Edvarda Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvarda Lie
Edvarda Lie.jpg
Fødd 3. april 1910
Meldal
Død

8. juni 1983

Yrke illustratør, kunstmålar

Edvarda Klaudine Lie (3. april 19108. juni 1983) var ein norsk målar, teiknar og illustratør, fødd i Orkdal og oppvaksen i Vestvågøy.

Edvarda Lie teikna til fleire aviser og blad, så som A-magasinet, og illustrerte bokomslag og bøker, mellom dei Ali Baba og de førti røvere i 1946. I 1944 gav ho ut boka Anatomi for tegnere, ei bok som kom i nytt opplag i 1976. Frå 1936 til 1947 underviste Lie i motetegning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Ho utforma blomsterdekoren nedst på stakken til Lofotbunaden. I perioden 1960 til 1964 laga ho veggmåleri til Narvik rådhus.

Bileta til Lie er ofte prega av sikker figurteikning, lette, lyse farger og tidstypisk dekorativ flatestil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]