Kinsarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinsarvik
tettstad
Kinsarvik sett frå Kinsarvikbukti
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Areal 0,7 km²
Folketal 764  (2023)
Folketettleik 1 091 / km²
Postnummer 5780 KINSARVIK
Preposisjon i Kinsarvik
Kart
Kinsarvik
60°22′28″N 6°43′12″E / 60.374444444444°N 6.72°E / 60.374444444444; 6.72
Wikimedia Commons: Kinsarvik

Kinsarvik er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var staden kommunesenter i Ullensvang. Kinsarvik er også eit kyrkjesokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja, og det har tidlegare vore namnet på ein kommune.

Namnet «Kinsarvik» kjem frå elva Kinso, som renn ut i Hardangerfjorden i Kinsarvik. Kinso kjem av kinn, som tyder 'bratt fjellside'.

Geografi og fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

Ullensvang heradshus i Kinsarvik
Ferjekaia i Kinsarvik
Foto: Ed Fenton
Fabrikkutsalet til Hardangerbestikk
Riksveg 13 kryssar elva Kinso.

Tettstaden Kinsarvik ligg ved Hardangerfjorden, aust for innlaupet til Sørfjorden, om lag 40 kilometer nord for Odda sentrum. Kinsarvik ligg sentralt i indre Hardanger og har frå naturen si side alle vilkår til å verta ein samlingsstad. Fjordarmane møtest og når skip kom inn fjorden ville det vera naturleg å leggja til i Kinsarvik. Ein av dei lettaste vegane over Hardangervidda for dei som kom austfrå og skulle ned til fjorden gjekk ned i Kinsarvik.

I Kinsarvik finst bestikkprodusenten Hardanger Bestikk, ei avdeling av Statens Kartverk, Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak, ein go-kart-bane og campingplassen og leirskulen Hardangertun med tilhøyrande familiepark. Kinsarvik har 2 campingplassar til forutan Hardangertun, og Kinsarvik Fjord Hotel ligg òg her.

Av fasilitetar finn me vidare bibliotek, fleire matbutikkar og suvenirbutikkar, heilårsopen turistinformasjon og helikopterbase. Som heradssenter har Kinsarvik også heradshus, lensmannskontor og fleire kommunale tenester.

Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Ungdomsskulen samlar elevar frå heile austdelen av Ullensvang, heilt frå Ytre Bu ved grensa til Eidfjord kommune til Fresvik ved grensa til Odda kommune.

Ein populær turistveg i Kinsarvik går gjennom Husedalen, der ein kan passera fossane Tveitafossen, Nyastølsfossen, Nykkjesøyfossen og Søtefossen. Turen tek cirka 4-5 timar.

Frå Husedalen er det også mogleg å gå opp til Den Norske Turistforening si hytte på Stavali på Hardangervidda. Dette er ein dagstur.

Kaupangen i Kinsarvik[endre | endre wikiteksten]

Det heiter at Kinsarvik var ein kaupang og samlingsstad for Hardangerbygdene. Kaupangen skal ha vorte øydelagd av ein brann. Når det var gjort utgravingar på almerket framom kyrkja fann ein svært mange bruksgjenstandar frå mellomalderen mellom anna spikrar, ei klebersteinsause, messingnaglar, messigbeslag, delar av ei skålvekt og mykje keramikk. Under torva låg det og trekol og brende steinar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 13 går gjennom tettstaden nede ved fjorden. Frå Kinsarvik er det ferjesamband til Utne og Kvanndal. Før Vallaviktunnelen opna i 1985, og saman med ferjesambandet Bruravik-Brimnes tok over det meste av langvegstrafikken, var Kinsarvik-Utne-Kvanndal det viktigaste ferjesambandet for trafikk som skulle over Hardangerfjorden før eller etter turen over Hardangervidda (Riksveg 7).

Sommarstid går det snøggbåt mellom Norheimsund, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Eidfjord sentrum og Ulvik.

Kinsarvik kommune[endre | endre wikiteksten]

Kinsarvik har vore brukt som kommunenamn i to bolkar. I fyrste bolken famna Kinsarvik kommune det som i dag er Ullensvang herad og Odda kommune, med unntak av Røldal. Denne kommunen skifta i 1870 namn til Ullensvang. Andre bolken starta i 1913 då Ullensvang vart delt i tre kommunar, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. Grovt skissert omfatta Kinsarvik kommune då landet rundt Utnefjorden og det av landet på austsida av Folgefonnhalvøya som i dag høyrer til Ullensvang. Landet i kommunen låg altså på fire sider av Hardangerfjorden, der han deler seg opp i Granvinsfjorden, Eidfjorden og Sørfjorden. I 1964 vart Kinsarvik slege saman med Ullensvang att.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for gamle Kinsarvik kommune 1913-1964:

1.7.1913 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
1736 1717 1631 1775 1649 1611 1585

Kyrkjesoknet Kinsarvik[endre | endre wikiteksten]

Kinsarvik kyrkje frå midten av 1100-talet.
Foto: Roar Johansen

Kinsarvik er eit kyrkjesokn under Ullensvang fellesråd i Ullensvang prestegjeld i Hardanger og Voss prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Kinsarvik kyrkje, ei steinkyrkje bygd 1150–1160.[4]

Slektsnamnet Kinsarvik[endre | endre wikiteksten]

Kinsarvik har også vore nytta som slektsnamn, ein kjend berar er treskjeraren og møbelmakaren Lars Kinsarvik. I dag er det berre sju personar som ber slektsnamnet Kinsarvik i Noreg.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Kinsarvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. DIS-Hordaland om Kinsarvik kyrkje., arkivert frå originalen 19. november 2005, henta 22. august 2005 
  5. Søk i namnedatabasen til SSB