Robert I av Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert I av Skottland

Fødd11. juli 1274
Turnberry Castle
Død7. juni 1329
Cardross
Tittelmonarch of Scotland, Jarl av Carrick
Alle titlargreve, monarch of Scotland
Hus eller slektHuset Bruce
GravstadDunfermline Abbey, Melrose Abbey
LandKongeriket Skottland
MorMarjorie av Carrick, 3. grevinne av Carrick
FarRobert Bruce, jarl av Carrick
EktefelleIsabella av Mar, Elizabeth av Burgh
BarnMarjorie Bruce, David II av Skottland, Margaret Bruce, Robert Bruce, Lord of Liddesdale, Maud Bruce, John Bruce, Walter Bruce, Margaret Bruce, Catherine Bruce, Elizabeth Bruce, Christina Bruce, Neil Bruce
Den sigersrike Robert Bruce, statue i nærleiken av slottet i Stirling.

Robert I av Skottland, eller Robert Bruce[a] (11. juli 12747. juni 1329) var konge av Skottland i tida 1306–1329.

Robert Bruce var ein av dei mest berømte krigarane i sin generasjon, og leia Skottland gjennom den skotske frigjeringskrigen mot England. Kravet hans til krona var å vera tipp-tipp-tipp-oldebarn til kong David I av Skottland. Robert Bruce blir rekna som ein av dei store kongane i skotsk historie, ein heltekonge som sigra over England i det berømte slaget ved Bannockburn. Det finst minnesmerke over Robert Bruce over heile Skottland, og portrettet av han er på pengesetlane i landet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Robert Bruce, som var av normannarslekt, var fødd som eldstesonen til Robert Bruce, 6. lord av Annandale, og Marjorie av Carrick, 3. grevinne av Carrick, som var dotter av Niall, 2. jarl av Carrick. Mor hans var etter alle mål ei formidabel kvinne som etter det som blir sagt, heldt far til Robert Bruce i fangenskap til han gjekk med på å gifta seg med henne.

Frå mor si arva Robert Bruce det gæliske jarledømet Carrick, og frå far sin ein kongeleg arverett til den skotske trona.

Sjølv om fødselsåret hans er kjent er fødestaden mindre sikker. Det var truleg Turnberry Castle i Ayrshire, men Lochmaben i Dumfriesshire er også blitt nemnt.

Robert Bruce såg utfallet av «Den store saka» (The Great Cause) i 1292 som svært urettferdig ved at den skotske krona blei gitt til den største rivalen til Bruce-familie, John Balliol. I hans auge hindra det hans eigen familie i å innta den rettmessige plassen sin på trona. Bruce-familien si tilknyting til det skotske kongehuset var som følgjer:

  1. David I av Skottland (tipp-tipp-tippoldefar)
  2. Henry av Skottland, 3 jarl av Huntingdon (tipp-tippoldefar)
  3. David av Skottland, 8 jarl av Huntingdon (tippoldefar)
  4. Isobel av Huntingdon (oldemor)
  5. Robert Bruce, 5 lord av Annandale (farfar)
  6. Robert Bruce, jarl av Carrick (far)
  7. Robert I av Skottland

I 1295 gifta Robert Bruce seg med den fyrste kona si, Isabella av Mar, som var dotter av Donald, 6. jarl av Mar. Isabella døydde innan eit år, etter å ha fødd det einaste barnet deira, Marjorie Bruce. Marjorie blei seinare gift med Walter Stewart, 6. High Steward av Skottland, og fødde den framtidige kongen Robert II av Skottland.

Byrjinga på den skotske frigjeringskrigen[endre | endre wikiteksten]

I august 1296 hadde Robert Bruce og far hans svore lojalitet til Edvard I av England ved Berwick, og eiden blei gjeven på nytt ved Carlisle. Den unge Bruce braut eiden då han deltok i det skotske opprøret året etter. Sommaren 1297 blei det sendt eit hastebrev til Bruce som gav han ordre om å undergje seg kommandoen til Edvard sin avløysar John de Warenne, 7. jarl av Surrey, men i staden for å retta seg etter dette, herja Bruce og soldatane hans landområda som Edvard kontrollerte.

