Eikesdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eikesdal kyrkje
kyrkje
Eikesdal kyrkje
Foto: C. Hill, 2012
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Molde domprosti
Sokn Eikesdal
Fellesråd Molde
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 3. oktober 1866
Takryttar Midt over skipet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar ca. 100
Kart
Eikesdal kyrkje
62°28′2″ N 8°11′26″ E
Wikimedia Commons: Eikesdal kyrkje

Eikesdal kyrkje, tidlegare Eikesdal kapell, er ei langkyrkje i Oppigard i Eikesdalen i Molde kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1866 og bygd i treverk. Ho har om lag 100 sitjeplassar.

Kyrkja fotografert i 1924.

Arkitekt for bygget var Jacob Wilhelm Nordan. Inventaret er frå byggeåret eller seinare.

Før dei fekk Eikesdal-kyrkja i 1866 sokna folk i området til Sira kyrkje.[1] To år seinare var nokre av dei same bygningsfolka med på bygging av Sira kyrkje.[2]

Eikesdal kyrkje er soknekyrkje i Eikesdal kyrkjesokn i Indre Romsdal prosti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Eikesdal kyrkje på nettstaden eikesdal.no, arkivert frå originalen 16. mars 2009, henta 23. mai 2009 
  2. Martinius Leirvoll, Guri Hestås Myrvang, Per Einar Strand, Helge Øverås (red., 1994) Sira kyrkje 125 år : 1869-1994 : eit festskrift – Eresfjord sokneråd, Eresfjord

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]