Edwardsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edvardsjøen)
Edwardsjøen
innsjø
Land  Uganda,  Kongo
Del av Dei store sjøane i Afrika
Kart
Edwardsjøen
0°20′00″S 29°36′00″E / 0.33333333333333°S 29.6°E / -0.33333333333333; 29.6
Wikimedia Commons: Lake Edward

Edwardsjøen (Lake Edward eller Edward Nyanza) eller Rwitanzige er den minste av Dei store sjøane i Afrika.[1] Han ligg i Albertinerifta, den vestlege delen av Riftdalen, på grensa mellom Den demokratiske republikken Kongo og Uganda.[1] Den nordlege delen ligg berre nokre få kilometer sør for ekvator. Sjøen blei gjeven namn av oppdagaren Henry Morton Stanley for å heidra Edvard VII av Storbritannia, den dåverande kronprinsen og seinare kongen av Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stanley såg fyrst sjøen i 1888, då han reiste opp elva Semliki, og gav elva det noverande namnet.[2] På 1970- og 1980-talet gav Uganda og Zaire (dagens DR Kongo) sjøen namnet Idi Amin-sjøen eller Idi Amin Dada-sjøen, til ære for diktatoren i Uganda, Idi Amin. Etter at Amin blei avsett i 1979 fekk sjøen tilbake det føre namnet.

Topografi og drenering[endre | endre wikiteksten]

Edwardsjøen ligg på 912 meters høgd. Han er 77 km lang og 40 km brei på det største, og dekkjer eit areal på 2 242 km², slik at han er den 15. største på kontinentet. Han har tilløp frå elvene Nyamugasani, Ishasha, Rutshuru og Rwindi, og dessutan frå Georgesjøen i nordaust via Kazingakanalen. I nord har Edwardsjøen avløp til Albertsjøen via elva Semliki.[1]

Den vestlege forskyvinga i Riftdalen stig opp til 2000 meter over den vestlege breidda av sjøen, medan dei sørlege og austlege breiddene består av flate lavasletter. Ruwenzorifjella ligg 20 km nord for sjøen.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Fiskebåtar ved breidda av innsjøen.
Edwardsjøen sett frå Mweya i Queen Elizabeth nasjonaalpark

Edwardsjøen ligg heilt innanfor Virunga nasjonalpark i Kongo og Queen Elizabeth nasjonalpark i Uganda. Han har ikkje stor folkesetnad langs breidda, bortsett frå ved Ishango i Kongo i nord, der det ligg eit treningssenter for parkvaktarar. Rundt to tredelar av vatnet til sjøen ligg i Kongo og ein tredel i Uganda. Utanom Ishango er den største kongolesiske busetnaden i sør i Vitshumbi, medan dei ugandiske busetnadane er Mweya og Katwe i nordaust, nær kratersjøen med same namn. Dei næraste større byane er Kasese i Uganda i nordaust og Butembo i Kongo i nordvest, som ligg høvesvis 5 mil og 15 mil unna langs vegen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Askheim, Svein (22. februar 2021). «Edwardsjøen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Lake Edward | lake, Africa». Encyclopedia Britannica (på engelsk). 
  3. Carte Routière et Touristique Michelin (1996) Afrique Nord-Est et Arabie, map scale 1:4 000 000, Paris : Pneu Michelin