Ed Graham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ed Graham
EdGraham2011.jpg
Ed Graham med The DarknessDownload Festival i Donington Park i England (10. juni 2011)
Fødd20. februar 1977 (45 år)
FødestadGreat Yarmouth
FødenamnEdwin James Graham
AliasEd
OpphavStorbritannia
Aktiv2000–2008, sidan 2011
SjangerGlam metal, hardrock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarStone Gods, The Darkness, Q*Sling
PlateselskapAtlantic, Must Destroy
Verka sommusikar, trommeslagar

Edwin James Graham (fødd 20. februar 1977) er ein engelsk musikar, mest kjend som den originale trommeslagaren i rockebandet The Darkness, og sidan i avleggjaren Stone Gods fronta av gitaristen songaren Richie Edwards.

Graham spelte på tre studioalbum med The Darkness: Permission to Land, One Way Ticket to Hell... and Back og Hot Cakes. I 2006 vart The Darkness oppløyst då Justin Hawkins slutta. Graham og Dan Hawkins skipa då Stone Gods, og henta inn Toby Macfarlaine og Richie Edwards. Graham slutta i dette bandet i 2008 på grunn av helsetrøbbel.[1]

Sidan skipa han bandet Karaoke for Beginners med den tidlegare Silverfish-gitaristen Andrew «Fuzz» Duprey.

I 2011 vart The Darkness samla att.[2] I oktober 2014 vart det annonsert at bandet ikkje lenger var nøgde med trommeslagaren Ed Graham og han fekk sparken.

I 2015 skipa Graham eit anna band med songaren Angus Duprey, bror til Fuzz Duprey. Bandet heitte Puppets to the Supreme Commander.

I 2017 spelte Graham trommer for eingangsbandet The Venus Reaction.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sad but True Arkivert 6. september 2008 ved Wayback Machine.
  2. Matthew Parker (10. april 2012). «The Darkness to support Lady Gaga on European tour dates». Musicradar.com. Henta 13. mai 2020.