Hokjønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det grammatiske kjønnet, sjå femininum.
Det astronomiske symbolet for planeten Venus blir nytta internasjonalt som symbol for hokjønn.

Hokjønn, ho eller hoe hos dyrearter med seksuell formeiring er den kjønnstypen som fysiologisk dannar eggceller og føder avkom eller legg egg, i motsetnad til hannar som dannar spermiar. Det finst også ein del plantar med ho- og hannkjønn, der plantar av hokjønn er dei som dannar frukter.

For nokre dyr finst det særskilde ord for hoa, til dømes «kvinne» (menneske), ku og kvige (mellom anna storfe, kvalar og elg), «purke» (gris), «søye» (sau) og «høne» (hønsefuglar).

Biologisk hokjønn[endre | endre wikiteksten]

Hoer hjå pattedyr og krypdyr har vanlegvis to kjønnskromosom av same type, XX, medan hannar har to ulike kjønnskromosom, XY.

Hos fuglar og amfibium er tilhøvet omvendt, der har hannane to like kromosom, XX og hoene XY. For å hindra omgrepsforvirring brukar ein vanlegvis å omtala kromosom hjå desse dyra som ZZ hjå hannar og ZW hjå hoer.

Hjå visse typar insekt, som grashopper og kakkerlakkar, finst det berre ein type kjønnskromosom. Der blir kjønnet bestemt ut frå om individet har eit eller to eksemplar av desse kromosoma. XX gjev ei ho og berre X, òg kalla X0, gjev ein hann.

Dei fleste artar av bier og maur har ingen kjønnskromosom. Det som avgjer kjønnet er i staden om egget er befrukta eller ikkje. Eit befrukta egg gjev opphav til eit diploid individ med 32 kromosom, som blir ei ho. Eit ubefrukta egg dannar i staden eit haploid individ med 16 kromosom, som blir ein hann.

Hjå frøplantar kan nokre planteslag vera særbu, det vil seia at dei har ulike ho- og hannplantar. Hoplantane er dei som har fruktemne og dermed kan danna frukt. Nokre planteslag, som plantar i roseslekta, er i staden sambuar med skilde han- og hoblomar på same plante.

Mange dyr har kjønnsdimorfisme, det vil seia at hoer og hannar ser ulike ut. Blant dei fleste dyr, særleg fuglar og fiskar, har hoer ei meir diskret fargeteikning enn hannen og har færre såkalla sekundære kjønnskarakteristikkar. Dette kan knyttast til at hoer gjerne har hovudansvaret for egg og/eller ungar, og kamuflasje har vore nyttig evolusjonært. Ein annan viktig årsak er at hannen med dei sekundære kjønnskarakteristikkane sine kan visa at han er frisk og sterk og dermed har godt arvestoff, noko som gjer han til eit godt faremne. Det finst likevel også fleire arter innanfor ulike dyregrupper der det er hoa som skal imponera hannen med sekundære kjønnskarakteristikkar, og hannen dermed har den meir diskrete utsjånaden.

Hjå dei fleste pattedyr er hoa noko mindre enn hannen. Hjå fiskar og insekt er hoa derimot vanlegvis større. Hjå visse fiskeartar kan hoa vera over 100 gangar større enn hannen.

Grafisk teikn[endre | endre wikiteksten]

Teiknet for hokjønn er ein ring med ein nedovervend kross under. Dette er same teikn som planeten Venus hadde i eldre astronomi og kopar hadde i eldre kjemi. Teiknet blei opphavleg danna av ei nedoverpeikande pil. Teiknet for hannkjønn bestod av ei oppovervend pil.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]