Eiksundbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°14′58″ N 5°53′47″ E

Eiksundbrua sett frå Eika.
Foto: T.Müller

Eiksundbrua ligg i Ulstein kommuneSunnmøre. Brua er ein del av Fylkesveg 653, og den er ein del av Eiksundsambandet som bind ytre søre Sunnmøre til fastlandet utan bruk av ferjer.

Eiksundbrua går frå Eiksund til den vesle øya Eika. Brua er 405 meter lang og 9,3 meter brei. Den har 5 spenn der det lengste er på 132 meter. Seglingsløpet under brua er 20 meter breitt og med ei maksimumshøgd på 16 meter.

Brua var ferdig i 2005, og blei opna for vanleg trafikk då Eiksundsambandet opna 23. februar 2008.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.