East Loch Tarbert i Argyll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg East Loch Tarbert ved Harris
East Loch Tarbert mot Loch Fyne
Kopi av eit vikingskip i full skala
Atlaset til Blaeu frå 1654 med Tarbert-eidet til høgre. Kartet er slik at vest er øvst.

East Loch Tarbert er ein liten sea loch eller fjord på austsida av Kintyrehalvøya i Skottland. Han er ein del av den mykje større Loch Fyne. Landsbyen Tarbert ligg ved fjorden.[1] Eit smalt, 1,5 km breitt eid skil fjorden frå West Loch Tarbert.[2]

Denne lune fjorden har vore ein viktig landgangsplass for sildefiskarar frå så langt tilbake som minst 836 då han vart nemnd i Annals of Ulster.[3]

I følgje Heimskringla til Snorre Sturlason fekk kong Magnus Berrføtt vikingskipet sitt drege over eidet under kampen om å erobre Hebridane. Han gjorden ein avtale med kong Malcolm III av Skottland om at han kunne ta alt landet på vestkysten som han kunne segle rundt. Magnus meinte at Kintyre hadde betre land enn det meste av Hebridane og gav derfor ordre om å dra skipet hans over eidet slik at han kunne gjere krav på halvøya. Kintyre vart slik under norsk styre dei neste 10-15 åra.[4][5][6]

Meir enn to hundre år seinare gjorde Robert Bruce det same under den skotske sjølvstendekrigen for å imponere klanhøvdingane i Argyll. Han nytta trestammer til å rulle skipet sitt over.[7]

På 1700-talet noterte Thomas Pennant at havgåande fartøy på opp til 10 tonn vart drege over eidet for å unngå det farlege og stormfulle farvatnet rundt Mull of Kintyre. James Watt meinte det skulle vere mogeleg å byggje ein kanal over eidet, men tida gjekk og då Crinankanalen stod ferdig i 1801 var ikkje kanalen over eidet lenger naudsynt.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «East Loch Tarbert, Argyll» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Murray, W.H. (1977) The Companion Guide to the West Highlands of Scotland. London. Collins.
    • Hollander, Lee M. (ed. & tr.) (1964) Heimskringla: History of the Kings of Norway. Austin: University of Texas Press.
  1. "East Loch Tarbert" Gazetteer for Scotland.
  2. "West Loch Tarbert" Gazetteer for Scotland.
  3. "Lochgilphead & Tarbert Area" Undiscovered Scotland.
  4. Magnus's saga, kapittel 10 i Hollander (1964), s. 676–677.
  5. Murray (1977) s. 100. har datoen 1093.
  6. «Tarbert History» Tarbert.info.
  7. 7,0 7,1 Murray (1977) s. 100–01.

Koordinatar: 55°52′3″N 5°23′55″W