Hopp til innhald

Logroño

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logroño
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region La Rioja
Høgd 384 m
Areal 79 570 000 km²
Folketal 152 150 (2025)
Grunnlagd 1095
Postnummer 26001–26009
Kart
Logroño
42°28′12″N 2°26′44″W / 42.47°N 2.4455555555556°W / 42.47; -2.4455555555556
Wikimedia Commons: Logroño

Logroño er ein by nord i Spania ved elva Ebro. Han er hovudstad i den autonome regionen La Rioja, tidlegare kalla provinsen Logroño.

Byen har kring 150 000 innbyggjarar og er handelssenter for Rioja-vinen, som området er kjent for. Her vert òg produsert tømmer, metall og tekstilar.

Logroño ligg nord i regionen La Rioja, ved elva Ebro, 384 meter over havet. Camino de Santiago går gjennom byen. Byen ligg 152 km frå Bilbao, 336 km frå Madrid og 468 km frå Barcelona.

Puente de Piedra.

Logroño er ein gammal busetnad, først under romarane med namnet Vareia, og så av keltarar. Frå 900-talet kjempa Kongedømet Navarra og Kongedømet Castila om byen. Regionen vart til slutt annektert av Castilla. Alfonso VI av Castilla gav Logroño byrettar i 1095 som fungerte som modell for andre spanske byar. I 1609 og 1610 var Logroño hovudsete for inkvisisjonen, der påståtte baskiske heksar vart brende.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Logroño