7. juli blei Bruce og tilhengjarane hans tvinga til gå med på ein traktat som er blitt kjend som «Kapitulasjonen ved Irvine». Konklusjonen var at den skotske adelen ikkje skulle vera nøydd til å delta i engelsk krigføring på kontinentet, og dei fekk også nåde for det valdelege opprøret sitt. Samtidig måtte dei atter sverja dyrt og heilagt på å vera tru mot den engelske trona. For å vera sikker på at eiden blei overhalden kravde kong Edvard det einaste barnet til Robert Bruce som gissel, og ho blei gjeven til James Stewart, biskop av Glasgow, og sir Alexander Lindsay som garanti inntil vidare.

På skotsk side[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter slaget ved Stirling Bridge verka det som om Robert Bruce nok ein gong var på sida til landsmennene sine. Annandale var blitt herja, og Bruce brann deretter den engelskkontrollerte festninga Ayr ned til grunnen. Då Edvard I vende tilbake til England etter å ha sigra i slaget ved Falkirk, blei eigedommane til Bruce-familien ved Annandale og Carrick gitt til Edvard sine tilhengjarar.

Etter nederlaget ved Falkirk gjekk William Wallace av som Vaktar av Skottland, og blei etterfølgd av Robert Bruce og John Comyn, som delte vervet. Vaktarane var rivalar, og hadde vanskar med å samarbeida. John Comyn, som ofte blir kalla for «Raude Comyn» for å skilja han frå faren, kjend som «Svarte Comyn», var tilhengjar av John Balliol, og inngifta i Balliol-familien. I 1288 blei William Lamberton, biskopen av St. Andrews, peika ut til å vera den tredje Vaktaren av Skottland for å opptre som nøytral og halda fred mellom Bruce og Comyn. Året etter forlét Bruce stillilnga som vaktar, og blei etterfølgd av sir Ingram de Umfraville. I mai 1301 gjekk også de Umfraville, John Comyn og William Lamberton av som felles vaktarar, og blei etterfølgde av sir John de Soulis, som hadde stillinga åleine. Soulis blei hovudsakleg vald fordi han ikkje var part i striden mellom familiane Bruce og Comyn. Han gjorde fornya innsats for å få John Balliol tilbake på den skotske trona.

På engelsk side[endre | endre wikiteksten]

I juli byrja Edvard I av England det sjette felttoget sitt i Skottland. Sjølv om han erobra Bothwell og festninga Turnberry Castle, klarte han ikkje å svekkja motstandsevna til skottane i vesentleg grad. I januar 1302 blei partane einige om våpenkvile i ni månader. Det var på denne tida at Robert Bruce gav seg inn under Edvard I, saman med andre adelsmenn, sjølv om han hadde vore på parti med patriotane. Det er mange grunnar til at han skifta side. Ein av grunnane kan ha vore at Bruce fann det avskyeleg og hensiktslaust å sjå tilhengjarane sine, familie og arv bli ofra til fordel for John Balliol.

Det gjekk også rykte om at Balliol ville koma tilbake til Skottland med ein fransk hærstyrke og innta den skotske trona att. Soulis støtta Balliol, og det same gjorde mange andre adelsmenn, men for Bruce og andre betydde det at dei ville mista alle sjansane til å sikra seg trona for seg sjølv. I tillegg var far til Robert Bruce gammal og sjuk, og ønskte kanskje at sonen skulle søkja fred med Edvard I, ettersom han var overtydd om England til slutt ville sigra over skottane. Om opprøret feila og sonen hans var på feil side, ville han mista alt; titlar, landområde og truleg også livet. På dette tidspunktet ville Edvard også treng skotske adelsmenn som Bruce som allierte, ikkje som fiendar. Edvard I av England var trua både av å bli lyst i bann av paven og av den overhengande trusselen om ein fransk invasjon.

Giftarmål[endre | endre wikiteksten]

Robert Bruce gifta seg med den andre kona si, Elizabeth de Burgh, dette året. Ho var dotter av Richard Og de Burgh, 2. jarl av Ulster. Med Elizabeth fekk han fire barn: David II, John, Matilda, og Margaret (som blei gift med William, jarl av Sutherland).

