Eid vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eid vidaregåande skule
Motto«Læring på dine vilkår»
SkuletypeVidaregåande skule
Grunnlagd1922
Region/fylkeVestland
KommuneStad
RektorOve Bjørlo
Nettstadhttps://eid.vgs.no
Kart
Eid vidaregåande skule
61°54′49″N 5°59′00″E / 61.9135°N 5.9832°E / 61.9135; 5.9832

Eid vidaregåande skule er ein vidaregåande skuleNordfjordeid i Stad kommune i Nordfjord. Skulen blei stifta i 1922 som Eid Gymnas, ein toårig privatskule. Rektoren til skulen frå 1922 til 1963, Andreas Berg, fekk i 1964 Kongens fortenstemedalje i gull for virket sitt ved Eids gymnas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1980-talet var det to vidaregåande skular på Nordfjordeid. Eid yrkesskole vidareførte tradisjonane frå Holmøy arbeidsskole, med møbelsnikkarfag og smed- og mekanikarfag, og utvida med opplæring innan elektrofag og elektronikk. Eid vidaregåande skule vidareførte gymnaset og Georg Kragseths handelsskole. På 1990-talet tok fylkeskommunen over eigarskap, og skulane blei slått saman frå 1. august 1992 under namnet Eid vidaregåande skule.

Utdanningstilbod[endre | endre wikiteksten]

Vedteke utdanningstilbod for skuleåret 2021-2022:[1][2]

Trinn Utdanningsprogram
Vg1 Elektro og datateknologi
Vg2 Automatisering
Vg2 Datateknologi og elektronikk
Vg2 Elenergi og ekom
Vg3 Automatiseringsfaget
Vg3 Dataelektronikerfaget
Vg1 Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
Vg2 Frisør
Vg2 Interiør og eksponeringsdesign
Vg1 Handverk, design og produktutvikling
Vg1 Teknologi- og industrifag
Vg2 Industriteknologi
Vg1 Studiespesialisering
Vg2 Realfag
Vg2 Språk, samfunnsfag og økonomi
Vg3 Realfag
Vg3 Språk, samfunnsfag og økonomi
Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]