Hopp til innhald

York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eboracum)
York
by
Flyfoto av York, med York Minster i midten
Våpenskjold
Motto: Let the Banner of York Fly High
Kallenamn: Capital of the North
Land  England
Region North Yorkshire
Distrikt Sameint styresmakt
Areal 271,94 km²
Folketal 208 400 (2016)
Grunnlagd som Eboracum kring 71 evt.
Postnummer YO
Retningsnummer 01904
Kart
York
53°57′00″N 1°05′00″W / 53.95°N 1.0833333333333°W / 53.95; -1.0833333333333
Wikimedia Commons: York, England

York er ein by nord i England. Byen er kjend for å ha mange bevarte historiske byggverk, mellom anna ein nokså fullstendig bymur. Han var hovudstad i vikingkongedømet Jorvik.

Byen ligg på møtepunktet mellom elvane Ouse og Foss. York har tradisjonelt vore hovudbyen i grevskapet Yorkshire. Han er i dag ei sameint styresmakt i det seremonielle grevskapet North Yorkshire.

Frå mellomaldergata The Shambles i York.
Clifford Tower.

Byen blei grunnlagd som eit romersk fort i år 71. Som Eboracum blei det ein viktig militærbase, og to romerske keisarar døydde her: Septimius Severus i 211 og Constantius Chlorus i 306.

Etter at romarane trekte seg tilbake, blei staden brukt som handelshamn av angelsaksarane, og kalla Eoforwic. Men i november 866 blei han teken av ein "stor vikinghær", fortel angelsaksiske krønikeskrivarar. Vikingane gjorde han til hovudstaden i eit stort kongerike kalla Jorvik, og byen blomstra.

I 954 blei den siste vikingkongen, Eirik Blodøks, utvist frå riket, og det blei innlemma i den nylaga angelsaksiske staten. Men ein kan framleis sjå spor etter dei norrøne innbyggjarane, som i namna på gatene, som gjerne heiter noko med "gate", til dømes Micklegate ('Storgata').

Verdt å sjå

[endre | endre wikiteksten]

York har fleire gamle bygg, som Clifford Tower, eit forsvarstårn på ein bakketopp, og York Minster, som er den største mellomalderdomkyrkja i England. Saman med bymuren og dei bevarte mellomaldergatene gjer desse byen til eit trekkplaster for turistar. I tillegg har York eit rikt gateliv, som organiserte turar med spøkjelsesforteljingar og diverse gateunderhaldning.

Det ligg òg mange museum i byen, mellom anna Yorkshire Museum, jarnbanemuséet National Railway Museum, skrekkmuséet York Dungeon, og vikingmuséet Jorvik Viking Centre.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: York