Statsminister i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statsministeren i Israel er leiaren i den israelske regjeringa og den mektigaste politiske embetsmannen i Israel. Han eller ho har den utøvande styresmakta i landet, og har offisielt tilhaldsstad i Jerusalem. Den noverande statsministeren er Benjamin Netanyahu frå partiet Likud.

Etter eit val nominerer den israelske presidenten ein statsminister etter å ha spurt partileiarane kven dei støttar til å få posisjonen, sjølv om det frå 1996 til 2001 vart valt statsminister ved separert val frå resten av Knesset.

Liste over statsministrar[endre | endre wikiteksten]

Navn Innsatt Avgikk Parti
1. David Ben-Gurion
(1886–1973)
David bengurion.jpg 14. mai 1948 7. desember 1953 Mapai[1]
2. Moshe Sharett
(1894–1965)
Sharet22.jpg 7. desember 1953 2. november 1955
(1) David Ben-Gurion
(1886–1973)
David bengurion.jpg 2. november 1955 21. juni 1963
3. Levi Eshkol
(1895–1969)
Levi Eshkol portrait.jpg 21. juni 1963 26. februar 1969
Yigal Allon
(1918–1980)
(fungerende)
Yigal Allon.jpg 26. februar 1969 17. mars 1969 Avoda
4. Golda Meir
(1898–1978)
GoldaMeir.jpg 17. mars 1969 3. juni 1974
5. Yitzhak Rabin
(1922–1995)
Yitzhak Rabin (1986) cropped.jpg 3. juni 1974 22. april 1977
Shimon Peres
(1923–)
(fungerende)
Shimon Peres in Brazil-cropped.jpg 22. april 1977 21. juni 1977
6. Menachem Begin
(1913–1992)
Menachem Begin 2.jpg 21. juni 1977 10. oktober 1983 Likud
7. Yitzhak Shamir
(1915–2012)
Yitzhak Shamir.jpg 10. oktober 1983 14. september 1984
8. Shimon Peres[2]
(1923–)
Shimon Peres in Brazil-cropped.jpg 14. september 1984 20. oktober 1986 Avoda
(7) Yitzhak Shamir[2]
(1915–2012)
Yitzhak Shamir.jpg 20. oktober 1986 13. juli 1992 Likud
(5) Yitzhak Rabin
(1922–1995)
Yitzhak Rabin (1986) cropped.jpg 13. juli 1992 4. november 1995[3] Avoda
(8) Shimon Peres
(1923–)
Shimon Peres in Brazil-cropped.jpg 4. november 1995 18. juni 1996
9. Benjamin Netanyahu
(1949–)
Benjamin Netanyahu.jpg 18. juni 1996 6. juli 1999 Likud
10. Ehud Barak
(1942–)
Ehud Barak Face.jpg 6. juli 1999 7. mars 2001 Yisra'el Ahat
11. Ariel Sharon[4]
(1928–2014)
Ariel Sharon Headshot.jpg 7. mars 2001 4. januar 2006 Likud / Kadima
12. Ehud Olmert[5]
(1945–)
Ehud Olmert 2006.jpg 4. januar 2006 31. mars 2009 Kadima
(9) Benjamin Netanyahu
(1949–)
Benjamin Netanyahu.jpg 31. mars 2009 Likud

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I 1968 fusjonerte Mapai med fleire andre parti og danna det israelske Arbeidarpartiet)
  2. 2,0 2,1 Etter valet i 1984 danna Likud og Arbeidarpartiet ei koalisjonsregjering, og statsministerposten blei bytta midtvegs i valperioden. Shimon Peres frå Arbeidarpartiet var statsminister dei første to åra, deretter overtok Yitzhak Shamir. Etter valet i 1988 kunne Likud ta makta utan støtte frå Arbeidarpartiet, og Yitzhak Shamir blei igjen statsminister.
  3. Drepen medan han var statsminister.
  4. 21. november 2005 forlét Sharon Likud, saman med fleire regjeringsmedlemmer og medlemmer av Knesset, på grunn av usemje om tilbaketrekkinga frå Gazastripa og forhandlingar om statusen til Vestbreidda. Sharon danna det nye partiet Kadima, som stilte til val i mars 2006. Fram til då fortsette Sharon som statsminister utan parlamentarisk majoritetsstøtte, etter at Arbeidarpartiet hadde forlate koalisjonen.
  5. Som følgje av at Sharon fekk ei alvorleg hjernebløding og blei lagt i narkose, bleu Ehud Olmert innsett som fungerande statsminister. 14. april 2006 blei han formelt statsminister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]