Ny engelsk invasjon[endre | endre wikiteksten]

I 1303 invaderte Edvard I av England nok ein gong Skottland, og nådde Edinburgh før han marsjerte til Perth. John Comyn den raude, som igjen gjorde teneste som Vaktar, hadde ikkje noko håp om å overvinna den mektige engelske hæren. Edvard blei verande i Perth til juli før han heldt fram til Dundee, opp austkysten til Montrose og Brechin, og vidare til Aberdeen som han nådde i august. Derfrå marsjerte han gjennom området Moray før han heldt fram til Badenoch, og følgde deretter same veg tilbake sørover, til han kom til Dunfermline.

Med Skottland effektivt undertrykt overgav alle dei leiande skottane seg til Edvard i februar 1304, bortsett frå William Wallace. Vilkåra for overgjeving blei forhandla fram av John Comyn; dei skotske lovene og fridommane deira skulle halda fram med å vere som dei hadde vore under Aleksander III av Skottland.

Hemmeleg pakt[endre | endre wikiteksten]

Den 11. juni 1304, etter å ha vore vitne til den tapre innsatsen til skottane då Edvard sigra ved slaget ved Stirling Castle, inngjekk Robert Bruce og William Lamberton ei hemmeleg pakt med kvarandre i «vennskap og allianse mot alle menn». Pakta bestod av eit samarbeid for å få Bruce til å bli den neste kongen i Skottland. Om ein av dei braut pakta skulle han skylda den andre ein sum på 10 000 pund. Sjølv om begge hadde overgitt seg til engelskmennene, var pakta eit bevis på den djupe patriotismen deira og forpliktinga til å verna om Skottland og skotsk fridom. Dei var no fast bestemde på å prøva å oppfylla pakta fram til den aldrande engelske kongen døydde.

No som Skottland var forsvarslaust ville Edvard I gjera landet til ein del av England. Den skotske adelen hadde igjen hylla han, og det var blitt etablert eit styre som valde ut dei som seinare same året skulle møta det engelske parlamentet for å etablera reglar for styret av Skottland. Sjølv om skottane som deltok så var det engelskmenn som hadde den verkelege makta. Jarlen av Richmond, neøen til Edvard, var den som blei utpeika til å leia den underordna regjeringa av Skottland.

Medan dette skjedde blei William Wallace endeleg teken til fange i nærleiken av Glasgow og brutalt avretta den 23. august 1305. Edvard I trudde han var kvitt ein plagsam opprørar ein gong for alle, men i staden gjorde han Wallace til ein martyr, ein ‘større-enn-livet' nasjonalhelt for skottane. I staden for å avgjera «det skotske spørsmålet» ein gong for alle hadde Edvard skapt ein uforsonleg fiendskap som ville plaga han resten av livet.

Husarrest og kroning[endre | endre wikiteksten]

I september 1305 hadde Edvard gjeve ordre om å setja Robert Bruce, som jarl av Carrick og no også som 7 lord av Annandale, i husarrest ved Kildrummy Castle, for «å halda på han til han er villig å svara for seg», noko som tydde på at Edvard mistenkte at Bruce ikkje var heilt til å stola på og kanskje konspirerte bak ryggen hans. Bruce, som hadde manøvrert både fram og tilbake mellom skotsk og engelsk lojalitet, var effektivt blitt gjort makteslaus. John Comyn betalte derimot ei bot til den engelske kongen og heldt på rørslefridommen sin, eigedommane sine og den store politiske makta si. At Edvard I ikkje viste noko teikn til å påskjønna Bruce var kanskje den viktigaste grunnen til at han kom til å satsa alt på å bli den neste kongen til skottane.

Bruce kontakta Comyn og sa at den beste måten til å hindra framtidige vanskar, gjeninnføra dei tapte privilegia til adelen, og dei frie rettane til skottane, var å finna ei semje med kvarandre. Han gav eit val mellom to moglegheiter. Om Comyn skulle regjera Skottland, skulle Bruce overta alle eigedommane hans som kompensasjon, og i motsett fall, om Bruce blei konge, skulle Comyn overta landområda til Bruce som kompensasjon. Av ukjende grunnar, kanskje for å øydeleggja for rivalen sin, avslørte Comyn konspirasjonen for Edvard I. Robert Bruce, som på denne tida var ved det engelske hoffet, måtte flykta hals over hovud til Skottland.

