Brann Stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brann stadion)
Gå til: navigering, søk
Brann Stadion
Brann stadion-modf.jpg
Adresse Boks 161
5826 Minde
Eigar Brann Stadion ASA
Drift Brann Stadion ASA
Brukarar Brann
Underlag Gras
Banestorleik 150 x 68 m
Kapasitet 17 317
Arkitekt Rasmussen & Lundekvam
Historiske årstal
Påbegynt
1914
Opna
1919
Stengt
Hendingar

Heimekampane til Brann
Diverse konsertar

Brann Stadion er ein fotballstadion på Minde i bydelen Årstad, om lag 3 km sør for Bergen sentrum. Han er fotballklubben Brann si heimebane. Stadionet er ein del av et idrettsanlegg saman med Haukelandshallen og Nymarksbanane, og vart bygd i 1919. Publikumsrekorden er på 24 800 i semifinalen i cupen mot Fredrikstad FK 1. oktober 1961. I seriesamanheng er rekorden 23 900 mot Lillestrøm 8. mai 1978

Tribunar[endre | endre wikiteksten]

Brann Stadion er delt inn i fire tribunar:

  • Søndre tribune har ein kapasitet på 4 496 sitteplassar, og er bygd i tre steg. Den midterste delen er eldst, og vart bygd i 1930-åra, vestre del på 1960-talet og austre del i 1997. *Frydenbøtribunen eller vestre sving (fram til 2005-sesongen kalla Hansasvingen) stod ferdig i 1999, og har ein kapasitet på 4 053 sitteplassar.
  • BT-tribunen (tidlegare Klokkesvingen) stod ny i 2006 og har ein kapasitet på 3 655 sitteplassar.
  • I 2007 stod ein ny sittetribune, kalla SPV-tribunen (Sparebank1 Vest-tribunen), ferdig. Han erstatta Umbro-tribunen og Store Stå og har ein kapasitet på om lag 4 300 sitteplassar og losjar.

Totalt har Brann Stadion i 2007 om lag 17 500 sitteplassar i tillegg til ståplassar føre vestre del av Søndre tribune. Etter 2007-sesongen vart det meininga at den gamle Søndre tribune skulle rivast og erstattast av ein ny tribune. På grunn av ein del uavklarte problemstillingar, som auke trafikk til stadion i vekene, vart rivinga utsett til 2008. I samband med den nye tribunen skal svingane mellom kortsidene og den nye tribunen fyllast igjen, og det er venta at den nye kapasiteten vil ligge i på rundt 22 000 når tribunen står ferdig til sesongen 2009. Heile utbygginga, medrekna BT- og SPV-tribunen, har ei kostnadsrame på 120 millionar kroner. Banen er 105m x 68m

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tre cupfinalar har vorte spelt på Brann Stadion. Den første var i 1922Odd slo Kvik 5-1 føre 8 000 tilskodarar. I 1930 såg 6 000 tilskodarar Ørn slå Drammens BK 4-2, medan 25 000 var til stades då Skeid i 1947 slo Viking 2-0.

Noreg har spelt 17 A-landskampar på Brann Stadion. Den første var mot Wales i 1933, der det vart tap 1-2. Etter dette tapte aldri Noreg ein einaste A-landskamp i Bergen, og Noreg stod att med 12 sigrar og 4 uavgjort med ein total målskilnad på 52-18. Den siste A-landskampen på Brann Stadion var mellom Noreg og Ungarn i 1990. Den kampen enda 0-0.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Brann Stadion
Brann stadion 2013

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]