Egham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Egham

High Street, Egham
High Street, Egham
Plassering
Egham is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Surrey
Distrikt Runnymede
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 724
Koordinatar 51°26′″N 0°33′″WKoordinatar: 51°26′″N 0°33′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TW18, TW20
Telefon-retningsnummer 0 1784
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Egham

Egham er ein by i Surrey, innanfor pendlarbeltet til London. Han ligg omkring 30 km sørvest for det sentrale London, ved Themsen og motorvegen M25. Egham Hythe blir ofte rekna som ein del av Egham; dei to har samanlagt omkring 12 000 innbyggjarar.

Royal Holloway, som er ein del av University of London, ligg på Egham Hill ein kilometer vest for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Chertsey Abbey vart grunnlagt i 666 inkluderte eigedomen Ecga's Han, «Ecgas heimstad», som namnet Egham kjem frå. Staden er òg nemnt i Domesday Book (1086).

Landsbyen med omegn utgjorde tidlegare eit sokn i Berkshire og Surrey, som inkluderte fleire andre, mindre landsbyar. Herregarden høyrde til Chertsey Abbey fram til oppløysinga av Englands kloster omkring 1540. Han vart då eigedomen til krona, og vart gjeve til fleire ulike forvaltarar gjennom åra.

I 1215 vart Magna Carta signert i Runnymede, like ved Egham. Ved ei høgd utanfor byen står eit minnesmerke over dette. På toppen av høgda finn ein eit anna minnesmerke, rett innanfor grensa til landsbyen Englefield Green. Det er ein kenotaf for allierte flygarar som fall under andre verdskrig, viss jordiske leivningar ikkje er funne. Det var den første etterkrigsstrukturen i Storbritannia som vart verna, og er eigd av Commonwealth Wars Grave Commission. Det er god utsikt mot London, Windsor og Surrey Hills frå monumentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]