Eidet i Bømlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidet
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Gardnummer 26

Eidet er ein gard på Selsøyo i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Øya og garden høyrte tidlegare til Fitjar kommune. Garden ligg på vestsida av øya, på austsida av Brandasundet. Handelsplassen Brandasund ligg på andre sida av sundet.

Garden grensar til gardane Torgjo og Kvarven, som òg ligg på Selsøyo, i aust.

Garden var opphavleg husmannsplass under Brandasund i Føyen skipreide.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Garden har fått namn etter eidet han ligg på, som går tvers over Selsøyo.

Namnet har vorte skrive Eide, Eyde og i 1890 Eidet, som er namneforma som framleis er i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.