Loch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Loch Ness med Urquhart-borga i framgrunnen.
Foto: Sam Fentress

Loch er eit skotsk ord som kan visa til innsjøar, bukter eller fjordar. Ein mindre loch blir kalla ein lochan.

Namnet er av gælisk opphav og blir òg brukt i Ulster og Nord-Irland, der mange skottar har busett seg. I resten av Irland bruker ein det tilsvarane ordet lough. Den skotske uttalen av loch er [lɒx], og ordet blir ofte brukt til å forklara engelskmenn korleis ein uttaler ein ustemd velar frikativ. På engelsk kan òg siste lyden uttalast som ein k.

Den best kjende lochen er Loch Ness, medan andre store og kjende skotske innsjøar er Loch Awe, Loch Lomond og Loch Tay. Loch Long, Loch Fyne, Loch Linnhe og Loch Eriboll er sjø-lochar, eller skotske fjordar. På same måte som norske fjordar og fjordsjøar er dei fleste lochane blitt skapte av isbrear som skar seg ned i fjellet. Men også nokre nyskapte innsjøar har fått loch-namn, slik som demningsjøane Loch Sloy, Loch Laggan og Loch Treig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Loch