For Robert Bruce var ikkje Comyn berre ein brysam rival, han var også eit hinder for at Bruce kunne nå måla sine. Den 10. februar 1306 sende han dei to brørne sine, Thomas og Nigel, frå festninga i Lochmaben til Comyn si festning i Dalswinton, berre rundt 15 km unna, for å be han møta seg i Dumfriers for å diskutera den tidlegare samtalen deira. Bruce møtte Comyn i Greyfriars-kyrkja. I løpet av samtalen steig aggresjonen mellom dei to mennene.

Seinare herja og brann Bruce hensynslaust i landområda i Buchan, og utraderte Comyn-familien der. Då den einaste sonen til Raude Comyn døydde i slaget ved Bannockburn, medan han kjempa på engelsk side, var familien knust, titlane deira var tapte og festninga Slains Castle nord for Aberdeen gjeven vidare til Hays-klanen av Errol (som var fjerne slektningar av Comyn) som løn for støtta deira til Bruce. Mange skottar var og er framleis opprørte over mordet, og reknar John Comyn som ein martyr. Pave Klemens V bannlyste Robert Bruce for denne handlinga, særleg ettersom ho hadde funne stad i ei kyrkje.

Robert Bruce og mennene hans overfall og tok den engelske garnisonen Dumfries Castle. Styrken til Bruce rei nordover og møtte ein ung mann, James Douglas, som hadde mista både far og bestefar sin medan dei kjempa mot England. Bruce hadde ikkje allmenn støtte i Skottland, men dette skulle endra seg. Douglas var send av William Lamberton, biskopen i St. Andrews, og som mange skottar som hadde fått hus og heim brunne ned av engelskmennene støtta han saka til Bruce. Denne mannen skulle ganske raskt bli ein av Bruces viktigaste allierte, kjende og frykta av engelskmennene som «Svarte-Douglas». Bruce kalla han «Den gode sir James».

Berre seks veker etter drapet på Comyn blei Robert Bruce krona som konge av skottane under namnet Robert I av Skottland på kroningsstaden Scone Abbey den 25. mars framfor «dei fire biskopane, fem jarlane og folket i landet». Kroninga skjedde i all hast. Ein tynn krans av gull blei laga for å representera den gamle krona til Skottland, som Edvard I hadde røva med seg til England. Tradisjonelt var det jarlen av Fife som i alle år hadde hatt privilegiet med å krona kongen, men den noverande jarlen, Duncan MacDuff, 8. jarl av Fife, var gift med Mary de Monthermer, niesa til Edvard I og var såleis på engelsk side. Han nekta å gjennomføra seremonien. Systera hans Isabella, grevinne av Buchan, som hadde vore gift med den avdøde John Comyn, gjekk derimot med på å utøva seremonien på vegner av huset sitt, og følgde Robert Bruce til kroninga hans etter den gamle skikken.

Frå Scone til Bannockburn[endre | endre wikiteksten]

I juni 1306 blei hæren til Robert Bruce overvunnen i slaget ved Methven vest for Perth, og igjen overvann i slaget ved Dalry sør for Tyndrum, sørvest for Glasgow. I august blei han overraska i Strathfillan der han hadde søkt tilflukt. Kvinnene i familien, Isabel og systera hans Mary, blei fengsla, og Elizabeth og dottera Marjorie blei sende til Kildrummy Castle i januar 1307. Robert Bruce lét seg forsvinna i fleire månader. Nesten utan ein einaste tilhengjar måtte han flykta til dei isolerte og forblåste øyane på vestkysten av Skottland.

