Dwight Twilley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dwight Twilley
Fødd6. juni 1951 (67 år)
FødestadTulsa
OpphavUSA
Aktiv1974 til i dag
SjangerRock, powerpop
Instrumentgitar, piano
Tilknytte artistarPhil Seymour
Susan Cowsill
PlateselskapShelter, Arista, EMI America
Epic, Big Oak Records
Verka somSongar-låtskrivar, gitarist, pianist, produsent

Dwight Twilley (fødd 6. juni 1951) er ein USA-amerikansk songar og låteskrivar, mest kjend for singlane «I'm on Fire» (1975) og «Girls» (1984). Twilley og Phil Seymour spelte saman som Dwight Twilley Band fram til 1978, og Twilley har gått solo sidan den gong.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Twilley og Phil Seymor skapte ein power pop som blanda Beatles-aktig pop og rockabilly. Dwight Twilley skal ha møtt Phil Seymour i 1967 i ein kinosal, då dei såg The Beatles-filmen A Hard Day's Night. Etter filmen drog dei heim til Twilley for å skrive og spele inn songar. Dei to fortsette å spele i lag i fleire år og kalla seg sjølv Oister. Dei fekk med seg deltidsmedlemmet Bill Pitcock IV på sologitar. Etter å ha prøvd seg heime ei stund, drog dei til Nashville for å prøve å slå igjennom. Det første stoppet gjorde dei i det legendariske Sun Studios. Jerry Phillips, sonen til Sam Phillips, var imponert nok til at han sette dei saman med den tidlegare Sun-artisten Ray Harris, som introduserte dei for «the Sun sound», og gjorde Beatles-stilen deira litt røffare, og skapte ein unik stil.

Dei to fekk kontrakt med Shelter Records i 1974. Den første singelen deira, «I'm on Fire», vart ein nasjonal hit i 1975 og nådde 16. plassen i USA, utan særleg marknadsføring. Dei fekk spele på American Bandstand, der dei spelte den neste singelen sin, «Shark». På grunn av suksessen til filmen Haisommer, ønskte ikkje selskapet å gje ut denne singelen fordi dei ikkje ville at bandet skulle sjå ut til å berre utnytte populariteten til filmen. Dette var starten på ei rekkje uhell som skulle plage gruppa. Oppfølgjarsingelen deira og debutalbumet vart ikkje gjeve ut på 18 månader på grunn av problem i plateselskapet. Eit nytt album vart spelt inn i England, men vart heller ikkje gjeve ut, og ålmenta mista interessa. Då oppfølgjarsingelen omsider kom ut, «You Were So Warm», selde han dårleg på grunn av distribusjonsproblem. Då albumet Sincerely omsider kom ut, selde det heller ikkje særleg bra. Seymour og Twilley vart ven med Tom Petty og song korvokal på fleire av songane hans. Petty betalte dei attende for det andre albumet deira, Twilley Don't Mind, for Arista i 1977. Albumet selde heller dårleg. Seymour forlet bandet året etter for å gå solo, men døydde av lymfekreft i 1993.

Twilley fortsette som soloartist og gav ut Twilley for Arista i 1979 og Scuba Divers for EMI America i 1982, og fann suksess igjen med albumet Jungle i 1984, då han fekk ein ny hit med songen «Girls». Wild Dogs selde dårleg i 1986. I tillegg spelte Twilley inn eit album i 1980, Blueprint, som ikkje vart gjeve ut, og spelte inn ein song for filmmusikken til Wayne's World i 1992, «Why You Want to Break My Heart». I 1999 kom det første albumet hans på 13 år, Tulsa. I 2001 gav Twilley ut The Luck, eit album han hadde spelt inn i 1994. Jule-EPen Have a Twilley Christmas kom ut i 2004, etterfølgd av det niande studioalbumet, 47 Moons, i 2005.

I 2007 signerte han kontrakt med Gigatone Records og ei rekkje utgjevingar følgd, hovudsakleg samleplater av forskjellige studioinnspelingar som ikkje var gjevne ut før. I 2009 gav han ut eit album med Beatles-songar, som berre vart kalla The Beatles, og i 2010 kom Green Blimp. Etter Twilley flytta til Varèse Sarabande-etiketten gav han ut det 11. studioalbumet sitt, Soundtrack, i 2011.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Dwight Twilley Band[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Twilley (1979) 113. plass i USA
  • Scuba Divers (1982) 109. plass i USA
  • Jungle (1984) 39. plass i USA
  • Wild Dogs (1986)
  • XXI (1996) - samleplate
  • Between the Cracks, Vol. 1 (1999)
  • Tulsa (1999)
  • The Luck (2001)
  • Have A Twilley Christmas (EP, 2004)
  • 47 Moons (2005)
  • Live: All Access (2006)
  • Northridge to Tulsa: The Best of Dwight Twilley 1997-2007 (2007)
  • Rarities, Volume 1 (2007)
  • Rarities, Volume 2 (2008)
  • Rarities, Volume 3 (2008)
  • Rarities, Volume 4 (2008)
  • Out Of The Box (2009)
  • Rarities, Volume 5 (2009)
  • Rarities, Volume 6 (2009)
  • Rarities, Volume 7 (2009)
  • Rarities, Volume 8 (2009)
  • The Beatles (2009)
  • Green Blimp (2010)
  • Soundspor (2011)
  • Always (2014)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]