Eidfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidfjord
tettstad
P1000532Eidfjord.JPG
Eidfjord

Foto: G. Lanting

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Eidfjord
Areal 0,78 km²
Folketal 539 (2017)
Folketettleik 691 / km²
Postnummer 5783 EIDSFJORD
Innbyggjarnamn eidfjøre
Wikimedia Commons: Eidfjord (village)

Eidfjord er heradssenteret i Eidfjord kommune. Folketalet i tettstaden Eidfjord var på 597 innbyggjarar i 2008. Eidfjord ligg ved botnen av Eidfjorden, 70 km frå Odda og 50 km frå Voss. Elva Eio renn ut i fjorden ved Eidfjord. Riksveg 7 går gjennom staden. Om somrane går det også hurtigbåt mellom Eidfjord, Ulvik, Utne, Kinsarvik, Lofthus og Norheimsund. I Eidfjord ligg både Eidfjord kyrkje og Eidfjord gamle kyrkje. Ikkje langt frå sentrum, på Hereid-platået, ligg over 300 gravrøyser frå Vikingtida. Eidfjord satsar tungt på turisme, og får fleire cruiseskip på vitjing i turistsesongen. Det er difor laga til djupvasskai i tettstaden. I Eidfjord finn ein elles talrike hotell, pensjonat og campingplassar og souvenirbutikkar mynta på dei mange turistane som kjem hit. Her er også butikk, bensinstasjon, bank, lensmannskontor, kiosk, bilreparatørar, trelastvarehandel, treskjerarforretninga Trebua, og ljosstøyperiet Ljos og stakje. Tettstaden Eidfjord inneheld den einaste skulen i heradet, Lægreid Skule. Dette er ein barne- og ungdomsskule som samlar elevar frå heile heradet. Når elevane er ferdige med 10. klasse, er dei næraste vidaregåande skulane i Kvam, på Voss eller i Odda. Det ligg også aldersheim i Eidfjord; Bygdaheimen.