Om våren marsjerte Edvard I mot nord igjen. Han hadde vorte 76 år gammal og helsa var skral, men han var framleis bestemt på å knusa skottane. På vegen mot nord annekterte han eigedommane til Bruce og tilhengjarane hans, og fordelte dei blant sine eigne. Han lét også ein plakat bli spreidd kvar han bannlyste Bruce. Bruce si dronning Elizabeth, dottera hans Marjorie og systera hans Christina blei tekne til fange i eit kloster ved Tain. Dei tre yngre brørne hans beli også fanga og straks avretta. Det hadde knapt sett mørkare ut for Robert Bruce. Då skjedde det einaste som kunne endra stoda: På grensa mot Skottland, i Burgh by Sands i Cumberland, nær Carlisle, døydde Edvard I av England.

Lekamen til den døde kongen blei frakta sørover og gravlagd i Westminster Abbey med tittelen «Hammaren til skottane». Han blei etterfølgd av sonen sin, Edvard II, som var av ein heilt anna støypinga enn faren, svakare og utan den same autoriteten.

Krigslykka snur[endre | endre wikiteksten]

I februar segla Robert Bruce tilbake til det skotske fastlandet, til Turnberry Castle. Inspirert av krigføringa til William Wallace byrja han ein langsam og tolmodig kampanje i sørvestlege Skottland mot dei engelske styrkane. Den vesle hærstyrken hans var ikkje i stand til møte engelskmennene, heller ikkje ein skotsk klan, i eit regulært slag, men Robert Bruce kunne heller ikkje vera på flukt i all æve. Løysinga hans var å utvikla ein kampteknikk som var ukjend for den føydale krigføringa i mellomalderen. Bruce tilpassa langskipa som vikingane hadde brukt til å gjennomføra raske, effektive strandhogg, men overført til rappfota og lett væpna krigarar, «highlanderar» frå høglandet og dei ytre øyane som han hadde fått låna frå Angus Og, den meir eller mindre sjølvstendige herskaren av dei ytre øyane. Robert Bruce drilla desse gælisktalande stammemennene til ein dødeleg geriljastyrke som kunne bevega seg raskt og slå til raskt og presist.

Langsamt vann Bruce tilbake landområde bit for bit, landsby for landsby, by for by, til han i april fekk sin fyrste store siger ved Glen Trool, før han sigra over Aymer de Valence, 2. jarl av Pembroke i slaget ved Loudoun Hill i 1307. Bruce gav kommandoen over området Galloway til broren sin Edward Bruce, medan han sjølv kommanderte styrkane ved Aberdeenshire. Han sigra over John Comyn den eldre, jarlen av Buchan, ved slaget ved Inverurie i mai 1308. Deretter kryssa han Argyll, og hadde i juli overvunne endå ein skottehær som støtta engelskmennene i slaget ved Brander Pass. Deretter kunne han erobra det viktige Dunstaffnage Castle. Bruce var då uomtvisteleg konge av Skottland.

I mars 1309 samla han det fyrste parlamentsmøtet sitt i St. Andrews, og innan august kontrollerte han heile Skottland nord for elva Tay. Året etter anerkjende den skotske geistlegheita han som konge ved eit kyrkjemøte. Støtta til den skotske kyrkja sjølv om han var bannlyst av paven var av stor tyding. Den gamle vennen hans biskop William Lamberton av St. Andrew hadde truleg ei viktig rolle i å omvenda kyrkja for den skotske saka.

Dei neste tre åra erobra styrkane til Bruce den eine engelskbesette festning eller utposten etter den andre: Linlithgow i 1310, Dumbarton i 1311, og Perth, av Bruce personleg, i januar 1312. Han gjorde også mindre invasjonar inn i Nord-England. I mars 1313 erobra sir James Douglas Roxburgh og Thomas Randolph, 1. jarl av Moray, Edinburgh Castle. I mai var Bruce igjen i England og herja. Samtidig la han den tidlegare norske øya Isle of Man i Irskesjøen under seg. På same tid omleira broren Edward Bruce Stirling Castle. Guvernøren, sir Philip de Mowbray, overgav seg den 24.juni 1314.

