Phil Seymour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phil Seymour
PhilSeymour82.jpg
Phil Seymour i 1982
Fødd15. mai 1952(1952-05-15)
FødestadOklahoma City
Død17. august 1993 (41 år)
FødenamnPhilip Warren Seymour
OpphavOklahoma City, Oklahoma
Aktiv1974–1993
SjangerRock
Powerpop
New wave
Instrumenttrommer, bassgitar, gitar, vokal
Tilknytte artistarDwight Twilley
20/20
Textones
Tom Petty and the Heartbreakers
PlateselskapShelter Records, Boardwalk Records, EMI
Verka somSongar-låtskrivar, trommeslagar, gitarist, bassist, produsent

Phil Seymour (15. mai 195217. august 1993) var ein USA-amerikansk powerpop-trommeslagar, songar, gitarist og låtskrivar, mest kjend for singlane «I'm On Fire» (med Dwight Twilley Band) og «Precious to Me». Han spelte ei stor rolle i popgruppa Dwight Twilley Band.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1967 møtte Seymour Tulsa-musikaren Dwight Twilley i ein kinosal der dei begge hadde sett The Beatles-filmen A Hard Day's Night. Dei byrja raskt å skrive og spele i lag under namnet Oister. I 1974 fekk Seymour og Twilley kontrakt med Shelter Records og vart kjende som The Dwight Twilley Band.

«I'm On Fire» nådde 16. plassen på Billboard Hot 100 i ei veke frå 2. august 1975. Dwight Twilley Band spelte inn to album i lag, med Seymour og Twilley på solo- og harmonivokal, Seymour på trommer og bass, og Twilley på gitar og vokal og venen deira Bill Pitcock IV på sologitar. Bandet fekk derimot berre avgrensa suksess. I 1978 slutta Seymour i bandet for å gå solo.

Mellom platekontraktene spelte han mykje som studiomusikar, mellom anna for 20/20 (trommer på debutalbumet), Moon Martin (trommer på Shots from a Cold Nightmare) og den gamle Twilley Band-venen Tom Petty (korvokal). Seymour song korvokal på to kjende Petty-songar, «Breakdown» og «American Girl». I 1978 reiste Seymour til England for å arbeide på eit soloprosjekt med Denny Cordell som produsent, men berre tre songar vart spelte inn.

I 1980 fekk Seymour kontrakt med Boardwalk Records og han gav ut det første soloalbumet sitt, berre kalla Phil Seymour, den 16. januar 1981. Albumet vart produsert av Richie Podolor, som òg produserte det andre albumet til Seymour. Den første singelen frå albumet, skriven av Seymor, nådde 22. plassen på Billboard Hot 100 i mars 1981. Han nådde òg tredjeplassen i Australia, der han selde til gull. «I Really Love You» nådde 13. plassen i Sør-Afrika. Albumet inneheld òg songen «Trying to Get to You», som òg vart spelt inn av Elvis Presley og Roy Orbison.

Det andre soloalbumet, Phil Seymour 2, kom ut i 1982, men inneheld færre originale songar, og vart spelt inn raskt. Det inneheld Tom Petty-songen «Surrender».[1] Boardwalk Records-grunnleggjaren Neil Bogart døydde kort tid etter albumet kom ut og selskapet vart lagt ned.

I 1984 vart Seymour med i the Textones, eit rootsrock band leia av Carla Olson og George Callins. Han spelte inn albumet Midnight Mission med dei og turnerte som songar og trommeslagar. Under turneen oppdaga han nokre klumpar på nakken, som viste seg å vere hovne lymfeknutar, og han fekk raskt diagnosen lymfom. Seymour vart send attende til Tulsa for å gjennomgå kreftbehandling. Han spelte lokalt fram til han døydde 17. august 1993, 41 år gammal.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Dwight Twilley Band[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Phil Seymour (1980)
  • Phil Seymour 2 (1982)
  • Precious to Me (samleplate) (1996)

Textones[endre | endre wikiteksten]

  • Midnight Mission (1984)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Momme, Karen. Phil Seymour, 1980-82. Description approved by Phil Seymour. Henta 9. mars 2015.
  2. http://articles.latimes.com/1993-08-20/news/mn-25565_1_phil-seymour

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]