Smed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein smed i eit måleri av Ansdell Richard

Ein smed er ein handverkar som arbeider med metall. Namnet vert nytta både på dei som nyttar tradisjonelle og moderne verktøy og metodar.

Det finst mange typar smedar:

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Noreg i dag er utdanninga til dette yrket innan utdanningsprogrammet Design og handverk. Ein må gå to år på skule og to år i lære ute i ei verksemd. Første skoleåret er Vg1 Design og handverk og andre skoleåret er Vg2 Smed. Ynskjer ein å utdanne seg til gullsmed eller sølvsmed må ein ta andre året Vg2 Design og gullsmedhandverk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kunnskap om arbeide med metall var kjent i Norden allereie i byrjinga av bronsealderen. Funn av støypeformar viser at ein hadde kunnskap om å støype metall. Truleg har ein også kunna forme bronse med hammar, for eksempel når ein skulle forme nåler, spiralnåler og tynnplate. Då ein byrja med jarnproduksjon, og framstilling av reiskap, hadde ein allereie ei grunnleggjande kunne om å stelle med med metall. Jarnsmiing kan i Noreg sporast tilbake til byrjinga av jarnalderen (500 fvt. - 1000 evt.).

Jarnet vart nytta til våpen og reiskap. Funn av våpen og reiskap frå jernalderen viser at smedane var dyktige handverkarar, og meistra faget fullt ut. Praktvåpen, særleg sverd, kunne vere rikt dekorerte og hadde ofte innskrifter og dekor sveisa inn i klinga.

1500-talet byrja det å bli vanleg med utsmykking av portar og gitter i smijarn.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Ei smie på museum med ein blåsebelg inn i essa, ein ambolt og diverse andre reiskapar.

Ein smed jobbar som regel i ei smie, med ein open omn kalla ei esse (eit vanleg dialektord er smieavl). Ein anna viktig gjenstand i smia er ambolten. Jarnet vert varma i essa til det er raudglødande, og arbeida med på ambolten til ønska form.

Eggverktøy som knivar, økser, meislar o.l., må herdast for å kunne halde på ein skarp egg. Det skjer ved at stålet vert varma til det gløder kirsebærraudt (om lag 750 °C), og bråkjølast i væske, som regel vatn eller olje. Etter herdinga er stålet hardt som glas og kan lett brekke. Difor må det varmast opp igjen til 200-300 °C avhengig av kor hardt ein ynskjer reiskapen skal vere. Dette vert kalla anløpning. Berre stål som inneheld meir enn 0,3 % karbon kan herdast. Når karbonprosenten er høgare enn 4 % ver det kalla det støypejarn, som ikkje er smibar. Vanleg konstruksjonsstål har under 0,3% karbon, og kan ikkje herdast. Ein annan måte for å gjere stål hardare er kaldhamring. Denne teknikken kallast tynsling, og vart tidlegare ofte nytta på ljåar ved at smeden hamrar eggen kald, i staden for å nytta slipestein. Etterpå vart eggen bryna.

Smeden meistrar også andre teknikkar som klinking, sveising, lodding og mønstersmiing.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Smed