Til skilnad frå tusenbein grev dei ikkje eigne gangar, men er avhengige av allereie eksisterande holrom. Dei små, mjuke og lett bøyelege kroppane deira er godt tilpassa dette; dei kan nemleg vri seg så mykje som 180 gradar. Ved gode miljøtilhøve kan dei difor finnast så langt ned som til over ein meters djup.

Det verker ikkje som dyra er knytt til noko særskild sjikt i jordsmonnet. Kor djupt ein finn dei verker knytt til temperatur og fukt; om sommaren søker dei til dømes ofte nedover.

Dvergfotingar har eit noko anna rørslemønster enn andre mangefotingar. I staden for å krypa framover med jamn fart går det i brå rykk og napp. Større artar kan på denne måten koma opp i over 42 mm i sekundet, sjølv om dei vanlegvis er langt tregare. Kjem dei over sprekkar og liknande undersøkjer dei desse med følehorna før dei eventuelt går inn.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Forplantinga til dvergfotingane er dårleg kjend, men er strengt særkjønna. Hjå store artar verker det som sædproduksjon er knytt til skifte av ham; dei første fire vekene etter eit hudskifte produserer hannen mellom 150 og 450 spermpakkar han plasserer ein og ein på eigne skaft. Hoa møter aldri hannen, men tek opp spermiane når ho finn dei. Det er ikkje kjend om ho finn dei tilfeldig eller om ho vert leidd dit av kjemiske signal.

Hoa tek opp sæd fleire gongar; i laboratoriebestandar har ein observert hoer som har teke opp så mykje som 18 pakkar dagleg fleire dagar på rad. Befrukting skjer umiddelbart etter at egga vert lagde, i ei eigna naturleg grop eller i mose, ved eller liknande. Hjå somme artar vaktar hoa både egg og første larvestadium.

Utviklinga til dvergfotingar er ufullstendig undersøkt, og livssyklusen er berre kjend for eit fåtal av artar. Desse går gjennom fem til seks ulike larvestadium før dei vert vaksne; ein prosess som avhengig av temperatur kan ta mellom 7 veker og 8 månadar. Dei heldt fram med fleire hudskifte òg etter å ha nådd vaksen alder, og formeirar seg gjerne fleire gongar i løpet av livet.

Systematikk og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Dvergfotingane er ei lita gruppe målt i tal på artar; det er berre beskrive om lag 200 artar fordelt på 13 slekter. Sidan dei er dårleg undersøkte og vanskelege å driva taksonomi på er nok det totale artstalet ein del høgare. Sidan dei er så like reint morfologisk, finst det derimot neppe særleg mange fleire høgare taksa att å beskriva innanfor gruppa.

Ulike forfattarar reknar med anten to eller tre familiar innanfor ei orden. Det tradisjonelle synet er familiane Scolopendrellidae og Scutigerellidae; men somme reknar etter R. L. Hoffmann (1974) med ein tredje Geophilellidae.

Det er funne totalt tre fossil av dvergfotingar. Desse liknar for mykje på noverande former til å kunne kasta lys over evolusjonshistoria til gruppa. I høve til andre mangefotingar er den systematiske plasseringa deira likevel relativt klar. Ein reknar dei som søstergruppe til Dignatha - ei overklasse som består av fåfotingar og tusenbein. Dette er mellom anna grunngjeve ved at kjønnsopninga sit framantil på dyra og forma på kjenslebørstane.

Fleire forskarar har hevda at dvergfotingane kan vera forfedrar til insekta. Dette er grunngjeve mellom anna med at dei i likskap med somme insekt har 14-segmenterte kroppar i vaksenstadiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Scheller, Ulf (2005): «Introduktion til dvergfotingar» i Nationalnyckeln til Sveriges flora och fauna. Mångfotingar. Myriapoda ArtDatabanken, SLU, Uppsala

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dvergfotingar