Permission to Land
Permission to Land Studioalbum av The Darkness | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. juli 2003 | |
Innspelt | Chapel (South Thoresby, Lincolnshire), Paul Smith Music (London) | |
Sjanger | Hardrock, glam metal | |
Lengd | 38:09 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Pedro Ferreira | |
The Darkness-kronologi | ||
---|---|---|
I Believe in a Thing Called Love (2002) |
Permission to Land | One Way Ticket to Hell... and Back (2005)
|
Singlar frå Permission to Land | ||
|
Permission to Land er debutalbumet til det britiske glamrockbandet The Darkness. Albumet kom ut i Storbritannia 7. juli 2003 og i USA 16. september 2003. Albumet toppa UK Albums Chart[1] og nådde 36. plassen på det amerikanske Billboard 200-lista.[2] Det vart gjeve ut fem singlar frå Permission to Land: «Get Your Hands off My Woman», «Growing on Me», «I Believe in a Thing Called Love», «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» (som berre finst på den tyske juleutgåva) og «Love Is Only a Feeling». «I Believe in a Thing Called Love» var den mest populære og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bandet var frå tidleg av kjend for konsertane sine, og dei var så populære at dei fekk booka ein Carling Homecoming-konsert på London Astoria før dei hadde platekontrakt. Joe Taylor, Aled Jones og Paul Scaife på The Tip Sheet, eit vekesmagasin med tilhøyrande CD for folk på innsida av den britiske musikkindustrien, høyrde først om bandet gjennom ei melding på diskusjonsforumet til The Tip Sheet, og inkluderte «Love is Only a Feeling» i januar 2002. Record of the Day inkluderte igjen songen då dei spelte på SXSW i mars 2003. «Friday Night» var den neste songen som vart føreslått å visast fram, men bandet ønskte å spare denne for eit album..[3]
I eit intervju med HitQuaters sa A&R-mannen Nick Raphael at det ikkje var noko oppstand om å få signert bandet. «Det kunne ikkje ha vore mindre styr, og berre to plateselskap synte interesse i dei.»[4] Han meinte årsaka for mangelen på interesse var at «Heile industrien meinte dei var ukule. Faktisk såg folk på dei som ein spøk og ikkje som eit ekte band.»[4] Som ein del av Sony Music UK prøvde Raphael å få bandet signert, men dei valde i staden å gå for Atlantic Records.[4]
Permission to Land gjekk rett til andreplassen på UK Albums Chart då det kom ut 7. juli 2003, før det klatra til toppen av lista, der det låg i fire veker. Det selde til slutt over 1,4 millionar eksemplar i Storbritannia aleine.[5]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Bandet henta inspirasjon frå noko av arbeidet dei gjorde i det lokale området sitt, nord i Suffolk-området kring heimbyen Lowestoft, inkludert «Black Shuck», som var basert på segna om ein hund som visstnok heimsøkte kyrkja i den nærliggande landsbyen Blythburgh. «Stuck in a Rut» nemner òg eit vegstykka «Barnby Bends», og «Acle Straight», som begge er hovudvegar mellom høvesvis Lowestoft og Beccles og Norwich og Great Yarmouth. Bandet spelte òg inn eit intervju for MTV Japan, som diskuterer inspirasjonen bak desse songane, og sjølvfilma opptak frå heimbyen. Dette kom ut på ein bonus-DVD med den japanske luksusutgåva av albumet.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 79/100[6] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [7] |
Blender | [8] |
Entertainment Weekly | D[9] |
The Guardian | [10] |
Mojo | [11] |
NME | 7/10[12] |
Pitchfork | 8.4/10[13] |
Q | [14] |
Rolling Stone | [15] |
Uncut | [16] |
Albumet fekk utbreitt heider av kritikarane. På Metacritic, som gjev ein normalisert karakter opp til 100 basert på meldingar frå mainstream-kritikarar, fekk plata 79 av 100, basert på 19 meldingar.[6]
«Permission to Land vil aldri bli albumet The Darkness trur det er,» skreiv Classic Rock, «men, i anda som det tilbyr er det i alle fall meir morosamt enn Use Your Illusion.»[17] I juli 2019 innlemma Decibel Magazine Permission to Land i sitt æresgalleri og skreiv at albumet «som kom til å definere hardrock tidleg i 00-åra høyrest ikkje ut som noko anna som kom ut i 2003 - eller i det førre tiåret for den saks skuld».[18]
Prisar og lovord
