Ceres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ceres (fleirtyding).
Kjempestatue av Ceres, no i Vatikanmusea.

Ceres var i romersk mytologi dotter av Saturn og Ops og var gudinne for fræve og jordbruk; særleg korn og gjennom dette brød. Ho var òg vernegudinne for morskjærleik. Demeter er den einaste av dei mange romerske gudane for grøde og jordbruk som var rekna til Dii Consentes, dei tolv hovudgudane. Ho og dottera Prosephine var motstykke til dei greske gudinnene Demeter og Persefone/Kore.

Statue av Ceres, no i Museo del Prado.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Framstillingar av Ceres som stammar frå den romerske republikken og seinare viser inspirasjon frå Demeter. Gudinna held ein fakkel eller to. Ho sit på ei heilag kiste og tek seg fram i ei vogn dregen av slangar. Relieff kan også visa henne med armane omtvinna av slangar med kveite og valmuar i hendene. Ho kan òg bera eit overflodshorn. På hovudet kan ho ha ein frukt- og bladkrans på hovudet eller ei krone av kveite.

Kvinner frå den romerske keisarfamilien kunne framstillast som Ceres på pengar.

Ceres-prestinne. Statue av Joseph Baptist Hagenauer (1732-1811).

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Både prestene og seremoniane ved seinare Ceres-dyrking var greske. Grekarane hevda at Demeters glede over å treffe att dottera Persefone kvar vår, var årsaka til at all vegetasjon byrja vekse. Denne tanken vart introdusert i Romarriket i det femte hundreåret fvt., og Ceres-kulten som grodde fram, vart svært populær, særleg mellom plebeiane (lågare lag av folket). Eit tempel til Ceres, Liber og Libera (Dionysos og Persefone) låg på plebeiarområdet Aventinhøgda like ovanfor Circus Maximus.

Mange seremoniar, opptog og rituale var knytt til korndyrkinga. Den store festen for Ceres vart kalla cerealia, og vart feira 12. til 19. april. Kvinnene gjekk syngande i høgtidssam prosesjon, og ved kvart vegkryss stemte dei i med ein klagesong, til minne om Ceres’ søking etter Prosepine. Også dødsrituale var knytt til Ceres, for når kornet var hausta og vel i hus, så gjekk naturen inn i vinteren og død. Den viktigaste Ceres-dyrkinga var knytt til Ceres-templet på Aventinarhøgda i Roma, men kvar og korleis Ceres-kulten først oppstod, er litt uvisst. Truleg var Ceres ei gammal italisk jordbruks-gudinne, og gudinne for morskjærleik, og nær knytt til mor-jord-gudinna Tellus.

Veggmåleri av Ceres som sommaren, måla i 1760 i Palermo av Francesco Sossi.

Etter romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Under renessansen blei Ceres avbilda i måleri og statuar. Ho blei òg brukt som symbol på grøde og jordbruk på 1800- og 1900-talet, med avbildingar på bygningar som Missouri State Capitol, Vermont State House og Chicago Board of Trade-bygningen. Ho er også avbilda på delstatsseglet til New Jersey.

Det engelske ordet for kornprodukt, cereals, er avleidd av namnet Ceres.

Dvergplaneten 1 Ceres, som blei oppdaga i 1801, er kalla opp etter gudinna. Grunnstoffet cerium har fått namn etter dvergplaneten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ceres

Kjelder[endre | endre wikiteksten]