Dei åtte utmattande åra der Robert Bruce medvite valde å ikkje møta engelske hærstyrkar på like vilkår har gitt den skotske kongen eit ettermæle som ein av dei store geriljakrigarane gjennom alle tider. I motsetnad til korleis Robert Bruce blei framstilt i filmen Braveheart, handla den historiske Robert Bruce ikkje på impuls, men var planla nøye, var godt førebudd ved alle slagtrefningar og styrte medvite dei engelske styrkane dit han ville møta dei. For ein som var oppdragen til å vera tradisjonell føydal riddar representerte geriljakrigen ei omvending. Bruce tok tilbake, og sikra skotsk lausriving frå England med militære middel, ikkje diplomatiske. Den endelege avgjerda skjedde ved det kjende slaget ved Bannockburn i 1314.

Bannockburn[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Bannockburn mellom 23 og 24 juni 1314 var vendepunktet, og beviste for dei som tvilte på det at Bruce verkeleg var kongen som ville og kunne sameina Skottland. Slaget kunne likevel ha gått gale for han. Skottane var talmessig underlegne med 9 000 mann mot den engelske hærstyrken på opptil 25 000. Under leiinga til Robert Bruce kjempa skottane på minst mogleg plass som oppheva den engelske styrkefordelen, og vann ein overveldande siger.

Dagen før slaget blei skottane utfordra av ein engelsk riddar, sir Humphrey de Bohun (nevø til Humphrey de Bohun, 4. jarl av Hereford som sjølv blei teken til fange), til tvikamp mot kva riddar som helst frå den skotske hæren. Til forferding frå sine eigne generalar tok Robert Bruce imot utfordringa ved å stilla opp på eigne vegner, og møtte den massivt armerte utfordrar med ein lett høglandshest og tynn armering. Sir Humphrey galloperte tungt mot skottekongen med heva lanse. Bruce sat urørleg på den trippande hesten sin og venta. I siste sekund steppa han til side og då den engelske riddaren rasa forbi gravla han kampøksa i hovudet hans, til kraftig jubel frå sine eigne. Då Bruce reid tilbake og generalane hans uttrykte uro for slik unødvendig og tåpeleg åtferd svarte han, ifølgje myten, at det einaste han beklaga var «tapet av ei god kampøks».

Etter Bannockburn var Skottland fri frå det engelske trykket, og ein annan engelsk ekspedisjon over grensa blei driven tilbake. For fyrste gong kunne Robert Bruce sjølv invadera nordlege England med hovudhæren sin, og gjennomføra herjingar mot Yorkshire og Lancashire. Edvard II av England blei nøydd til å søkja om fred.

Bruce og Irland[endre | endre wikiteksten]

Oppmuntra av den militære suksessen sin invaderte styrkane til Bruce også Irland i 1315, tilsynelatande for å fri landet frå engelsk styre, men det er også mistenkt at grunngjevinga like mykje var å opna ei ny frontlinje i den pågåande krigen mot England. Irlendarane krona Edward Bruce som overkonge (high king) av Irland i 1316 og Robert Bruce drog sjølv dit med endå ein hærstyrke for å støtta broren. Propagandaen til Bruce understreka førestillinga om ein felles gælisk allianse, slik det blir uttrykt i eit brev han sende til irske høvdingar. Her kallar han alle skottar og irlendarar for nostra nacio («nasjonen vår»), som peikar på det felles språket, kulturen og arva til dei to folka.

Siste år[endre | endre wikiteksten]

Med sigeren i Brannockburn samla og sameinte Robert Bruce det gjenstridige Skottland, sjølv om det framleis fnast misøgde adelege som støtta Balliol-saka. Under den såkalla Soules-konspirasjonen i 1320 blei konspiratørane fanga inn og kasta i fengsel. Etter å ha slått ned dei indre fiendane sine retta Bruce merksemda mot fiendar i Europa, der han oppnådde fleire imponerande diplomatiske prestasjonar.

Deklarasjonen av Arbroath i 1320 styrkte stillinga hans, særleg i høve til Den heilage stolen med pave Johannes XXII som endeleg fjerna bannlysinga av Bruce. I mai 1328 skreiv kong Edvard III av England, som etterfølgde den svake Edvard II, under Edinburgh-Northampton-traktaten. Denne anerkjende Skottland som eit sjølvstendig kongedømme og Robert Bruce som konge av det.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Robert Bruce og Elizabeth de Burgh, frå Seton Armorial.
Dødsmaska til Robert Bruce i Rosslyn-kapellet i Skottland.

