Edward Whymper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Whymper
Edward Whymper.jpg
Fødd 27. april 1840
London
Død

16. september 1911
Frankrike

Edward Whymper på Commons

Edward Whymper (27. april 184016. september 1911) var ein britisk illustratør, fjellklatrar og oppdagar. Han er særleg kjend for førstbestiginga av Matterhorn den 14. juli 1865, etter seks mislukka forsøk. Under nedstiginga omkom fire av dei sju deltakarane i turgruppa. Hendinga prega Whymper resten av livet, mellom anna alkoholmisbruk, men den fysiske forma heldt han vedlike livet ut.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Whymper var fødd i London, der faren Josiah Whymper var illustratør og kunstmålar. Sjølv gjekk han i lære for å verte treskjerar, xylograf. I 1860 sende forleggaren hans han til Alpane for å teikne alpemotiv, og sende heim reportasjar. Eitt av formåla var teikningar og reportasjar om fjellklivaren T.G. Bonney og hans forsøk på å bestige Mont Pelvoux.

Gustave Doré si framstilling av fyrstebestinga av Matterhorn, 1865
Forsida på Scrambles amongst the Alps

Whymper vart fascinert av fjellverda, og dei fylgjande fem åra gjorde han ei rad fyrstebestigingar, mellom andre av det omtala Mont Pelvoux, ein fjelltopp som ein den gongen trudde var det høgste fjellet i Dauphiné-Alpane. Alpeområda var lite kartlagde, men gjennom dei mange fjellferdene dei komande åra kartla Whymper trerrenget grundig, og konstaterte at eit nabofjell til Mont Pelvoux var høgre. Seinare fekk fjellet namnet Barre des Ecrins, og var Frankrikes høgste fjell inntil landet la under seg Savoie, dermed vart Mont Blanc grensefjell mellom Frankrike og Italia.

Åra mellom 1861 og 1865 var det mange ekspedisjonar som klatra til toppar i Mont Blanc-massivet og Wallis-Alpane. I denne perioden besteig Whymper, som den fyrste, Aiguille Verte.

Whymper og landsmannen John Tyndall kappast desse åra om verte den fyrste til topps på Matterhorn. I juli 1865 hadde Whymper måtte gjort vendereis frå fjellet seks gongar. På sitt sjuande forsøk ville han prøve å klive opp austveggen, sjølv om denne fjellsida sett frå Zermatt syntest uhyggjeleg steil og nærast umogleg å klatre. Whymper meinte det var ein optisk illusjon. Forsøket på å bestige Matterhorn fra austsida lukkast, klatrelaget nådde toppen den 14. juli 1865. I dag er denne ruta rekna for normalruta. Whympers opplevingar med å bestige Matterhorn er skildra i boka Scrambles amongst the Alps, som kom ut i 1871.

I 1867 leia Whymper ein ekspedisjon til Grønland. På denne Grønlands-ferda vart det mellom anna samla inn fossile plantar. Whympers rapport vart publisert av The British Association i 1869.

Whympers neste ekspedisjon gjekk til Ecuador, der formålet særleg var å studere høgdesykje og effektane det låge trykket hadde på menneskekroppen. I 1880 var Whymper to gongar til topps på vukanen Chimborazo, endå ei fyrstegongsbestigning og fyrste gongen han var over 6 000 meter over havet. Whymper vart fyrstemann på omkring ti av dei høgste fjelltoppane i Andesfjella i Ecuador. Reisa til Ecuador er omtala i boka Travels amongst the Great Andes of the Equator frå 1892.

Vel heimkom til England fekk han tildelt Patron's Medal av Royal Geographical Society. Whympers erfaringar frå Sør-Amerika viste mellom anna at vesentlege feil oppstod når eit aneroidbarometer vart avlese i store høgder. På grunnlag av desse funna gav han ut boka How to Use the Aneroid Barometer, som førte til større endringar i konstruksjonen av desse apparata. Seinare publiserte han to turbøker om høvesvis Zermatt og Chamonix.

Like etter 1900 besøkte Whymper dei kanadiske Rocky Mountains fleire gongar. Han inngjekk ein avtale med Canadian Pacific Railway (CPR) om å marknadsføre CPR og Rocky Mountains i sine føredrag i Europa og Asia, til gjengjeld fekk han dekt transportkostnader og løn til fire gaidar medan han var i Canada. I 1901 kleiv Whymper og dei fire gaidane, som dei fyrste, til topps på Mount Whymper og Stanley Peak i området kring Vermillion-passet.

Den 16. september 1911 døydde Whymper, kort etter at han hadde vore på ein klatretur i Alpane. Han er gravlagd i Chamonix i Frankrike.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Scrambles Amongst the Alps: In the Years 1860–69. London: John Murray, 1871. ISBN 978-0898150438. Ved hathitrust
  • Winter Pictures: By Poet and Artist. London: Religious Tract Society, 1875.
  • The Ascent of the Matterhorn. London: John Murray, 1880. ISBN 978-0862993474.
  • How to Use the Aneroid Barometer. London: John Murray, 1881.
  • Travels Amongst the Great Andes of the Equator. London: John Murray, 1891.[1] ISBN 978-0879052812. Ved hathitrust
  • Chamonix and the Range of Mont Blanc: A Guide. London: John Murray, 1896.
  • The Valley of Zermatt and the Matterhorn: A Guide. London: John Murray, 1897.
  • The Apprenticeship of a Mountaineer: Edward Whymper's London Diary, 1855-1859. Red. Ian Smith. London: London Record Society, 2008. ISBN 978-0900952432.
  • Among the Tibetans av Isabella L. Bird (1894, som illustratør)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Review of Travels amongst the Great Andes of the Equator by Edward Whymper and Mountaineering by C. T. Dent». The Quarterly Review 175: 348–371. October 1892.