Brandasund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brandasund er ein gammal handelsstad på kysten mellom Haugesund og Bergen ved innseglinga til Selbjørnsfjorden. Handelsstaden ligg på Gisøyo lengst ute i Fitjarøyane. Etter at det kom brusamband til resten av Bømlo vart handelsstaden overført frå Fitjar kommune til Bømlo kommune. Her ute er det fleire gode fiskegrunner som Hökkelbåene i nord til Seiskallen og Videflua i sør. Brandasund Fiskeforedling AS held til her ute.

Den gamle handelsstaden Brandasund.

Handelsstad[endre | endre wikiteksten]

Brandasund har lang historie som handels- og gjestgjevarstad og var tidlegare eitt av fire handelsstader i Fitjar kommune. Det fekk kanskje namn etter handelsmannen Jacob Brandt som budde her rundt 1660, men staden vart kalla Gisøysund fram til tidleg på 1700-talet. Staden var ei kjend hamn for hansaskip på veg til Bergen, og på Sjøfartsmuseet i Bergen finst eit hollandsk kart frå 1624 som viser Brandasund. I den store sildeperioden på 1700- og 1800-talet blømde Brandasund opp som eit livskraftig sentrum. I 1860 fekk staden ein offentleg telegrafstasjon, og i 1897 vart det bygd ein hermetikkfabrikk. Fiskeprodukt herfrå var kjend for den særs gode kvaliteten. I dag er fabrikken serveringsstaden «Fabrikkloftet». Alt i 1917 fekk øya sitt eige elektrisitetsverk. Ei demning gav vasskraft nok til turbinen som dreiv maskinane på hermetikkfabrikken, og det var nok elektrisitet til å gje lys i alle hus.

Den tette busetnaden står i dag tilbake som minne om ei anna tid. Det er lunt nede ved gjestebrygga og i Landhandelen vert det seld daglegvarer, fiskeutstyr, diesel, bensin og båtutstyr. I det gamle naustet Ullverkstad og Steinsmie vert det seld produkt av ull frå villsau og andre kunsthandverk.

Vegen[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Skjeret mot Brandasund og Såto.

Vegen til Brandasund er ein attraksjon i seg sjølv, over hav og hei og bruer med storslått utsyn og fleire rasteplassar. Fylkesvegen går frå Svortland, kommunesenteret på Bømlo og nordover til Goddo. Frå Austvik går vegen vestover mot Katla, der ein òg kan vitje Katla skulemuseum på Skinnhueneset, og vidare nordover mot Brandasund.

Nillo på Skjeret[endre | endre wikiteksten]

Den legendariske Nillo - Pernille Waage (1898-1992) - heldt til i Landhandelen på Skjeret. Ho var kjend for den spesielle butikken sin og Nillo på Skjeret var ein institusjon i lokalsamfunnet. Nillo er borte, men butikken finst framleis og fungerer som eit levande museum. Butikken er open kvar sumar.

Såto[endre | endre wikiteksten]

Den kvite hatten på toppen av tyskerbunkeren på Såto.

Det går tursti til toppen av Såto, den høgaste toppen på Gisøya. Turen tar om lag 40 minutt tur/retur. Like ved toppen ligg ein bunker bygd av tyske soldatar under den andre verdskrigen. Såto var utkikkspost og signalstasjon òg under den første verdskrigen. Frå toppen er det storslått utsyn over havet, Slåtterøy fyr, Fitjarøyane og i nord Stolmen, Selbjørn, byfjella i Bergen, Rekstern og Tysnes, og i aust Siggjo.

Slåtterøy fyr[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slåtterøy fyrstasjon.

Slåtterøy fyr frå 1859 er eit 25 meter høgt støypejernstårn og har det kraftigaste fyrlyset i landet, som er mogeleg å sjå 18 nautiske mil frå land. Til fyrstasjonen høyrer eit maskinhus, bustadhus, to naust og det er steinlagte vegar mellom bygningane. Her står òg ein vêrstasjon. Fyret vart automatisert på 1980-talet og har stått utan bemanning sidan 2003. I 1999 vart stasjonen freda av Riksantikvaren.

Lagunen Slottet[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Bandøysund har gode høve for fiske, dykking og og kajakkpadling. Mellom dei mange holmane og skjera finst fleire lune viker og svaberg. Særleg populær er lagunen Slottet der vatnet vert varma opp. I det forrevne, slipte granittlandskapet finst store mengder skjelsand som er skylt opp av bølgjene mellom klippene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]