Hustad kyrkje i Fræna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°57′22″N 7°5′49″E

Hustad kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Molde domprosti
Sokn Hustad
Fellesråd Fræna
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk Tømring
Material Tre
Innvigd 1875
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar ca. 350

Hustad kyrkje er ei einskipa langkyrkjeHustad i Fræna kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1875 og bygd i treverk. Ho har kring 350 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan og ho er reist av byggmeister Jacob Digre.[1]

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Hustad kyrkje i Fræna is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Hustad kyrkje

Kyrkja som står no er den tredje kyrkja på Hustad. Den første var ei stavkyrkje som brann ned i 1718.[1] Om ho stod på same plassen som no veit ein ikkje. Soknet var utan kyrkje i 20 år før det fekk ny. Den nye kyrkja vart bygd i 1738 av tømmer, var raudmåla og hadde krossform. Denne kyrkja stod omtrent på same plassen som kyrkja i dag og vart riven for å gje plass til den nye.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hustad kirke. Kyrkja i Fræna / Den norske kyrkja. Vitja 26. mai 2015.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]