Edit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dronning Edith av Wessex.

Edit og Edith er kvinnenamn av gammalengelsk opphav. Edit har norsk og svensk namnedag den 31. oktober.

Edita, Edyth og Edyta er andre former av namnet.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Edith stammar frå det gammalengelske Eadgyth. Dette namnet svarer til norrøne Audgunn, der første stavinga av ordet, auðr, tyder 'rikdom, lukke' og den andre, gunnr eller guðr, tyder 'kamp'.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet var brukt i det gammalengelske samfunnet, og fortsette å vera i bruk under normannarstyret. Etter 1400-talet blei det mindre vanleg, men Edith kom så i utbreidd bruk igjen i den engelskspråklege verda på 1800-talet. Edith var mykje brukt rundt 1880-talet i USA, og blei deretter gradvis mindre brukt.[1]

Historisk utvikling av populariteten til namnet Edith i Noreg.[2][3]

Edith var eit populært namn for norske jentebarn rundt 1920-talet.

I Frankrike var namnet mest brukt rundt 1950-talet.[4]

Signert bilde av den australske politikaren og kvinnepioneren Edith Cowan.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå.  Statistikk for navn i Norge
  2. «Digitalarkivet». Arkivverket.  Folketellinger i Norge
  3. «Edith» i Le Journal des Femmes