Edil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Edil (aedilis plebis) var eit romersk embete innstifta i 494 f.Kr. etter eit tilfelle av secessio plebis (ei form for streik mellom plebeiarane). Det var totalt to edilar som begge hadde tilsyn med tempelet åt Ceres, der dei òg hadde kontoret sitt. Edilane hadde fleire oppgåver: Dei assisterte konsulane og folketribunane, gjorde teneste som politi og tilsynsmenn på torget og helt orden på kornforsyninga og dei offentlege leikane.[1]

I 367 f. Kr. vart embetet utvida med to aedilis curulis, som ulikt dei to edilane nemnd ovanfor kunne vere medlemar av patrisiar-standen. Dei vart valde av tribusforsamlinga (comitia tributa) og hadde same arbeidsoppgåver som edilane valde frå plebeiar-standen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fuchs, J.W. (1999). Antikkleksikonet. Aschehoug i samarbeid med Fondet for Thorleif Dahls kulturbibliotek og Det norske akademi for sprog og litteratur. s. 12. ISBN 8203178405.