Eidanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tidlegare Eidanger kommune utgjorde den meste av noverande Porsgrunn kommune, bortsett frå eit lite område ved Porsgrunnselva som utgjorde gamle Porsgrunn kommune, og eit lite område ytst på Eidangerhalvøya (også kalla Vestbygda), som utgjorde tidlegare Brevik kommune.
Utsyn frå Skjelsvik og innover Eidangerfjorden, med Kattøya lengst inne.
Eidangerfjorden, Ormefjorden og Langangsfjorden er dei tre fjordane i tidlegare Eidanger kommune, som dessutan grensa til Frierfjorden i vest og Mørjefjorden i aust.

Eidanger er ein tidlegare norsk kommune i nedre Telemark.

Eidanger var eigen kommune frå 1. januar 1838, fyrst som Formandskabsdistrikt, frå 1853 som kommune/herad. 1. januar 1964 blei Eidanger og tidlegare Brevik kommune innlema i Porsgrunn kommune.

Eidanger dekkjer ca 140 km² sør-aust i Porsgrunn. Bydelen Eidanger i den noverande Porsgrunn kommune omfattar ikkje heile den opphavlege kommunen, men berre områda kring Eidanger stasjon og Eidanger kyrkje, og mellom anna ikkje Flåtten, Hovet/Stridsklev, Herøya, Langangen, Heistad og Lillegården/Døvika/Bergsbygda/Bjønnes.

Namnet Eidanger[endre | endre wikiteksten]

Nordre dam på Heistad, der det tidlegare blei skore ut is om vinteren.

«Eidanger» blir i dag uttala /æi¹daŋer/, men den eldre uttalen /¹daŋer/ var vanleg fram til byrjinga av 1900-talet. Ein person frå Eidanger heitte tradisjonelt ein dangling /²daŋɽiŋ/.[1] Namnet på staden kjem av norrønt Eiðangr, og er sett saman av eið 'eid (stad der ein må gå)' og angr 'fjord, trong vik'.[2]

Ein skil mellom «på Eidanger» og «i Eidanger«. Ein nyttar «på» når «Eidanger» viser til bydelen i Porsgrunn kommune og «i» når «Eidanger» viser til den gamle kommunen som eksisterte ut året 1963. Dette skiljet fanst også då Eidanger var ein eigen kommune.

Bydelen Eidanger i Porsgrunn kommune[endre | endre wikiteksten]

På Eidanger, det vil seie i den noverande bydelen Eidanger i Porsgrunn kommune – ligg Eidanger kyrkje, bygd kring 1130, og Eidanger prestegard, bygd i 1819. Her finst òg Tveten barneskole, Tveten ungdomsskole, Grenland folkehøgskole (skipa 1920)[3] og noko lett industri. Det lokale idrettslaget er Eidanger Idrettslag, stifta 1915, fyrst som Nystrand Idrætsforening.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eidanger omfatta i tidlegare tider både Austre Porsgrunn og Brevik. Austre Porsgrunn blei 10. oktober 1760 skild ut frå Eidanger og slegen i hop med Vestre Porsgrunn, til Porsgrunn prestegjeld. Brevik blei skild ut som eige prestegjeld 18. august 1860. Eidanger omfatta òg Slemdal kyrkjesokn, som blei skilt ut 10. juli 1847 og lagt til Gjerpen. (Slemdal blei seinare skilt frå Gjerpen som eige prestegjeld 21. april 1856).

Industri[endre | endre wikiteksten]

Industriparken på Herøya, som opphavleg heitte Eidanger Salpeterfabrikker. I framgrunnen Gunnekleivfjorden.

Eidanger var ein utprega industrikommune, med Eidanger SalpeterfabrikkerHerøya (no Industriparken på Herøya, med fabrikkane til mellom anna Yara, REC og Norsk Hydro), skipa 1928, og Dalen Portland Cementfabrik (DPC) (no Norcem Brevik), skipa som aksjeselskap i 1916.

Eidangermålet[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt talemål i Eidanger er variantar av grenlandsmålet, som utgjer ei undergruppe av dei vikværske dialektane.

Kyrkjene i Eidanger[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre kyrkjer i tidlegare Eidanger kommune:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør Ramberg (1918).
  2. Namnet Eiðangr er nemnt i Heggstad 1963.
  3. http://www.grenland.fhs.no/
  4. Nettstaden til Eidanger IL.
  5. Jamfør artikkel om Eidanger kyrkje på nettsidene til Porsgrunn folkebibliotek.
  6. Jamfør artikkelen Eidanger kirke på bokmålswikipedia.
  7. Jamfør artikkelen Langangens historie på nettsidene til Porsgrunn folkebibliotek.
  8. Jamfør artikkelen Herøya kirke på bokmålswikipedia.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]