Lillebil Ibsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lillebil Ibsen
Lillebil Krohn married Lillebil Ibsen 2 NFB-09091.jpg
Fødd 6. august 1899
Christiania
Død

22. august 1989
Oslo

Yrke skodespelar, dansar, ballettdanser, sjølvbiograf
Lillebil Ibsen på Commons
Lillebil Ibsen

Lillebil Ibsen (6. august 189913. august 1989), døypt Sofie Parelius Monrad Krohn, var ein norsk dansar og skodespelar. Ho debuterte som dansar då ho var elleve år gammal, og fekk snart ein strålande karriere i utlandet. Seinare heldt ho seg mest i Noreg som ein anerkjend skodespelar.

Verdsstjerne som dansar[endre | endre wikiteksten]

Ho var dotter av ingeniøren Georg Monrad Krohn og Gyda Christensen, som var skodespelar og instruktør og opphavskvinna til den første norske balletten. Då Lillebil debuterte på Nationaltheatret som Prinsessen på erten i 1911 var det mora som var instruktør.

I dei neste åra fekk «Madame Lillebil» ein eventyrleg utanlandsk karriere. Ho dansa i London og Paris, og møtte mellom anna koreografen Mikhail Fokine og komponisten Igor Stravinskij. 16 år gammal blei ho engasjert av den store iscenesettaren Max Reinhardt i Berlin, der ho blei prima ballerina.

Under Verdsutstillinga i Oslo i 1914 hadde ho møtt og blitt oppvarta av Tancred Ibsen. Dei to gifta seg fem år etter, då Lillebil nett var blitt tjue, og skulle ha eit samliv på nesten seksti år.

Norsk skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Etter giftarmålet ønska Lillebil å slå seg ned i Noreg. Ho hadde allereie hatt ei talerolle i Den uskikkelige lille prinsesseNationaltheatret i 1915. I 1923 engasjerte så Centralteatret skodespelaren, først i pantomimespelet Scaramouche med musikk av Sibelius, og deretter i skodespelet Kameliadamen. Året etter spelte Lillebil Ibsen revyar på Chat Noir. Songane, dansane og parodiane hennar blei svært populærte, og ho framførte òg fleire av dei i London, Paris, Stockholm og København.

Etter kvart gjekk ho ifrå dansen og via seg heilt til skodespelaryrket. Ho var knytt til Det Nye Teater frå 1928 til 1956 og var deretter ved Nationaltheatret fram til 1969. Ibsen spelte både i komediar, til dømes Troll kan temmes og Den stundesløse, og i drama, som Mrs. Warrens forretning, Hvem er redd for Virginia Woolf? og ei rekke Ibsen-stykke.

Lillebil Ibsen samarbeidde med fleire fine skodespelarar, mellom anna Gösta Ekman i Den glade enke i Stockholm. Ho hadde eit særleg samspel med Per Aabel. For spelet sitt mot han i Kjære løgnhals fekk ho Kritikerprisen i 1961. Stykket blei sett opp fleire gonger og teke på turné i heile Noreg og i nabolanda. Då Ibsen feira syttiårsjubiléet sitt som scenekunstnar, i 1981, spelte ho nok ein gong Mrs. Pat i Kjære Løgnhals.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Det begynte med dansen (1961), sjølvbiografi