Edith Carlmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edith Carlmar (15. november 191117. mai 2003), døypt Edith Mary Johanne Mathiesen, var ein norsk skodespelar og filmregissør, den første kvinna som laga film i Noreg. Ho er kjend for spelefilmar som Fjols til fjells og Ung flukt.

Edith voks opp på austkanten i Oslo. Ho var fødd utanfor ekteskap til ei fattig sydame. Jenta blei sett vekk til ein pleiefamilie med mange andre ungar og liten plass. Då ho var seks kom ho tilbake til mora, som då hadde fått leilegheit der dei begge kunne bu.

Edith gjekk på danseskule, og debuterte som dansar då ho var 15. I samband med teateret møtte ho Otto Carlmar, som ho gifta seg med då ho var 18. Frå 1936 arbeida ho som skodespelar, først ved Trøndelag Teater og seinare ved Det Nye. Ho blei kjend med Lillebil Ibsen og mannen hennar, Tancred Ibsen, som introduserte henne til filmverda. Edith Carlmar samarbeida med han i produksjonen av Gjest Baardsen og Tørres Snørtevold, og blei svært interessert i det nye mediet.

I 1949 starta ho saman med ektemannen Carlmar Film A/S, og tok til å skriva manus, regissera og produsera filmar. I tillegg til kortfilmar og dokumentarar laga dei i løpet av ti år ti spelefilmar av ulikt slag, frå mørke drama til komediar. Desse blei godt likte av publikum og filmmeldarar, men fleire av dei skapte moralsk forarging. Debutfilmen Døden er et kjærtegn handla om kjærleik utanfor ekteskapet, medan Ung flukt frå 1959 med ei nakenbadande Liv Ullmann førte til mykje oppstyr, og blei til og med debattert i Stortinget.

Aldri annet enn bråk, som handla om fembarnsfamilien Bråten på eitt rom og kjøkken, var derimot ei sosialrealistisk skildring. Den omarbeida teaterkomedien Fjols til fjells med Leif Juster blei ein publikumssuksess som stadig er vist på norsk fjernsyn.

Etter dei ti filmane trekte Carlmar seg tilbake som regissør. Ho tok etter kvart mindre rollar i skodespel og filmar. I 1994 fekk ho Amandas ærespris, og i 2001 fekk ho Norsk Filmforbunds ærespris for arbeidet sitt for norsk film.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: Døden er et kjærtegn
  • 1950: Sunnmøre
  • 1951: Litt om boka gjennom 100 år
  • 1951: Skadeskutt
  • 1953: Ung frue forsvunnet
  • 1953: Sonja!
  • 1953: Langåra - Et sommerparadis
  • 1953: Vann og kloakk
  • 1954: Aldri annet enn bråk
  • 1954: Oslo Bymuseum
  • 1954: Kirker i Oslo
  • 1955: Bedre enn sitt rykte
  • 1956: På solsiden
  • 1957: Fjols til fjells
  • 1957: Slalåm under himmelen
  • 1958: Lån meg din kone
  • 1959: Ung flukt
  • 1965: Bak kulissene