Dyveke Sigbritsdatter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dyveke Sigbrittsdatter)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dyveke Sigbritsdatter
DyvekeSigbritsdochter.jpg
Fødd 1490
Amsterdam
Død

21. september 1517
København

Dyveke Sigbritsdatter på Commons

Dyveke Sigbrittsdatter (ca. 1490–1517), også kalla Dyveke Willoms og Dyveke Villessoon, var frilla til kong Christian II av Danmark-Noreg.

Dyveke var dotter av Sigbrit Willoms frå Amsterdam, «mor Sigbrit», og var kjent for å vera svært vakker. Ho skal ha treft Christian, som då var hertug og kronprins, på eit ball i Bergen i 1507, og blitt frilla hans same kvelden. Kronprinsen bygde eit hus til henne og mora i Oslo. Då han blei konge, flytta ho og mora med til København.

I 1515 gifta Christian II seg med trettenåringen Isabella av Habsburg av politiske grunnar, men han føretrekte framleis Dyveke. Då elskarinna døydde på mystisk vis i 1517, meinte kongen at Torben Oxe, høvedsmannen på Københavns slott, hadde forgifta henne. Fleire bevis på at Oxe var mordaren gjorde at han blei dømd til døden og halshogd.

Dyveke har sidan inspirert forfattarar til å skriva dikt og skodespel om henne, og har gjeve namn til «Dyvekes vei» i Oslo og «Dyvekes Vinstue» i Bergen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]