Edgar Stakset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edgar Stakset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1937 (86 år)
Steinkjer kommune
Idrett fotball

Edgar Stakset (fødd 30. april 1937) er ein tidlegare fotballspelar frå Steinkjer, fødd i Namdalseid. Åra 1960-67 spelte han 26 landskampar for Noreg. Stakset var «en friskus, spiller hardt og kontant». Han var oftast midtstoppar, men spelte òg sideback.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Stakset fekk sin debut på Steinkjer Idretts- & fotballklubb i 1954. Sommaren 1956 rykte laget opp i Hovudserien, to år seinare gjekk laget ned att i landsdelsserien. I 1961 fekk Steinkjer plass i den såkalla maratonserien: 1. divisjon 1961–62. Her enda Steinkjer på andreplass, berre seriemeisteren Brann sanka fleire poeng. Allereie hausten 1963 rykte Steinkjer ned i 2. divisjon. Sidan vart Stakset verande andredivisjons-spelar til 1971. Åra 1972 og 1973 var han spelande trenar for 4. divisjonslaget Beitstad. Han la opp etter å ha spela i steinkjerdrakt i 1974-sesongen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Stakset debuterte 28. august 1960 mot Finland. I 1963 var han med å vinne over SkottlandBrann stadion, og å tape 0–9 mot Polen i Stettin. Han gjorde ein av sine aller beste kampar då Noreg 16. juni 1965 slo Jugoslavia med 3–0 i VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion. Stakset og landslagssjef Willi Kment gjekk ikkje overeins, så trass i gode landskampar fekk Stakset ikkje landslagsoppdrag etter 1967.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Sølvplass i 1. divisjon: 1961/62 med Steinkjer IFK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]