[endre | endre wikiteksten]Suksessen til albumet førte til omfattande turnear for bandet, inkludert oppvarming for Metallica på sommarturneen deira i 2003 i Europa. Dei var så hovudattraksjon på Carlingfestivalen i 2004. Bandet vann tre BRIT Awards i 2004 for beste gruppe, beste rockegruppe og beste album.[19] Dei vann òg to Kerrang!-prisar i 2004 for beste konsertartist og beste britiske band.[20] Den tredje singelen frå albumet, «I Believe in a Thing Called Love», vart ein hit i Storbritannia, og det same vart forsøket deira på å nå toppen av den britiske singellista jula 2003 med «Christmas Time (Don't Let the Bells End)». Singlane klarte akkurat ikkje å nå toppen og begge enda på andreplassen.[21][22]
Permission to Land vart røysta til det 49. av dei 50 beste albuma på 2000-talet i Kerrang!. Permission to Land vart seinare nemnt i songen «Whichever Way You Wanna Give It» av det andre bandet til frontmannen Justin Hawkins, Hot Leg. I 2005 vart albumert rangert på 356. plassen i magasinet Rock Hard si bok kalla The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time.[23] Albumet var òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[24] I 2016 rangerte Metal Hammer Permission to Land som det 63. beste albumet på lista si over dei 100 beste albuma på 2000-talet, og kalla det «eit av dei beste debutalbuma gjennom tidene».[25]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ed Graham, Dan Hawkins, Justin Hawkins og Frankie Poullain.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Black Shuck» | 3:20 |
2. | «Get Your Hands off My Woman» | 2:46 |
3. | «Growing on Me» | 3:29 |
4. | «I Believe in a Thing Called Love» | 3:36 |
5. | «Love Is Only a Feeling» | 4:19 |
6. | «Givin' Up» | 3:34 |
7. | «Stuck in a Rut» | 3:17 |
8. | «Friday Night» | 2:56 |
9. | «Love on the Rocks with No Ice» | 5:56 |
10. | «Holding My Own» | 4:56 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» | 3:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «The Best of Me» | 3:31 |
12. | «Makin' Out» | 3:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «History of the Darkness» (Documentary) | 20:00 |
2. | «Get Your Hands Off My Woman» (Live at the Astoria) | 4:34 |
3. | «I Believe in a Thing Called Love» (Live at Knebworth) | 3:52 |
Nr. | Tittel | Utgjeving(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Best of Me» | B-side til «Get Your Hands off My Woman» | 3:31 |
2. | «How Dare You Call This Love?» | B-side til «Growing on Me» | 3:53 |
3. | «Bareback» | B-side til «Growing on Me» | 3:07 |
4. | «Makin' Out» | B-side til «I Believe in a Thing Called Love» | 3:42 |
5. | «Physical Sex» | B-side til «I Believe in a Thing Called Love» | 3:34 |
6. | «Out of My Hands» | B-side til «I Believe in a Thing Called Love» | 3:34 |
7. | «I Love You 5 Times» | B-side til «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» | 3:43 |
8. | «Planning Permission» | B-side til «Love Is Only a Feeling» | 2:30 |
9. | «Curse of the Tollund Man» | B-side til «Love Is Only a Feeling» | 3:09 |
10. | «I Had a Dream» | unytta innspeling | 2:53 |
11. | «I Need You» | unytta innspeling | 3:57 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
Teknisk[endre | endre wikiteksten]
|
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[51] | Platina | 70 000^ |
Canada (Music Canada)[52] | Platina | 100 000^ |
Danmark (IFPI Danmark)[53] | Gull | 20 000^ |
New Zealand (RMNZ)[54] | Platina | 15 000^ |
Storbritannia (BPI)[55] | 4× Platina | 1,404,909[5] |
USA (RIAA)[56] | Gull | 710,000[57] |
Oppsummering | ||
Europa (IFPI)[58] | Platina | 1 000 000* |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Permission to Land» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Artist Chart History - Darkness». Official Charts Company. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «Artist Chart History - The Darkness». Billboard. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «Success Stories». Record of the Day. 1. februar 2006. Arkivert frå originalen 11. oktober 2006. Henta 9. mai 2022.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Interview With Nick Raphael» Arkivert 27. juni 2016 ved Wayback Machine., HitQuarters, 25. mai 2005.
