Eddadikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av W.G. Collingwood frå ei utgåve av Den eldre Edda frå 1908.

Eddadikt er dikt frå norrøn tid som handlar om ulike ting frå den norrøne mytologien. Dikta er truleg blitt overleverte munnleg i fleire hundre år før dei blei skrivne ned av prestar og munkarIsland rundt 1200-talet.

Dikta er bygde opp på bokstavrim (alliterasjon), og nokre av dei best kjende er Trymskvida, Voluspå og Håvamål (den høges tale). Trymskvida er eit komisk verk, medan Voluspå handlar om korleis verda blei til og skal gå under. Håvamål er det diktet der Odin fortel folket korleis dei skal leve.

Eddadikta har fått namna sine frå boka om skaldekunst skrive av Snorre Sturlason, Edda. Boka blir nå kalla den yngre edda ettersom ei eldre bok med meir fullstendige dikt, den eldre edda, blei funne seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Edda-kvæde frå www.heimskringla.no
  • Edda-dikt I, Voluspå og Håvamål, gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård, Cappelen Damm, Oslo 2013
  • Edda-dikt II, Gudedikt, gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård, Cappelen Damm, Oslo 2014
  • Edda-dikt III, Heltedikt, del 1, gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård, Cappelen Damm, Oslo 2015
  • Edda-dikt IV, Heltedikt, del 2, gjendikting og kommentarar av Knut Ødegård, Cappelen Damm, Oslo 2016
    Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.