Ehud Barak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ehud Barak
Ehud Barak official.jpg
Føddאהוד ברק
12. februar 1942 (81 år)
Mishmar HaSharon
Statsborgar avIsrael
PartiDet israelske arbeidarpartiet, Independence, Democratic Israel
Yrkepolitikar, diplomat, offiser, deltakar i internasjonale forum
Utdanna vedStanford University
Det hebraiske universitetet i Jerusalem
EktefelleNava Barak, Nili Priel
VervStatsminister i Israel 1999-2001
FøregangarBenjamin Netanyahu
EtterfylgjarAriel Sharon
VervPartileiar i Avoda 1999-2001
FøregangarShimon Peres
EtterfylgjarBenjamin Ben-Eliezer
VervPartileiar i Avoda 2007-2011
FøregangarAmir Peretz

Ehud Barak (fødd 12. februar 1942) er ein israelsk politikar og yrkesmilitær som i perioden 1999–2001 var den tiande statsministeren i Israel. Han har også vore leiar i det israelske arbeidarpartiet Avoda.

Barak verva seg i den israelske hæren i 1959 og tenestegjorde i 35 år. Han vert rekna som ein av dei store krigsheltane i Israel[1] og gjorde aktiv krigsteneste i 1967 og 1973. Då han forlét militæret hadde han graden generalløytnant (den høgste i det israelske forsvaret). Mellom 1983 og 1986 var han leiar for militæretterretninga og frå 1991 til 1994 var han generalstabssjef i det israelske forsvaret.

Han satsa på ein politisk karriere på 1990-talet. I 1995 vart innanriksminister i regjeringa til Yitzhak Rabin og etter at han vart myrda, utanriksminister i regjeringa til Shimon Peres i perioden 1995–1996. Han vart vald inn i Knesset i 1996 og vart medlem i utanriks- og forsvarskomiteen. Han vart same år vald til leiar for det israelske arbeidarpartiet, og den 17. mai 1999 vart han vald til statsminister i Israel. Han forlét statsministerposten den 7. mars 2001 etter å tapt valet mot Ariel Sharon. I 2001 gjekk han òg av som partileiar, men i 2007 vart han vald til leiar att og vart samtidig forsvarsminister.

I 2011 forlet Barak Arbeidarpartiet for å skipa eit nytt parti, Ha'Atzma'ut ('Sjølvstendepartiet').

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barak, Ehud» på SNL.no