Egil Storbekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Storbekken

Fødd24. mai 1911
FødestadTolga kommune
Død19. mars 2002 (90 år)
DødsstadTolga kommune
OpphavNoreg
InstrumentTussefløyte, bukkehorn, Lur, seljefløyte, Munnharpe
Verka somkomponist, musikar
Egil Storbekken i bunad spelar tussefløyte i Alvdal under ei tilstelling i samband med lanseringa av filmen Freske fraspark i 1963.
Foto: Lasse Klæboe, Billedbladet NÅ/Riksarkivet

Egil Storbekken (24. mai 191119. mars 2002) var ein norsk musikar, komponist og instrumentmakar frå Tolga i Nord-Østerdal. Han er mest kjend for musikken som han komponerte for tussefløyte og framførte sjølv på dette instrumentet, og var ein viktig formidlar av norske folkemusikktradisjonar. Han har òg arrangert verk for orkester og songkor. I 1999 fekk han Gammleng-prisen i klassa «veteran».

Egil Storbekken tok til med komponist- og musikarverksemda si på 1930-talet. På heimstaden Tolga verka han både som musikar og som dirigent for eit strykeorkester, janitsjarkorps, to kor og eit folkemusikkensemble. Han hadde fatta interesse for gamle norske folkemusikkinstrument som bukkehorn, lur, munnharpe, seljefløyte og tussefløyte, og reiste i femten år saman med Rikskonsertane for å presentere desse instrumenta for skuleelevar over heile landet. Han skipa òg ensemblet Tolga-Tusseladdene for å kunne framføre både folkemusikk og sine eigne komposisjonar for tussefløyte. Formell musikkutdanning hadde han ikkje, berre eit stutt studieopphald ved Musikkonservatoriet i Oslo då han hadde nådd godt vaksen alder.

Egil Storbekkens musikkpris[endre | endre wikiteksten]

Tolga kommune, Norsk Lur- og bukkehornlag, Tolga-Os Sparebank og NOPA oppretta i 2006 Egil Storbekkens musikkpris[1] for å fremme bruken av dei eldre folkemusikkinstrumenta i norsk folkemusikk og Egil Storbekken sin musikk.

Filmografi (som komponist)[endre | endre wikiteksten]

Diskografi (som komponist og utøvar)[2][endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Egil Storbekken

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Egil Storbekkens Musikkpris Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. mic.no
  2. «Egil Storbekken», Discogs (på engelsk), henta 3. februar 2022