- ↑ 5,0 5,1 Alan Jones (13. oktober 2017). «Official Charts Analysis: Liam Gallagher debuts at No.1 with more than 100,000 album sales». Music Week.
- ↑ 6,0 6,1 «Reviews for Permission To Land by The Darkness». Metacritic. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Phares, Heather. «Permission to Land – The Darkness». AllMusic. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Pemberton, Andy (November 2003). «The Darkness: Permission to Land». Blender (21): 110. Arkivert frå originalen 8. august 2004. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Brunner, Rob (15. august 2003). «Rating the contenders for Britain's top music prize». Entertainment Weekly. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Sullivan, Caroline (4. juli 2003). «The Darkness: Permission to Land». The Guardian (London). Henta 9. mai 2022.
- ↑ «The Darkness: Permission to Land». Mojo (117): 98. August 2003.
- ↑ Wild, Tim (2. juli 2003). «The Darkness : The Darkness». NME. Arkivert frå originalen 30. juni 2016. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Plagenhoef, Scott (9. oktober 2003). «The Darkness: Permission to Land». Pitchfork. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «The Darkness: Permission to Land». Q (205): 104. August 2003.
- ↑ Kemp, Rob (10. september 2003). «The Darkness: Permission to Land». Rolling Stone (932). Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «The Darkness: Permission to Land». Uncut (76): 97. September 2003.
- ↑ Hotten, Jon (August 2003). «Black humour». Classic Rock #56: 90.
- ↑ Green, Nick. «The Darkness - «Permission to Land»». Decibel. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «Brits 2004: The winners». BBC. 17. februar 2004. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «The Darkness rock Kerrang! awards». BBC. 22. august 2003. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «The Official Charts Company – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love». Official Charts Company. 13. desember 2003. Henta 7. mai 2022.
- ↑ «The Official Charts Company – Singles Chart for week up to 27. desember 2003». Official Charts Company. 27. desember 2003. Henta 7. mai 2022.
- ↑ [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 67. ISBN 3-89880-517-4.
- ↑ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.
- ↑ '100 Greatest Albums of the 21st Century', Metal Hammer, Summer 2016, issue 286, p. 39.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Australiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness - Permission to Land" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for The Darkness. Prometheus Global Media.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Danishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness: Permission to Land" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Lescharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Offiziellecharts.de – The Darkness – Permission to Land" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
- ↑ "The Darkness – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Italiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Charts.org.nz. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "20030831 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Swedishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "The Darkness – Permission to Land". Swisscharts.com. Hung Medien.
- ↑ "20030831 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "The Darkness Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Darkness. Prometheus Global Media.
- ↑ «Årslista Album – År 2003» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «End of Year Album Chart Top 100 – 2003». Official Charts Company. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «ARIA Top 100 Albums for 2004». Australian Recording Industry Association. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «Top Selling Albums of 2004». Recorded Music NZ. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «Årslista Album – År 2004» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «End of Year Album Chart Top 100 – 2004». Official Charts Company. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «Top Billboard 200 Albums – Year-End 2004». Billboard. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2004 Albums». Australian Recording Industry Association.
- ↑ «Canadian album salstrofé – The Darkness – Permission to Land». Music Canada.
- ↑ «Danish album salstrofé – The Darkness – Permission to Land». IFPI Denmark.
- ↑ «New Zealand album salstrofé – The Darkness – Permission to Land». Recording Industry Association of New Zealand.
- ↑ «British album salstrofé – The Darkness – Permission To Land». British Phonographic Industry. Enter Permission To Land in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – The Darkness – Permission To Land». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ Nicholas Browne (18. oktober 2008). «Hawkins Legs It Out of Darkness». Billboard: 42.
- ↑ «IFPI Platinum Europe Awards – 2003». International Federation of the Phonographic Industry.