Robert Bruce hadde ein stor familie i tillegg til kona si Elizabeth og barna sine. Han hadde tre brør: Edward, Alexander, Thomas og Nigel, fem systrer: Christian (Christina), Isobel (som var den andre kona til Eirik Magnusson og dermed dronning av Noreg), Margaret, Matilda og Mary, og nevøen sin Donald, jarlen av Mar. Thomas Randolph, 1. jarl av Moray har også vore omtalt som nevøen hans, og skal ifølgje ei svært usikker overlevering ha vore son av halvsystera hans. Tre av brørne - Alexander, Thomas og Nigel - blei avretta av engelskmennene, medan den broren som stod han nærast, Edward Bruce, døydde i eit slag på Irland.

I tillegg til barna sine fødd innanfor ekteskap hadde han også fleire utanfor ekteskap med kvinner som ein ikkje nødvendigvis kjenner namna til. Sonen Robert fall i slaget ved Duppin (1332), medan Nigel fall i slaget ved Durham(1346). Døtrene hans var Elizabeth (gift med Walter Oliphant av Aberdalgie), Margaret (gift med Robert Glen) og Christina (døde etter 1329).

Robert Bruce døydde 7. juni 1329 på godset Cardross i Dunbartonshire. Då hadde i han lidd i fleire år av ein sjukdom som samtidige skribentar omtalte som «ei uklar liding». Den tradisjonelle oppfatninga er at det var spedalskheit.

I 1965 undersøkte den danske legen Vilhelm Møller-Christensen (1903-88) hovudskallne til Robert Bruce, som var oppbevart ved den historiske skjelettsamlinga til Edinburgh universitet. Møller-Christensen stadfesta at den skotske kongen hadde vore spedalsk.[1]

Bruce er gravlagd i klosteret Dunfermline Abbey, men hjartet hans blei etter hans eige ønske teke med av sir James Douglas på eit krosstog til den muslimske delen av Spania. Her blei Douglas omringa av maurarar, og møtte ein snarleg død. Som ei siste handling skal Douglas ha kasta frå seg skrinet med hjartet i og ropt «Onward braveheart, Douglas shall follow thee or die!» Av tittelen på filmen Braveheart kan ein få inntrykk av at uttrykket refererer til William Wallace, men i skotsk historie dreier det seg altså om hjartet til Robert Bruce. Hjartet skal seinare ha blitt funne igjen, frakta tilbake til Skottland og gravlagd i Melrose Abbey i Roxburghshire.

Robert Bruce blei etterfølgd av den einaste overlevande sonen sin, den umyndige David II.

Legenda om Robert Bruce[endre | endre wikiteksten]

Etter det katastrofale nederlaget i slaget ved Methven - samtidig som brørne hans vart avretta, og kvinnene i familien sat i fangenskap - måtte Bruce ifølgje ei populær soge halda seg skjult i ei hòle på ei einsam øy. Her sat han i einsemd og stirra på ein edderkopp som prøvde å byggja eit nett. Kvar gong edderkoppen feila, byrja han på nytt att. Inspirert av det tolmodige pågangsmotet til edderkoppen tok Bruce opp att kampen, og påførte engelskmennene ei rekkje nederlag. Slik fekk han ein veksande tilhengjarskare og ein veksande hær, og vann til slutt den avgjerande sigeren i slaget ved Bannockburn i 1314.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert de Brusnormannar-fransk og Roibert a Briuis på mellomalder-gælisk, på moderne engelsk oftast kjent som Robert the Bruce

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Robert I av Skottland
Litteratur
  • Barron, Evan MacLeod, The Scottish War of Independence: A Critical Study, 2nd Edition
  • Barrow, G.W.S., Robert Bruce & Community of The Realm of Scotland
  • Bartlett, Robert, The Making of Europe, Conquest, Colonization and Cultural Change: 950-1350
  • Bingham, Charlotte. Robert the Bruce (1998)
  • Scott, Ronald McNair. Robert the Bruce: King of Scots