Elvis Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elvis Now
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 20. februar 1972
Innspelt 22. januar 1969 – 8. juni 1971
Sjanger rock, country
Lengd 31:34
Selskap RCA Records
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi
Elvis Sings the Wonderful World of Christmas
(1971)
Elvis Now He Touched Me
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Rough Guides2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Elvis Now er eit musikkalbum av Elvis Presley frå 1972.

Trass i «now» i tittelen, vart songane på albumet spelt inn eitt til tre år før det kom ut. The Beatles sin «Hey Jude» vart ein song som var att etter innspelinga i American Studio i Memphis tidleg i 1969. «Sylvia» og «I Was Born About Ten Thousand Years Ago» vart spelt inn i Nashville i juni 1970 (små utdrag av sistnemnde kom ut på Elvis Country). Resten av songane var henta frå ei nyare innspeling i RCA Studio B i Nashville i mars, mai og juni 1971.

I motsetnad til dei andre albuma til Elvis frå denne tida (Elvis Country, He Touched Me og Elvis sings The Wonderful World of Christmas, som kvar omfatta ein særeigen sjanger), bestod Elvis Now av fleire sjangrar, inkludert country, gospel, soul og pop.

Den einaste singelen frå albumet, «Until It's Time for You to Go» / «We Can Make The Morning», nådde niandeplassen på Adult Contemporary Chart i USA i mars 1972 og femteplassen på UK Singles Chart i april 1972. Albumet selde til gullplate den 27. mars 1992 av RIAA. «Sylvia» vart ein stor hit for Elvis i Brasil i 1970-åra.

I 2010 vart ein utvida versjon av albumet gjeven ut som ein del av samleserien FTD. Denne bestod av det originale albumet frå 1972 og fleire bonusspor frå innspelinga i Nashville i 1971 («I'm Leavin'» og «It's Only Love»), ei B-side frå den komande «An American Trilogy»-singelen («The First Time Ever I Saw Your Face») og mange unytta opptak, som «Don't Think Twice, It's All Right» i ein uformell jam som varte meir enn ni minuttar (ein forkorta versjon vart gjeven ut i 1973 på Elvis).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

[4]

2010-utgåva (FTD)[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elvis NowAllmusic
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 147. ISBN 1-84353-417-7. 
  4. «Elvis Presley Albums». Softshoe-slim.com. Henta 20. juni 2017. 
  5. «Elvis Now : FTD Special Edition 2 CD». shop.elvis.com.au. Henta 20. juni 2017.