Eevahenna Aalto
Utsjånad
| Eevahenna Aalto | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 11. august 1944 (81 år) Helsingfors |
| Yrke | tekstilkunstnar |
| Medlem av | Norske Tekstilkunstnere, Landsforeningen Norske Malere[*] |
| Nettstad | http://e-aalto.com/ |
Eevahenna Aalto (fødd 11. august 1944 i Helsingfors) er ein finsk-norsk bildekunstnar som særleg arbeider med tekstilkunst.[1] Ho har budd i Noreg sidan 1970, og bur i Hammerfest.
Aalto er utdanna ved Den Frie Kunstskulen i Helsingfors 1966–68; Kreeta Pohjanheimos tekstilskule i Helsingfors 1966–70 og Bergen kunsthandverksskule 1975–76.[2]
Ho har hatt utsmykkingsoppdrag ved fleire offentlege bygg i Nord-Noreg, mellom anna Hammerfest sjukehus, Setermoen leir, Finnmark sjukepleiarhøgskule, Hammerfest bibliotek, politihuset i Tromsø, Nornefeltet og Bardufoss flyterminal. Altertavla hennar til Hamarøy kyrkje vart avduka i 1990, og vart i 2000 brukt som motiv på eit norsk frimerke (NK 1408).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schjønsby, Sissel Ree (1991). Eevahenna Aalto.
- ↑ Om Eevahenna – Eevahenna Aalto (på engelsk), henta 26. oktober 2022