Early Morning Rain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Early Morning Rain
av George Hamilton IV
frå albumet Steel Rail Blues
Utgjeve 1966
Sjanger Country
Lengd 2:45
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Gordon Lightfoot
George Hamilton IV-kronologi
«Steel Rail Blues»
(1966)
Early Morning Rain «Urge for Going»
(1967)


«Early Morning Rain» (stundom «Early Mornin' Rain») er ein song skriven og innspelt av den kanadiske songar-låtskrivaren Gordon Lightfoot. Songen kom ut i 1966 på debutalbumet hans Lightfoot! og i ein nyinnspelt versjon i 1975 på samlealbumet Gord's Gold.

Lightfoot skreiv songen i 1964, men opphavet til songen var ei reise han gjorde til Westlake i Los Angeles i 1960. På denne tida hadde Lightfoot heimlengsel og brukte å dra ut til Los Angeles lufthamn på regndagar for å sjå på flya.[1] Biletet av flya som tok av og forsvann i skyene var framleis med han i 1964 då han passa på den fem månader gamle sonen sin og tenkte «Eg skal legge han i vogga si og skrive ein song». «Early Morning Rain» vart resultatet.

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Den kanadiske ektefolkduoen Ian & Sylvia var blant dei første som gav ut denne songen i 1965. Det tok over eit år før Lightfoot spelte inn og gav ut sin versjon i 1966. Grateful Dead spelte òg inn songen i 1965. Funk supergruppa Cameo har ofte spelt songen på konsertane sine som ein hyllest til Lightfoot. We Five gav ut ein versjon av songen i 1970 på albumet Catch the Wind.[2]

Hitsinglar[endre | endre wikiteksten]

På hitalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gordon Lightfoot: Extended Interview Henta 20. juni 2017.
  2. We Five, Catch the Wind Henta 28. februar 2012.
  3. Peter, Paul and Mary charting singles Henta 28. februar 2012.
  4. George Hamilton IV charting singles Henta 28. februar 2012.
  5. Oliver Chart Singles Diskografi Henta 11. mars 2012.
  6. Ian & Sylvia charting albums Henta 28. februar 2012.
  7. Judy Collins charting albums Henta 28. februar 2012.
  8. Peter, Paul and Mary charting albums Henta 28. februar 2012.
  9. Chad & Jeremy charting albums Henta 28. februar 2012.
  10. George Hamilton IV charting albums Henta 28. februar 2012.
  11. Bob Dylan charting albums Henta 28. februar 2012.
  12. Jerry Reed charting albums Henta 30. juni 2013.
  13. 13,0 13,1 Elvis Presley charting albums Henta 28. februar 2012.
  14. Jerry Lee Lewis charting albums Henta 28. februar 2012.
  15. Gordon Lightfoot charting albums Henta 28. februar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]