Ebro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ebro
elv
Ebro i Zaragoza
Land  Spania
Nedslagsfelt 80 093 km²
Sideelvar Aragón, Gállego, Segre, Valira,
Noguera, Noguera Pallaresa,
Noguera Ribagorçana, Cinca,
Isábena, Ésera, Matarraña
Lengd 910 km
Middelvassføring 426 /s
Kjelde Pico de los Tres Mares i Cantabria
 - høgd 1 998 moh.
Munning Middelhavet
 - høgd moh.
Kart
Ebro
43°2′15″ N 4°22′12″ W
Nedslagsfeltet til Ebro
Nedslagsfeltet til Ebro
Nedslagsfeltet til Ebro
Wikimedia Commons: Ebro River

Ebro (gresk Έβρος, latinsk Iberus, spansk Ebro, katalansk Ebre) er den nest lengste elva i Spania og den mest vassførande med ei lengd på 910 km. Ho spring ut ved Fontibre (provinsen Cantabria), renn forbi Miranda de Ebro, Logroño, Zaragoza, Flix, Tortosa og Amposta og munnar ut i eit delta i Middelhavet i provinsen Tarragona.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det latinske namnet kan vere i slekt med namnet Iberia og det før-romerske iberarar (og keltiberarar). Det kan vere i slekt med det moderne baskiske ordet ibar («ein slags dal»).

Dalen til denne elva er staden der handlinga i novella Hills Like White Elephants av Ernest Hemingway går føre seg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart Ebro nytta som grense mellom Den romerske republikken (nord) og Kartago (sør) etter utvidingane etter den første punarkrigen. Då Roma i frykt for at Hannibal skulle verte for dominerande på Den iberiske halvøya gjorde byen Saguntum (langt sør for Ebro) eit protektorat under Roma, såg Hannibal dette som ei aggressiv handling av romarane og nytta hendinga til å utløyse den andre punarkrigen.

Eit av dei første cisterciensar-klostera i Spania, Real Monasterio de Nuestra Senora de Rueda, låg ved breidda av Ebro i Aragon. Byggverket eksisterer framleis og er sterkt knytt til Ebro, sidan ei av dei første vassmøllene i Spania vart bygd her. Klosteret førte òg vatn frå Ebro i eit hydrologisk oppvarmingssystem i bygningane.

Elva Ebro var utgangspunkt for eit av dei mest kjende republikanske offensivane under den spanske borgarkrigen i 1938. Offensiven, kjend som slaget ved Ebro, enda i nederlag for dei republikanske styrkane, sjølv om dei oppnådde ein viss suksess i starten.

Deltaet[endre | endre wikiteksten]

Ebrodeltaet er eit av dei største våtmarksområda vest i Middelhavetsområdet med eit areal på 320 km². Ebrodeltaet har vakse raskt. Dette kan ein sjå på byen Amposta, som var ein hamneby på 300-talet, og som no ligg godt inn i landet, innanfor munningen til Ebro. Det avrunda deltaet syner balansen mellom sedimentavleiringa frå Ebro og erosjon frå bølgjene i havet.

Det moderne deltaet er eit omfattande jordbruksområde der det vert dyrka ris, frukt og grønsaker. Ebrodeltaet har òg mange strender, myrområde og saltpanner som er habitat for over 300 fugleartar. Ein stor del av deltaet vart erklært ein naturpark i 1983. Eit nettverk av kanalar og vatningsgrøfter for både jordbruk og bevaring er med på å oppretthalde dei økologiske og økonomiske ressursane i Ebrodeltaet.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ebro er den viktigaste elva i Spania med ei lengd på 928 km og eit nedslagsfelt på 85 550 km², men den årlege middelvassføringa minka med om lag 29 % på 1900-talet på grunn av fleire årsaker. Det vart bygd dammar, vatnet vart nytta til vatning, og dei store vassflatene i reservoara førte til større fordamping enn tilført vatn i form av regn. Denne situasjonen har fått direkte innverknad på deltasystemet ved munningen på grunn av den hydrologiske dynamikken i deltaet vert styrt av vassføringa til elva og ei saltkile frå havet. Når vassføringa er mellom 300 og 400 m³, kan saltkilen dekke dei nedste 5 kilometrane av estuaret, men når vassføringa minkar til mellom 100 og 300 m³, kan saltkilen trenge 18 km oppover elva, og med vassføring mindre enn 100 m³ strekkjer saltkilen seg heilt til 32 km frå munningen. I tillegg til den minka middelvassføringa, har reguleringa av elva ført til daglege og sesongbasert variasjon i strøymingsmønsteret.

Den lågare vassføringa har òg ført til at elva ikkje set av like mykje sediment som tidlegare. Avsettinga er redusert med meir enn 99 % det siste hundreåret. Denne drastiske reduksjonen i sedimenttransport har ført til auka erosjon av kystlinja. I tillegg søkk deltaet på grunn av jordsmonnet pressar seg saman og ved tektonisk subsidens.

Ebro in Miranda de Ebro.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Ebro Delta naturpark, som dekkjer eit område på 78 km², vart oppretta i 1986 og er internasjonalt viktig. 95 forskjellige fugleartar hekkar i området, og fleire overvintrar her, i tillegg til at mange trekkfuglar stoppar her. Ebrodeltaet har den største bestanden av middelhavsmåse i verda, med 15 000 par i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]